Hegerberg om møtet med kongen og Macron: – Ei utruleg oppleving

6 hours ago 4



Frankrikes president Emmanuel Macron var denne veka på eit todagars besøk til Noreg.

Den franske presidenten og frua hans Brigitte Macron var heidersgjester på Slottet måndag kveld, der dei åt middag med kong Harald, men også resten av kongefamilien.

Frå fotballsko til høge hælar

Invitert til Slottet var også Noregs kvinnelandslagskaptein Ada Hegerberg, som bur og spelar i Frankrike for Lyon.

Ho fekk helse på både kongefamilien og den franske presidenten, og fortel til NRK at det blei ein hektisk og spennande dag.

Eg hoppa jo frå fotballsko og rett inn i nokre små, høge hælar og tok på meg gnagsårplaster for å vere godt førebudd. Men det var ein heilt fantastisk kveld, ei utruleg oppleving, seier Noreg-kapteinen til NRK.

TV-bilda frå innkomsten viser at ho rakk å slå av nokre ord med Macron og kong Harald.

Her møter Hegerberg kong Harald og Macron

– Kva snakka de om?

– Det er ikkje så vanskeleg å ha noko å snakke om med president Macron og kongen vår. For dei er så sportsinteresserte, så det blei mykje sport. Thor Hushovd var der òg, så det blei sjølvsagt mykje sykkel. Generelt god stemning og ein fin kveld, beskriv ho.

– Ganske normale folk

Hegerberg fortel at det rett og slett blei eit hyggeleg møte med både den franske presidenten og den norske kongefamilien.

– Det var ein familiær setting med veldig interessante folk og ein kongefamilie som er så raus, sjenerøs og ikkje minst gjestfri. Så det var ein veldig fin kveld, seier Hegerberg.

– Var du nervøs?

– Eg rakk nesten ikkje å bli nervøs, for vi har hatt så travel kalender utanom. Det var ei veldig avslappa stemning. Tru det eller ei, men det er ganske normale folk det òg. Men det var fine stunder, seier ho.

– Karrieren er ein rar ting

Ho seier det betyr mykje for henne med slike møte.

– Eg tenker karrieren er ein rar ting. Ein spelar fotball og får vere med på så mange erfaringar og opplevingar. Det er klart det er ei ære og ta del i ein kveld med kongefamilien og representere heile sporten og laget her. Vi snakka sjølvsagt om EM og prøvde å få dei til å følge med, som dei kjem til å gjere. Opplevingane fotballen har gitt meg utanom er berre noko eg kunne drøyme om, seier ho.

Kor langt går Noreg i EM 2025?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

– Dei skulle følge med

Det er 41 år sidan sist gong ein fransk president var på offisielt besøk til Noreg.

Macron overraska under besøket på Slottet med å snakke norsk.

– Det som bind oss, det er framfor alt ei viss oppfatning av verda, der all vekt blir lagd på ansvar og fridom, sa Macron før han på norsk utbringa ei skål for den fransk-norske vennskapen.

Hegerberg trur ho klarte å sørge for nokre ekstra sjåarar på Noregs EM-kampar i juli.

– Dei skulle følge med. Eg kjenner nesten alle er sportsinteressert, seier ho.

Ada Hegerberg smiler med armene i kors

MØTTE PRESSA: Noreg-kaptein Ada Hegerberg.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Vil slå rekord

Hegerberg møtte pressa før EM-generalprøva torsdag heime mot Sverige.

Kampen blir viktig både fordi landslaget må gjere ein siste finpuss inn mot meisterskapen, men også fordi NFF håpar å sette publikumsrekord på ein kvinnelandskamp på Ullevaal stadion.

– Det er på tide med ein ny rekord. Det hadde vore utruleg herleg å få han i morgon. Det er på ein måte eit nytt steg for det laget her og kvinnefotballen i Noreg, seier Hegerberg.

Rekorden er på 15.762, NFF opplyser onsdag at dei no har passert 15.000 billettar.

– Det har vore ein god jobb internt. Vi har veldig flinke damer som jobbar bak i kulissane her. Vi vil skape ein god relasjon med supporterane våre og få dei på kamp gong etter gong etter gong. Og det må vi jobbe for, seier Hegerberg.

– Utruleg leid meg på hennar vegner

Ei dårleg nyheit for landslaget rett før EM kom onsdag: Guro Bergsvand er skadd og har fått EM-draumen øydelagt

Marthine Østenstad får dermed sin meisterskapsdebut som erstattar for Wolfsburg-spelaren.

– Guro er utruleg viktig for denne gjengen. Eg er utruleg lei meg på hennar vegner. Som ein nær venn av meg er det tøft å sjå at toppidretten er så jækla brutal, seier Hegerberg.

Tekst-TV: – For deg når du vil 01:26

Publisert 25.06.2025, kl. 17.20

Read Entire Article