Her er Kjellaug (96) på jobb som frivillig

1 week ago 17



Den eldste i rommet på dagsenteret i Brattvåg er Kjellaug Bjørnevik Fjørtoft (96). Ho er på oppdrag som besøksvenn for Røde Kors og hjelper dei eldre med bingobrettet, serverer mat og ryddar opp.

– Eg synest det er veldig kjekt og så har eg noko å gjere på, ikkje minst, seier den spreke 96-åringen, som tidlegare har gått på alle fjelltoppane rundt om.

Ho bur i leilegheit ikkje langt unna, og gler seg alltid til onsdagar då ho skal hjelpe til.

Før ho drar har ho «meldeplikt» til dei tre døtrene sine på telefon, slik at dei veit at ho har det bra.

Kjellaug Bjørnevik Fjørtoft (96) er besøksvenn på dagsenteret ved Haram omsorgssenter i Brattvåg

Ein av aktivitetane ved dagsenteret er høgtlesing. Kjellaug Bjørnevik Fjørtoft les både dikt og lokale nyhende for dei frammøtte.

Foto: Sofie Gjervik / NRK

Finn dikt på Facebook

Fjørtoft er ein rutinert besøksvenn. Ho har jobba som frivillig sidan 1977, og har arrangert både trekkspelkonsertar, festar og utflukter for dei eldre. Det var meir hela i taket før, meiner 96-åringen, men framleis er ho glad for å bidra.

– Eg synest det er kjekt å arbeide. Du blir kjent med så mykje kjekke folk, seier ho.

Ein aktivitet som alltid er like populær er høgtlesing.

Sjølv brukar ho Facebook til å førebu seg til besøksdagen. Der finn ho fine dikt som ho skriv ned og tar med seg til dei andre.

Er det rart at du er eldst og likevel er den som hjelper dei andre?

– Der er nokon som er like gamal som yngste dottera mi, men det går fint det. Alle er så glade for at eg kjem. Når eg går seier dei at eg ikkje må slutte, seier 96-åringen.

Bingo på dagsenteret ved Haram omsorgssenter i Brattvåg. Kjellaug Fjørtoft er besøksvenn for Røde Kors

I dag er det bingo på dagsenteret.

Foto: Sofie Gjervik / NRK

Superstjerne

Røde Kors har 9800 besøksvennar, og rådgivar Oda Ulrikke Sandanger er imponert over 96-åringen på Sunnmøre og kallar ho ei superstjerne. Dei ser at frivilligheita er under endring hos yngre.

– Den type oppdrag som er fast ein gong i veka til same tidspunkt, er ei form for frivilligheit som har litt fallande popularitet, seier Sandanger.

Trenden er at folk heller spreier engasjementet sitt på fleire stader, i staden for å vere lojal til berre ein organisasjon. Det er saka som styrer kva ein vel å engasjere seg i.

– Heldigvis har vi også slike som Kjellaug som melder seg til faste oppdrag. I dei største byane ser vi også fleire unge studentar som melder seg som frivillige, seier Sandanger.

Kjellaug Fjørtoft saman med Margaret Pedersen på dagsenteret ved Haram omsorgssenter

Margaret Pedersen er ei av dei som set stor pris på at Kjellaug Bjørnevik Fjørtoft kjem på besøk.

Foto: Sofie Gjervik / NRK

Tar ein dag om gongen

Margaret Pedersen bur i leilegheit på omsorgssenteret og set stor pris på at Fjørtoft kjem kvar veke.

– Ho er verkeleg kjekk. Eit hyggeleg menneske, seier Pedersen.

Dei tilsette ved dagsenteret synest innsatsen Fjørtoft og dei andre frivillige gjer er uvurderleg.

– Arbeidet Kjellaug gjer er heilt fantastisk. Ho kjem hit og spreier glede. Ho gjer ein kjempejobb, seier Ingrid Mathisen, som er tenesteleiar ved Haram omsorgstenester.

Kommunen ynskjer seg fleire frivillige, både på sjukeheimane, men også ute i heimane til folk. Dei kan gå tur, lese bøker, prate eller halde folk med selskap.

Kjellaug tar ein dag om gongen og kan ikkje seie kor lenge ho skal vere besøksvenn.

– Det kan brått ta slutt i morgon det. Det er det ingen som veit.

Publisert 07.05.2024, kl. 22.13

Read Entire Article