Heidi har sin eigen metode for å utmatte svindlarar på Facebook

1 month ago 37



Her er det neste eg skal legge ut for sal, seier Heidi Fagna (42) og held fram ei skallbukse.

Dei siste åra har ho selt både barneklede og leiker i grupper på Facebook. Men ofte er det svindlarar som tar kontakt.

Dei vil at ho skal bruke tenesta Helt hjem og ber om e-postadresse for å sende ei falsk lenke. Etter å ha fått ti førespurnader frå falske profilar på ein annonse, fekk Heidi nok.

Ho starta rett og slett ein samtale med den eine svindlaren, slik at vedkomande skulle tru at ho kom til å la seg lure.

– Å svindle ein svindlar gir ei god kjensle, ler Fagna.

J

Jackeline:Vær så snill å send meg din epost slik at jeg kan organisere leveringen. Ikke bekymre deg, transportselskapet vil komme til deg og pakke inn alt

HF

Heidi Fagna:Men Jackeline, me må verte litt meir kjende først. Kaste litt ball, i all venskapelegheit. Kva by vaks du opp i?

Svindlarane blir sure

Etter kvart har det blitt ein fornøyeleg hobby å prate med svindlarane. Ho passar på å verke litt enkel og naiv, slik at dei ikkje skal få ein mistanke. Når svindlaren gir opp og melder seg ut av samtalen, har ho oppnådd det ho ville.

Heidi Fagna sit utandørs med laptop i fanget

Heidi kosar seg når ho klarer å lure svindlarane til å tru at ho bit på svindelen deira.

Foto: Remi Sagen / NRK

Dialogen mellom henne og svindlarane postar ho på Facebook og ho har fått massiv respons.

– Det er veldig gøy. Eg ler og kosar meg, og deler det med andre. Så kan dei òg le og kose seg. Svindlerane blir av og til litt sure, men det har dei godt av, seier Fagna.

Litt av målet hennar er å halde svindlarane opptekne, slik at dei ikkje får tid til å lure andre.

Brukar kunstig intelligens

I 2023 tok politiet imot nesten 26 000 bedragerimeldingar. Over 73 prosent av sakene har skjedd heilt eller delvis på nett, ifylgje Økokrim. Statsadvokat Anne Allum oppmodar ikkje folk til å gjere som Heidi Fagna.

– Vår anbefaling er berre å stoppe kontakten og ikkje ha noko vidare kontakt, seier Allum.

Ho seier at bedrageria aukar i omfang og at svindlarane stadig kjem med nye metodar.

Distributøren Helt Hjem er godt kjende med denne type svindelforsøk. Svindlarane brukar kunstig intelligens og difor er det meir krevjande å avsløre dei.

– Vi ser at det er færre skrivefeil i tekstar der kanskje svindlarane held til utanfor Noreg. Det er enklare å få nettsider til å sjå ekte ut, så det heile verkar meir profesjonelt, seier kommunikasjonssjef Marius Evensen.

Likevel har han inntrykk av at folk har blitt meir merksame på denne typen svindel og ikkje bit på så ofte som dei gjorde før.

Har du blitt kontakta av svindlarar?

Trur svindlarane har samsnakka

Heidi sitt beste tips når ho skal selje brukte gjenstandar på Facebook er å berre gjere det gjennom lokale grupper. Då er sjansen for å bli kontakta av svindlarar liten.

Sjølv mistenker ho at svindelmiljøet ikkje er så stort, og at ryktet om den altfor pratsame sunnmørsdama har spreidd seg blant desse. Dei har blitt leie av henne.

– Det er betydeleg vanskelegare å lure dei no enn det var tidlegare, og dei forlèt samtalen raskare, seier Fagna.

Heidi Fagna meldar med svindlarar på messenger

Heidi brukar å dele samtalane ho har med svindlarar på Facebook, slik at folk skal få le litt.

Foto: Remi Sagen / NRK

PS! Heidi Fagna har tidlegare jobba i NRK

Publisert 31.05.2024, kl. 05.52

Read Entire Article