Her blir Mikhail Mikusjin tatt imot av Russiske FSB

1 month ago 25



Torsdag kom det fram at fleire vestlege land har inngått ei historisk fangeutveksling med Russland.

16 menneskerettsaktivistar og journalistar blir bytta mot åtte russarar, kunne utanriksminister Espen Barth Eide kunngjere.

Blant desse er Mikhail Mikusjin, som er sikta for grov etterretningsverksemd mot statsløyndommar i Noreg.

Ein amerikansk journalist, russisk opposisjonelle, ein drapsmann og fleire russiske spionar er blant dei som blir bytta.

Bytehandelen er koordinert av den tyrkiske tryggingstenesta (MIT).

Statleg russisk TV viser i kveld bilder av president Vladimir Putin som takkar og gratulerer åtte russiske statsborgarar i det dei landar i Russland.

Det kvite hus har publisert eit bilde av r Evan Gershkovich, Alsu Kurmasheva og Paul Whelan ombord på eit fly etter at dei ble løslatt fra russisk fangenskap.

Dette bildet publisert av Det hvite hus viser Evan Gershkovich, venstre, Alsu Kurmasheva, høyre, og Paul Whelan, nest fra høyre, og andre ombord på et fly, torsdag 1. august 2024, etter at de ble løslatt fra russisk fangenskap.

Dette bildet publisert av Det hvite hus viser Evan Gershkovich, venstre, Alsu Kurmasheva, høyre, og Paul Whelan, nest fra høyre, og andre ombord på et fly, torsdag 1. august 2024, etter at de ble løslatt fra russisk fangenskap.

Foto: Det kvite hus / AP

FSB publiserte tidlegare fleire bilder av dei vestlege fangane frå då dei vart eskorterte til eit fly før fangeutvekslinga:

Russia US Prisoner Swap

Paul Whelan på veg heim til USA etter seks år i russisk fengsel

Foto: FSB / AP

EDSPIzVNOio

Tyske Rico Krieger blir eskortert av ein FSB-agentar før han går om bord på eit fly under ei fangeutveksling mellom Russland og vestlege land

Foto: FSB / Reuters

Wall Street Journal-reporter Evan Gershkovich sitter inne i et fly på en flyplass utenfor Moskva.

Wall Street Journal-reporter Evan Gershkovich i eit fly på en flyplass utenfor Moskva i kveld.

Foto: FSB / AP

Publisert 01.08.2024, kl. 21.40 Oppdatert 01.08.2024, kl. 22.00

Read Entire Article