DEBATT: Dei borgarlege partia i byen har starta den store haustjakta på lærarar, sjukepleiarar og andre utgiftspostar på kommunebudsjettet. Nå skal det bli slutt på sløsinga.
Jan Ole Rød
Stavanger Arbeiderparti
Publisert: Publisert:
For mindre enn 30 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Heldigvis skal dei innsparte pengane gå til folk som har greie på pengar, og som i motsetnad til lærarane og sjukepleiarane, skaper verdiar.
Med FrP i førarsetet skal det nå bli slutt på sløsinga med skattepengane våre. Både på skulane og sjukeheimane i byen er det for mange tilsette. Ja, så mykje «daudkjøtt» er det her at Leif Arne Moi Nilsen, FrP, kan kalla det «eit piss i havet» når skulebudsjetta skal kuttast med mange millionar og fleire stillingar. Skulane våre har under vanstyret til Kari Nessa Nordtun fått lov til å tilsetja altfor mange lærarar og miljøterapeutar. Nå skal sløsinga stoppast.
Det same skal skje i eldreomsorga. I skrivande stund er det uvisst om kutta vil komma i form av nedlegging av sjukeheimar eller «flate kutt». Poenget er uansett at det blir sløst vanvitig med pengane i eldreomsorga. Det er for mange sjukeheimsplassar og for mange tilsette til å ta seg av dei gamle. Fleirtalspartia i Stavanger vil nå endeleg ta fatt i sløsinga også i eldreomsorga.
Gir til dei som kan pengar
Kommunen har tidlegare sløst bort småpengar på støtte til idrettslaga, speidaren, Røde Kors, og mange andre organisasjonar som burde ha klart seg utan støtte. Det er snakk om småpengar her, men sløsinga må bort. Folk som sparkar fotball, må stå på eigne bein.
Det geniale med kampen mot sløseriet i Stavanger kommune er at pengane skal overførast til folk som ikkje sløser bort pengane på tøys og tull. Under overskrifta: «Mangemillionærer sparer flest tusenlappar på FrPs valgløfte», skriv Aftenbladet 7. november om kven som tener mest på at eigedomsskatten blir borte. På bildet i avisa smiler Kristoffer Sivertsen og Leif Arne Moi Nilsen, begge FrP, breitt og hjarteleg.
Dei gler seg over at dei folka i byen som har best greie på pengar og som skaper verdiar, nå kan sjå fram til ein samla skattelette på om lag 700 millionar kroner dei neste fire åra. Gode folk som Ole Ertvaag, Ola Soppeland, Halvor Øgreid og Peter T. Smedvig får ein årleg skattelette på om lag 25.000 kroner kvar når eigedomsskatten blir borte.
Amerika i steinrøysa
Dette er folk som er nøysame og nøkterne. Dei bur enkelt og billeg. Om dei har hytte, er det eit enkelt lite krypinn. Dei sløser ikkje og har derfor ein del pengar frå før. Ein av dei har ei formue på 16 milliardar kroner. Det seier seg sjølv at det er klokare å gi pengar til slike folk enn å sløsa bort offentlege pengar på lærarar, sjukepleiarar og andre som ikkje skaper verdiar.
Det mest geniale med å slanka offentleg sektor, er det til nå ingen av fleirtalspartia i byen som har snakka høgt om: Med store nok kutt blir til slutt dei kommunale skulane og sjukeheimane så dårlege at stadig fleire vil kjøpa plass på private skular og private sjukeheimar. Endeleg: Farvel til fellesskulen og den sosialdemokratiske velferdsstaten. Den amerikanske draumen kan bli verkeleg også her i steinrøysa.
Publisert:
Publisert: 15. november 2025 14:08

2 hours ago
1











English (US)