Her blir NRK lurt av amerikansk komikar

1 month ago 22



Like etter at det blei kjent at USAs tidlegare president Donald Trump blei funnen skuldig i å ha juksa med dokument i samband med ei betaling til pornoskodespelaren Stormy Daniels, blei Trump-tilhengaren Jake Byrd intervjua av fleire medium.

NRK er blant dei som har sendt eit intervju med den gråtkvelte mannen som gjekk rundt med plakatar og t-skjorter med oppmoding om å sette fri Trump i New York torsdag.

– Han har aldri gjort noko kriminelt. Han har aldri fortalt ei løgn, sa han på direktesendinga til nyheitsbyrået Reuters.

Problemet var at mannen eigentleg er den amerikanske komikaren Tony Barbieri som er sendt ut i gatene i New York av talkshowet Jimmie Kimmel Live for å spele Trump-tilhengaren Jake Byrd.

Tony Barbieri som Jake Byrd under republikanernes årsmøte i 2016.

Tony Barbieri som Jake Byrd under det republikanske landsmøtet i 2016.

Foto: John Locher / AP/NTB

– Beklageleg

NRKs utanriksredaktør Sigurd Falkenberg Mikkelsen beklagar at innslaget blei publisert av NRK.

– Intervjuet blei spelt over til NRK via live-overføringa til Reuters frå New York etter at avgjerda var klar. Det blei plukka opp og brukt i ein video på nrk.no. Vi veit at det er folk som bevisst prøver å lure media. Her lukkast dei. Det beklagar vi.

Han seier dette er ei viktig påminning om å vere merksame og skjerpa i slike situasjonar.

Sigurd Falkenberg Mikkelsen i direktestudio utenfor NATO-møte i Oslo Rådhus

NRKs utanriksredaktør Sigurd Falkenberg Mikkelsen.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Vi skal alltid vere kjeldekritiske og i størst mogeleg grad kvalitetssikre informasjonen vi får inn, også frå internasjonalt kjende nyheitsbyrå.

Mikkelsen seier dette var ei sak han gjerne skulle vore ugjord.

– Det er ein viss komikk, og det var eit stunt som ikkje ramma enkeltpersonar. Men vi skulle sjølvsagt ønskt at vi unngjekk dette.

I innslaget som blei laga for showet, viser at det er fleire som blir lurte av mannen.

Både amerikanske nyheitskanalar som NBC News, CBS News og fleire utanlandske medium viste stuntet og intervjua han som rasande Trump-tilhengarar.

Lurte New York Times to gongar

Barbieri har blant anna vore stemmeskodespelar og manusforfattar i ei rekke amerikanske TV-show og skrive for humorbladet Mad. I 2003 blei han manusforfattar for Kimmel, og året etter dukka han opp på skjermen som Jake Byrd.

Byrd har blitt brukt til å lage satire rundt mediemerksemda kjendissaker får, som under rettssaka mot Michael Jackson i 2005. Då blei han intervjua av New York Times som ein verkeleg person. Fem dagar etterpå gjekk Barbieri ut og sa at han hadde spelt ein figur, og avisa måtte beklage.

Jake Byrd som Michael Jackson-fan i 2005.

Jake Byrd jubla for kamera då Michael Jackson blei frikjent for seksuelle overgrep i 2005

Foto: Win McNamee / Getty Images/AFP/NTB

Men to år etterpå intervjua New York Times Byrd på nytt i samband med O.J. Simpson stod tiltalt etter eit innbrot på eit hotell i Las Vegas.

Sidan 2015 har Barbieri som Jake Byrd også dukka opp på ulike valarrangement og folkemøte som ein karikert republikansk veljar, ofte som ihuga Trump-supporter.

NRK har prøvd å kome i kontakt med redaksjonen til Jimmie Kimmel, men har førebels ikkje fått svar.

Publisert 31.05.2024, kl. 11.44 Oppdatert 31.05.2024, kl. 11.50

Read Entire Article