Ein ny rapport frå Helsedirektoratet viser at kosthaldet vårt er langt unna det som er anbefalt.
Vi et blant anna mindre fisk og sjømat enn tidlegare, mindre grønsaker og mindre korn og grovt brød. Samtidig et vi meir metta feitt.
Med andre ord et vi mindre av dei matvarene som er anbefalt i dei nasjonale kostråda.
– Helsedirektoratets mål er at vi må ete meir fullkorn, meir grønt og meir fisk. Utviklinga over tid viser det motsette.
Det seier divisjonsdirektør folkehelse og førebygging i Helsedirektoratet Linda Granlund.
Men kvifor er det slik?
Samanheng med pris
Lærarstudent Theodor Mentzoni (24) meiner prisen har ein del å seie for kva matvarer han vel i butikken. Det hender han vel vekk det sunnaste, dersom det kostar dobbelt så mykje som alternativet, seier han.
– Konkret er jo fisk veldig dyrt då. Så det sit litt inne å kjøpe det. Då skal du unne deg sjølv det, seier han.
Han får støtte av jusstudent Louise Høivik Feiring (27) som meiner prisen kan gjere det vanskeleg å følge kosthaldsråda.
– Årsaka er sjølvsagt blant anna at det er dyrt, og mangel på kunnskap om kva som er sunt, seier ho.
Blant matvaregruppene med størst prisauke dei siste åra finn ein blant anna fisk og sjømat, viser tal frå SSB. Også grønsaker har auka i pris.
Samtidig har kjøtt og sukker ein lågare auke i pris.
Varegruppene sukker, syltetøy, honning, sjokolade og sukkervarer og mineralvatn, leskedrikkar og juice hadde den lågaste auken i konsumprisindeksen frå 2015 til 2023, viser rapporten frå Helsedirektoratet.
– Vi veit godt at pris og tilgjengelegheit er dei viktigaste drivarane når folk handlar. Om den maten som er bra for helsa hadde vore det rimelegaste valet, hadde vi komme ein lang veg, seier Granlund i Helsedirektoratet.
– Smak og pris er framleis dei to faktorane forbrukarane legg mest vekt på når dei handlar matvarer.
Påverkar matprisen kosthaldet ditt?
Det trengst tiltak
Utviklinga i norsk kosthald er Helsedirektoratets årlege statusrapport over forbruket av matvarer i Noreg. I rapporten uttrykker dei bekymring for det norske kosthaldet.
– Det er heilt openbert at det må nye tiltak til på samfunnsnivå for å snu skuta, seier Granlund i Helsedirektoratet til NRK.
Sjølv om forbruk av raudt kjøtt har gått ned, har forbruket av kvitt kjøtt omtrent dobla seg dei siste tjue åra, men halde seg stabilt sidan 2019.
Helsedirektoratets kostråd anbefalar derimot å heller velje fisk og sjømat, bønner og linser oftare enn raudt kjøtt.
Samla sett går utvikla i feil retning og det kan få konsekvensar for helsa til befolkninga.
– Eit usunt kosthald er ein av de viktigaste årsakene til hjarte- og karsjukdom, kreft og diabetes type 2, som er dei sjukdomane som tar flest liv og gode leveår, seier Granlund.
Ho legg til:
– Nye tiltak må ta omsyn til folks lommebok.
På spørsmål om kva styresmaktene kan gjera for å gjera det enklare for folk flest å eta sunt, er svaret frå jusstudent Louise klart:
– Sette ned prisane! Og auke bevisstheita rundt kunnskapen om kva som er sunt.
Publisert 05.12.2024, kl. 08.59