Her bryt Robin (20) saman etter VM-sølv

1 month ago 30



– Det var ei «in your face-kjensle».

Det seier Robin Hemli Torgersen då han, nokre månader etter bragda, ser opptaket av seg sjølv ilag med NRK.

Videoen viser at lagkameraten Erik Nguyen Vo jublar og klemmer, men Robin sjølv knekk saman. Han står litt for seg sjølv, med det norske flagget rundt skuldrene. Tårene sprutar medan han kikar ned på VM-sølvet som heng rundt halsen.

Robin Hemli Torgersen og Erik Nguyen Vo har kjent kvarandre i mange år og blitt gode kompisar.

KOMPISAR: Robin Hemli Torgersen (til venstre) og Erik Nguyen Vo (til høgre) har kjent kvarandre i mange år og blitt gode kompisar.

Foto: Sunniva Linjord / NRK

I dag flirer dei når dei ser tilbake på episoden.

– Eg ser litt halvdum ut, men idrett er jo berre kjensler, seier Torgersen og ler.

Vegen VM-sølvet og samanbrotet på pallen tidlegare i år, har vore alt anna enn enkel.

Det var ikkje berre 15 år med knallhard trening han kjende på. Dei sju åra med mobbing kom også krypande i augneblinken.

– Det er vel då eg har kjend at eg har fått mest betalt. Og fekk vist at det gjekk, faktisk, seier han i dag.

I april opplevde altså Torgersen og Nguyen Vo å bli nest best i verda då dei tok VM-sølv i cheerleading i Orlando i USA.

Det skulle bli vendepunktet.

Robin og VM-sølv

STOLT: Robin er stolt over å representere Noreg i sporten.

Foto: Privat

«Jentesport»

«Jentesport», «homsesport» og «duskedamer».

Det er berre noko av glosene gutane har fått høyre.

– Vi har haldt på med dette i ganske mange år, så vi er på ein måte nesten litt vande med at det kjem noko drit frå både venstre og høgre, forklarar Robin.

– Det er ingenting gale i å vere homofil, men seksuell legning har ingenting med sporten å gjere. Det er ingen parallellar der, legg 20-åringen til.

I sommar tok dei EM-gull på heimebane saman med laget sitt Nedre Romerike Cheerleaders (NRC Tigers).

NRK møter dei to ferske europameistrane heime hos Erik i Lillestrøm.

Robin Hemli Torgersen og Erik Nguyen Vo

TRYGGLEIK: Robin og Erik fortel at cheerleading har i periodar betydd alt for dei.

Foto: Sunniva Linjord / NRK

– Eg har høyrt mykje negativt, men det verste for meg er at det blir sett på som ein «jentesport «eller «homsesport» og det duskegreiene. Det gjer at vi blir usikre i oss sjølve og på det vi gjer, seier Robin og legg til:

– Det er så mykje meir enn det, og ein har ei så stor misforståing for kva det er, at det blir helt feil å uttale seg om det. Det er det verste, for vi legg ned såpass mange timar med trening og innsats, og så er ein ikkje opplyst om kva det faktisk er, før ein uttaler seg.

På det verste var det ekstremt tungt for 20-åringen, då ha vart mobba for interessene sine.

– Det å gå til skulen var utrygt. Det å vere på skulen var utrygt. Det å gå heim var utrygt. Alt i kvardagen blei utrygt.

– Eg følte meg dum då eg kom på trening, fordi eg hadde fått beskjed om at det eg dreiv med, var tull. Det blei veldig belastande.

Robin Hemli Torgersen og tvillingbroren.

TVILLINGBROR: Robin og tvillingbroren Ole-André har gått på cheerleading saman sidan dei var seks år gamle.

Foto: Privat

Lagkamerat Erik har ikkje opplevd belastninga på same måte, men han har også fått merke at sporten er langt frå akseptert av alle. Seinast i år fekk han vite at han sjølv hadde blitt baksnakka på grunn av val av idrett.

– Eg blei litt sjokka. Det var litt rart å høyre. Det var ikkje noko eg forventa i det hele teke.

Erik gjer seg klar til å vise alle meritta han har jobba for.

Erik gjer seg klar til å vise alle meritta han har jobba for.

Erik har oppbevart alle medaljane sine i ei skoøskje i kjellaren.

Han har oppbevart alle medaljane sine i ei skoøskje i kjellaren.

Her viser dei fram nokre av dei spesielt store bragdene.

Her ligg nokre av dei spesielt store bragdene.

Dei ferske europameistrane fortel at det er vanskeleg å sjå inn frå utsida, spesielt når ein ikkje har særleg kunnskap om idretten.

– Når eg fortel andre at eg driv med cheerleading, så ser eg kva dei tenker. Eg forventar ein reaksjon allereie før eg har svart, fortel Nguyen Vo.

21-åringen innrømmer at han hadde fordommar før han sjølv blei introdusert for sporten.

