Her blir albanarane spana på – timar seinare var 150 kg kokain i land

1 week ago 8



Dømde på ny i Husnes-saka

No er tre menn og ei kvinne dømde til totalt 56 år i fengsel i lagmannsretten. Kvinna får nesten tredobla straffa.

 Politiet
TATT PÅ FERSKEN: Tre av dei seks albanarane medan dei blir spana på av politiet. Seinare vart dei arresterte etter å ha løfta 150 kilo kokain i land Foto: Politiet

Publisert 26.03.2025 16:51 Sist oppdatert 3 minutter siden

Våren 2023 vart seks albanarar tatt på fersken i fjæra på Husnes i Sunnhordland.

Då hadde dei samarbeida om å hale i land heile 150 kilo kokain. Saka vekte stor merksemd på grunn av måten kokainet vart smugla til Noreg på.

For første gong vart «parasittsmugling»-metoden avdekt i Norge. Kokainet var festa til undersida av eit lasteskip som kom direkte frå Brasil.

Då skipet var framme på Husnes, tok ein dykkar seg fram til lasteskipet, skar laus kokainbaggane og svømte i land ved hjelp av undervass-scooterar.

– Militær presisjon

To år seinare er fleire kapittel lukka i den omfattande saka. 

Ein av dei seks albanarane døydde i fengsel før saka kom for tingretten. Resten vart dømde til fengselsstraffar på opptil 15 år. Ein av dei aksepterte dommen.

Men fire anka og har denne våren møtt i Gulating lagmannsrett for å få behandla sakene på nytt.

Der ba konstituert statsadvokat Asbjørn Onarheim om 16 års fengsel for alle fire.

Hadde «Gaddafi», «Illyrian» og «Interisti» i ryggen under kokain-aksjon: – Profesjonelt

– Dette er ikkje historia om handverkaren som blei lurt eller dykkaren som skulle på skipsinspeksjon. Dei er alle ein del av eit hentelag med dedikerte roller, som utførte ein aksjon med nærast militær presisjon, sa Onarheim.

Dømde på ny

Onsdag 26.mars er altså Gulating lagmannsrett klar med sin dom i ankesaka:

Mann (47) - dykka etter kokainet: Dømd til 15 års fengsel

Kvinne (34) - sjåfør, innkjøp, tolk: Dømd til 13,5 års fengsel

Mann (28) - bar kokainet i land: Dømd til 13,5 års fengsel

Mann (26) - køyrde vekk med kokainet i bilen: Dømd til 14 års fengsel

Alle er altså dømde for grov narkotikaovertredelse, samt for å ha vore ein del av organisert kriminelt nettverk. Sistnemnde gjeld brot på den sokalla «mafiaparagrafen», og gjer at straffa blir skjerpa.

– I vår sak er ingen av dei tiltalte bakmenn i ein kriminell organisasjonen, men dei står heller ikkje fram som å ha hatt perifere roller. Felles for dei tiltalte er at dei hadde dedikerte roller i ein profesjonell og omfattande operasjon, skriv lagmannsretten, og legg til:

– Det er skjerpande at dei kom til Norge med formål å utøva kriminalitet og med reine profittmotiv.

TV 2 har tidlegare intervjua den 28 år gamle albanaren som bar kokainet i land. Hans forklaring er at han var blitt lurt til Norge.

Nesten tre gonger strengare straff

Den største forskjellen frå tingrettsdommen er dommen mot den no 34 år gamle kvinna. I tingretten vart ho dømd til fire år og 10 månadar fengsel.

No har lagmannsretten nesten tredobla straffa mot henne.

– Lagmannsretten deler ikkje tingretten si vurdering om at ho kun var dykkaren sin ledsagar, skriv dei.

Dei viser til at kvinna hadde kunnskap om dykking og dykkarutstyr og meiner ho var med å kvalitetssikre utstyr innkjøpt i Bergen før narko-dykket. I tillegg viser lagmannsretten til at ho fungerte som tolk ved hotellinnsjekk og leige av bil, og betalte for leige av husvêre i Kvinnherad.

Under sjølve operasjonen hjalp ho til med å klargjere dykkarutstyret og heldt så vakt, skriv lagmannsretten.

Dette er dei tiltalte i Husnes-saka

Mann (47): Dykkaren

Nektar straffskuld - dømd til 15 års fengsel i tingretten

Skal ha henta stoffet under sjølinja på lasteskipet «Nordloire». Førte det i land ca 1 km nord for kaien ved hjelp av undervass-scooter, ifølge tiltalen. Vart arrestert nokre kilometer lenger nord igjen. Då hadde han på seg eit klesplagg som er vanleg å ha under tørrdrakta, var utan sko og bilen var full i dykkarutstyr. Forsvarar: Ole Petter Drevland.

Kvinne (34): Sjåfør, innkjøp og tolk

Nektar straffskuld - dømd til 4 år og 10 månadar fengsel i tingretten

Skal ha vore med på å planlegge aksjonen, kjøpt dykkarutstyr i Bergen og fungert som tolk. Skal også ha handtert dykkarutstyret før dykket og køyrd den 46 år gamle dykkaren i bil til og frå staden der stoffet vart henta opp. Arrestert saman med 46-åringen, ho køyrde bilen. Forsvarar: Fredrik Schøne Brodwall.

Mann (26): Sjåfør for narkotikaen

Erkjenner delvis straffskuld - dømd til 13 år og seks månadar fengsel i tingretten.

Skal ha vore med på planlegging av aksjonen og ved å ta imot stoffet i vasskanten. Så skal han ha lagt det i bilen som han køyrde aleine. Også arrestert saman med dei to andre over. Har sagt at han trudde han skulle hente hasj. Var den første som vart pågripen. Forsvarar: Sara Ler Christensen.

Mann (28): Frakt av utstyr

Nektar straffskuld - dømd til 13 år og seks månadar fengsel i tingretten.

Skal ha frakta dykkarutstyr i bil frå Gardermoen til Husnes. Også tiltalt for planlegging og for å ha teke imot kokainet i vasskanten. Vart arrestert ved eit naust ca 1 km nord for kaien der «Nordloire» låg. Forsvarar: Kai Inge Gavle

Mann (30): Frakt av utstyr

Erkjenner straffskuld - dømd til 10 år og fire månadar fengsel og har akseptert dommen.

Tiltalt for det same som mannen over. Skal ha frakta dykkarutstyr i bil frå Gardermoen til Husnes. Også tiltalt for planlegging og for å ha teke imot kokainet i vasskanten. Vart arrestert saman med 27-åringen ved naustet ca 1 km nord for kaien der «Nordloire» låg. Forsvarar: Alexander Gonzalo Sele.

Dei to siste mennene vart arrestert saman med ein sjette sikta person i saka. Vedkommande køyrde også bil og skulle ifølge TV 2 sine opplysingar plukke opp 27-åringen og 30-åringen ved naustet etter at stoffet var kome i land. Mannen døydde i fengsel i fjor og saken mot han er difor lagt vekk.

Read Entire Article