– Held ein knapp på generalen

2 hours ago 3



Korleis skal me forstå den nye, urolege verdssituasjonen? Og kva må gjerast? To nye bøker prøver å gi svar.

President Donald Trump er sentral i begge dei to bøkene. Foto: Jacquelyn Martin / AP / NTB

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

Odd Arne Westad: Når stormen kommer. Stormaktskrig og historiens advarsler. 200 sider. Cappelen Damm Akademisk

 4 out of 6

Sverre Diesen: Vestens skjebnetid. Kan Europa forsvares uten USA? 212 sider. Gyldendal

 5 out of 6

Lever me i ei førkrigstid? Er det ein reell fare for ein ny stormaktskrig, verre enn dei to verdskrigane på 1900-talet?

Mange kjenner på eit nytt alvor, og at verda har gått av hengslene. Ikkje berre rasar det verkelege krigar – i Ukraina, i Midtausten og i Sudan. Men minst like skremmande er det at verdsordenen me har levd med i etterkrigstida ser ut til å gå i oppløysing. USA har fått ein irrasjonell og diktatorisk president, autoritære statar styrkjer seg, demokrati og diplomati er på vikande front, og me blir forvirra av raske forandringar og overveldande, ofte falsk informasjon.

To bøker, begge lettlesne og prisverdig korte, prøver å forklara den nye verdssituasjonen.

1. verdskrig om igjen?

Odd Arne Westad, professor i historie og internasjonale forhold ved det amerikanske Yale-universitetet, grip tilbake til historia – nærmare bestemt til 1914 og forspelet til 1. verdskrig. Då let statsleiarane seg fanga inn i ein konflikt som gjorde slutt på hundre års fred i Europa, med fryktelege resultat. Slaget ved Somme sommaren 1916 kosta aleine fleire liv enn alle stormaktskrigane mellom 1815 og 1914.

Westad samanliknar systematisk verdssituasjonen i 1914 med vår tid. Det er eit både spennande og skremmande, men også forførande grep. Likskapar finst sjølvsagt. Dagens Kina er, som Tyskland i 1914, ei raskt veksande makt som krev ein plass i sola og utfordrar eksisterande hegemonimakter: Storbritannia i 1914 og USA i dag.

Men Westad dreg samanlikningane for langt og endar opp i det sære, som for eksempel når han skriv at dagens India tilsvarer Frankrike i 1914. Det er ein gammal historikarregel at kvar historisk situasjon er unik.

Storkrigen kan koma

Når det er sagt, leverer forfattaren ein grei gjennomgang av dagens situasjon, ved å ta for seg dei sentrale aktørane ein for ein. Karakteristikkane er ofte treffande, som at USA vil «bli respektert som den fremste av alle stater, mens de samtidig vil gjøre mindre og mindre for å forsvare denne posisjonen». Andre stader blir poenga søkte, som når han samanliknar Trumps utskjelling av Zelenskyj med Gorbatsjovs kritikk av reformvegrande austeuropeiske kommunistar i 1989.

Ei bok med tittelen «Når stormen kommer» er naturlegvis ikkje skriven for å dyssa folk i søvn. Westad skriv rett ut at me må kvitta oss med tanken på at ein stormaktskrig er usannsynleg. Verda er meir komplisert enn før, og politikarane har kortare tid å områ seg på. Og konfliktområda som kan utløysa ein storkrig er mange: Taiwan, Korea, Søraust-Asia, Himalaya, Ukraina, Baltikum, Kaukasus – og sjølvsagt Midtausten.

Kva må gjerast? Truverdig militær avskrekking er nødvendig, meiner Westad, og det er jo dei fleste i full gang med for tida. Men parallelt må FN og andre internasjonale institusjonar gjenopplivast som forum for samtale og diplomati mellom stormaktene. Verda går uansett i multipolar retning med fleire maktsentrum, og ei fredeleg ny verdsordning kan ikkje baserast på at «makt er rett», skriv Westad som avslutning på ei bok som ikkje akkurat skaper tru på at det er lett å få til.

Militær stil

Tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen er heller ingen overstadig optimist. Men boka hans er skriven i ein annleis stil – «militær» i positiv forstand, kortfatta, klar og konsis. Samtidig kan Diesen vera nådelaust frittalande i sine karakteristikkar, ikkje minst av den amerikanske presidenten. Trumps handtering av Ukraina-spørsmålet «fremstår som en politisk teaterforestilling iscenesatt av presidenten selv, for å tjene hans personlige agenda og interesser». Og for kinesiske leiarar med ambisjonar om global paritet med USA «må det fremstå som et mirakel at Trump gjør halve jobben for dem med sin rasering av USAs globale posisjon og rolle».

Foto: GNF

Som kjent er det av barn, fulle folk og avgåtte maktpersonar ein skal høyra sanninga.

Også Diesen tek for seg verdssituasjonen stormakt for stormakt, men ikkje uventa med større vekt på det militære perspektivet enn Westad. Særleg interessant er gjennomgangen av det nye nordiske forsvarssamarbeidet etter at Sverige og Finland kom med i Nato. Diesen ser mykje positivt med det, men minner om at det er eit strategisk problem å forsvara store land- og havområde med små befolkningar, og at dei nordiske landa har ulike tryggingspolitiske orienteringar: Sverige og Finland mot Austersjø-området, Norge mot Atlanterhavet.

Europa i sentrum

Medan Europa spelar ei nokså underordna rolle i Westads bok, er behovet for ein europeisk «grand strategy» sjølve hovudbodskapen hos Diesen. Oppsummert er oppskrifta hans slik: Europa må samla seg, USA må lokkast tilbake i det gode demokratiske selskap, India må få ein plass ved bordet, Kina må møtast fast, men klokt, medan Russland berre forstår styrke. Ja, Diesen slår til lyd for å gå «strategisk på offensiven», ved å bruka alle informasjonskanalar for å visa det russiske folket at gjennomkorrupte russiske leiarar «holder sin egen befolkning nede i uvitenhet og relativ fattigdom for å sikre sin egen maktstilling og rikdom».

Tja. Her kan nok Diesen ha overdrivne oppfatningar om både russisk evne og vilje til opprør og kva demokratiske land kan og bør gjera av koordinert propagandakrigføring. Og når det gjeld politikartillit, har fleire europeiske land for tida nok å stri med på heimebane. Likevel, som vegvisar i eit uoversiktleg landskap held eg ein knapp på generalen.

Publisert:

Publisert: 1. juli 2026 16:31

Read Entire Article