Her får Anne Karin (74) vaksinen som kan førebygge demens: – Var ikkje eit spørsmål

1 hour ago 2



– Du har ikkje sprøyteskrekk, eller noko sånt?

– Ingenting!

Anne Karin Mellingen drar ned ullgenseren og gjer seg klar for eitt stikk. Saman med mannen skal ho ta vaksine mot helveteseld på apoteket.

På få sekund er det gjort.

– Vi har fleire i familien som har tatt han. Det var ikkje noko spørsmål om vi skulle ta han eller ikkje. Vi berre bestemte oss, seier Mellingen.

Vaksine om helvetesild tas på apotek i Bergen.

Der var det gjort. Vaksinen mot helveteseld er sett. Og på kjøpet: Kanskje ein lågare risiko for å få demens?

Foto: Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

Fleire tar vaksinen

Dei er langt frå aleine.

Apoteka selde i fjor 87.161 vaksinar mot helveteseld.

I løpet av fjoråret blei salstala meir enn firedobla, viser tal frå Apotekforeningen.

– Det er veldig mange som kjem og vil ta vaksinen. Trykket begynte ei god stund før jul, seier apotekteknikar Mona Olsen i Apotek 1.

Ny studie: Kan førebygge demens

Helveteseld er ein smertefull virusinfeksjon.

Men det er truleg ikkje frykta for utslettet som har fått fleire til å oppsøke apotekhyllene det siste året.

Forskarar har funne ut at ein vaksine mot helveteseld reduserte sjansane for å få ein demensdiagnose med 20 prosent.

Studien som blei gjennomført i Wales over fleire år, blei publisert i tidsskriftet Nature i fjor.

Dette var også grunnen til at ekteparet ønskte å ta vaksinen.

– Eg har høyrt at han førebygger mot demens. Eg hadde ei farmor som hadde det, men eg veit jo ikkje om det arveleg eller ikkje, seier Mellingen.

Anne Karin og Anbjørn Mellingen

Anne Karin og Anbjørn Mellingen har tatt først dose med vaksinen mot helveteseld. Totalt kostar vaksinen rundt 5000 kroner.

Foto: Søker etter Gerd Johanne Vatne Braadland... / NRK

Overlege: – Enorm betydning

Seksjonsoverlege Ragnhild Eide Skogseth ved Haraldsplass diakonale sjukehus i Bergen kallar studien for «noko av det mest spennande» ho har lese.

– Om vi med eit så enkelt inngrep kan førebygge demens, så er det heilt fantastisk. Det vil ha enorm betydning. Det er utruleg viktig at vi finn ut om den faktisk fungerer mot demens.

Det er rundt 100.000 nordmenn som har demens i dag. Men det er venta at talet vil vere meir enn dobla i 2050.

– Dette er ei av dei største utfordringane vi som samfunn står overfor. Det er utruleg vanskeleg for dei som får sjukdommen. Og for familien rundt, seier Skogseth.

seksjonsoverlege
Ragnhild Eide Skogseth ved Haraldsplass sykehus i Bergen og Neuro-
SysMed senteret for klinisk behandlingsforskning.

Seksjonsoverlege Ragnhild Skogseth ved Haraldsplass sjukehus i Bergen vil finne ut om vaksinen mot helveteseld faktisk fungerer mot demens.

Foto: Sigurd Hamre / NRK

Demens er samtidig den dyraste sjukdommen i Noreg, fordi han krev mange sjukeheimsplassar, legg ho til.

– Vil du anbefale fleire å ta vaksinen mot helveteseld?

– Om du vil unngå å gå helveteseld, ja. Men det er ikkje sikkert at han verkar mot demens. Det kan vere andre årsaker til funne, forklarer ho.

Studien såg nemleg på effekten av å innføre vaksine mot helveteseld i befolkninga, for så å sjå på førekomsten av demens i etterkant.

Men personar som tar vaksinar er generelt ofte friskare og sunnare enn andre, og har dermed redusert risiko for demens, utdjupar ho.

Nå planlegg ho ein ny klinisk studie av stor skala her i Noreg.

– Det er mange eksempel på at samanhengar frå registerforsking ikkje stemmer når dei blir ordentleg undersøkte. Vi treng ein storskala utprøvingsstudie som kan avklare om vaksinen førebygger demens, seier Skogseth.

– Må tilbydast til alle

Vaksinen mot helveteseld som blir tilboden på den norske marknaden kostar rundt 5000 kroner. Den skal takast i to dosar.

Sjølv om salet aukar, er det samtidig ikkje mange som er vaksinerte mot helveteseld.

– Det er nok ein sosial skeivskap i kven som tar vaksinane. Viss vaksinen førebygger mot demens, må han tilbydast alle, er Skogseth.

Hei!

Tusen takk for at du leste saken! Tenker du på noe? Har du noe på hjertet som jeg burde skrive om? 

Jeg blir veldig glad for en e-post. 

Publisert 09.02.2026, kl. 16.26

Read Entire Article