Blei lurt med

Erik planla aldri å starte med cheerleading. Som unggut gjekk fritida til breikdans, rullebrett og mykje trampolinehopping med kompisar.

Han var ein «skikkeleg kul gut», ifølgje han sjølv på den tida.

Erik viser musklar

OVERRASKA: Erik fortel at folk ofte blir overraska når han seier kva sport han held på med.

Foto: Privat

Då han var 12 år gammal fekk han spørsmål om han kunne tenke seg å starte med cheerleading.

– Med ein gong eg høyrde ordet «cheerleading», så tenkte eg: «Nei. Det skjer ikkje».

Han hadde sett ein del på amerikanske filmar. Cheerleading var duskehopping og dansing. Slikt skulle ikkje menn halde på med.

Nokre månader seinare spurde ein kompis om han kunne tenke seg å bli med på turnuttak. Det synest Erik verka kult, så han møtte opp.

Eit av dei første åra til Erik med cheerleading.
Erik åtte år seinare.

Biletet til venstre viser Erik på det året åttande med cheerleading. Biletet til høgre viser eit av dei første åra hans i idretten.

Privat/ NRK

Plutseleg skulle han løfte ei jente. Då gjekk det opp for han kva som eigentleg var på gong. Han var blitt «lurt».

– «Hæ? Er det kødd? Her skal eg ikkje vere». Eg hugsar veldig godt at eg vurderte å gå ut døra, fortel Erik.

Det var hans tur til å løfte ei jente, og kasta henne opp til brysthøgd.

– Eg var seld. Det berre lyste opp eit eller anna i meg.

Åtte år har gått sidan det.

– Det er vanskeleg å sjå inn frå utsida. Eg følte eg ikkje høyrde til. I mitt hovud var eg skikkeleg maskulin, og så følte eg at dei rundt meg var det motsette.

– No i dag hadde eg slått til meg sjølv og sagt at eg var ekstrem dum som ikkje tenkte lengre, seier 21-åringen.

– Ordentleg «guttastemning»

Det var først etter VM-suksessen at begge opplevde eit tydeleg skilje.

– Folk som lenge hadde slengt kommentarar, kom bort og sa «bra jobba», og at dei hadde misforstått. Eg fekk aksept og folk sa unnskyld. Det var ei ekstremt god kjensle å få, seier Torgersen og legg til:

– Eg blei enda tryggare på meg sjølv, og idretten. Berre ein står lenge nok i det, så ordnar det seg til slutt.

Endeleg fekk han betalt for jobben.

Robin på cheerleading

OPE MILJØ: Robin beskriv miljøet som ein trygg stad å vere, der ein kan vere seg sjølv.

Foto: Privat

Sjølv om Torgersen og Nguyen Vo ikkje har let seg knekke, har dei opplevd at andre har slutta fordi dei ikkje orka «dritkommentarane» lenger.

– Eg synest det er ille at ein ikkje berre kan la folk vere i fred, og la dei drive med det dei vil. Den stygge utviklinga er at ein behandlar andre dårleg generelt, og i alle fall viss det berre er fordi ein driv med noko som er annleis, forklarer Torgersen.

Begge er redde for at slike fordommar resultere i lite vekst i idretten, og i verste fall utrydde den fordi den er så liten.

– Det vi er mest redde for, er at når vi er vaksne og skal ta med barna våre på cheerkonkurranse og sjå på det gamle laget vi gjekk på, så er det ikkje der lenger. Ein er avhengig av å ha menn for å få det til å gå rundt. Viss ikkje blir det berre duskar, seier Vo.

Høge kast og tunge løft. Bygging av pyramidar. Utfordring av tyngdekrafta.

EM 2024: Videoen viser eit utdrag frå EM i Sandefjord. Her er Robin i fokus med sine arbeidsoppgåver.

– Vi får jo dei fleste til å miste haka. Det er mykje tøff bruk av folk. Det er «machokultur» og ordentleg «guttastemning», seier Torgersen.

– Vi vil jo berre at folk skal skjønne kva vi held på med, legg Nguyen Vo til.

Torgersen har ei tydeleg oppfordring til alle som kjenner seg att i hans historie:

– Hald fram med det du gjer og likar. Dersom ein oppnår noko positivt og blir glad av det ein held på med, så er det same kva andre meiner. Til slutt så endar du opp som eit betre menneske enn dei som slenger drit.

I did it-stativ

I DID IT: På medaljestativet til Robin står det "I did it".

EM-medaljen

GULL: Her viser han fram det ferskaste metallet i samlinga.

Medaljar Robin

GLADE: Robin viser fram samlinga si av medaljar, og Erik viser fram to meisterskapsringar.

Meisterskapsringane til Erik

RINGAR: Erik har ringar frå to ulike meisterskap som han brukar til pynt.

Publisert 29.07.2024, kl. 13.58

Read Entire Article