Etter at rykta i helga gjekk om at Tom Cruises privatfly står på Vigra lufthamn, har fleire vore på utkikk etter Hollywood-stjerna i Noreg.
Tysdag kveld skriv blant anna Sunnmørsposten at Tom Cruise var på Hoven i Loen for å basehoppe.
– Han var her for to helger sidan og så har eg sett han hoppe i heile formiddag, seier ein lokal mann frå Loen til NRK.
Heilt sidan 28. april har folk observert Mission Impossible-stjerna på Vestlandet, men ingen har fått bilete av stjerna før no.
61-åringen blei observert med paraglider nedover Hoven-fjellet i Loen. Før han seinare blei teken bilete av i svarte kleder og kvite joggesko.
Cruise har vore på fleire Noregs-besøk dei siste åra.
Dei siste Mission Impossible-filmane har delvis blitt spelt inn i Noreg,
Den siste og sjuande i rekka, Dead Reckoning Part One, blei delvis filma i Møre og Romsdal der cruise hoppa frå eit fjell på motorsykkel.
Også den komande filmen, Dead Reckoning Part Two, er blitt spelt inn i Noreg. I fjor var Cruise og filmproduksjonen hans på Svalbard.
Filmen har premiere i juni 2025.
Publisert 07.05.2024, kl. 17.34 Oppdatert 07.05.2024, kl. 17.55