Brannen oppstod i Hayes, som er eit par kilometer unna flyplassen. Dette har ført til skader i ein transformator.
Dette har ført til eit omfattande straumbrot over heile flyplassen, melder Sky News.
Minst ti brannbilar og 70 brannmenn jobbar med å sløkke brannen.
– Passasjerer bør ikkje reise til flyplassen under nokon omstende fredag, seier ein talsperson for flyplassen.
Dei seier at det er venta at dette vil prege flytrafikken dei neste dagane.
Frå Oslo lufthamn Gardemoen har British Airways og SAS totalt åtte flygningar til London Heathrow fredag. Det er usikkert kva som vil skje med desse flygingane.
På sine nettsider ber Heathrow-flyplassen passasjerer ta kontakt med flyselskapet sitt.
Publisert 21.03.2025, kl. 03.36 Oppdatert 21.03.2025, kl. 03.53