Havarikommisjonen: – Flyet hadde dårleg bremseeffekt

2 days ago 13



Både kriminalteknikarar frå politiet og teknikarar frå Norwegian undersøker fredag flyet som hamna heilt nede i fjøresteinane ved landing torsdag kveld.

Mange om bord opplevde situasjonen som svært dramatisk, og 171 personar blei evakuerte.

– På grunn av sakas alvor er det heilt naturleg at vi opprettar full gransking, seier avdelingsdirektør for luftfart i Havarikommisjonen, Kåre Halvorsen.

Flyet er ute av rullebanen i Molde

Passasjerar blei evakuerte frå flyet torsdag kveld.

Foto: STIG WAAGBØ

Klarte ikkje stoppe flyet

Havarikommisjonen slår alt no fast at besetninga ikkje klarte å stoppe flyet på rullebanen.

– Etter landing merka fartøysjefen at det var glatt, og opplevde at flyet hadde dårleg bremseeffekt, opplyser dei.

Havarikommisjonen skriv på sine nettsider at det kom ei snøbye inn på høgde mellom 50 og 100 fot frå vestleg retning akkurat då flyet skulle lande. Flyet stoppa delvis utanfor rullebanen, nær sjøkanten.

– I enden på av rullebanen trefte det eit bane-lys, før det stoppa nær sjøen omtrent 10 meter etter rullebanens asfaltkant, rapporterer dei.

Skal ikkje skje

Per Julius Helweg er luftfartsekspert og pilot. Han har jobba med trening og planlegging av flyoperasjonar med Boeing 737–800 i 20 år.

Gjennom sin tidlegare jobb i Avinor har han også halde kurs over heile landet i korleis ein skal planlegge landingar på glatte rullebaner.

– På den tida var det nesten eit uhell i året med fly som sklei av rullebana på glatt føre. Dette er første gang eg har høyrt om det sidan 2015, seier Helweg.

Per Julius Helweg

Per Julius Helweg har jobba i Avinor og hadde då blant anna kurs om landing på glatte rullebaner.

Foto: Per Julius Helweg

Rullebana i Molde er med sine 2221 meter blant dei kortaste i landet der Boeing kan lande. Det skal likevel ikkje vere eit problem.

Men Helweg meiner at slaps og sidevind som var i Molde torsdag, er av dei mest krevjande verforholda for landing.

– Min første tanke er at dette skal jo eigentleg ikkje skje. Enten må flyet avbryte landinga, eller så skal ein vere så trent at ein skal kunne sette flyet på rett stad og bremse på rett måte.

To teoriar

Helweg meiner det er vanskeleg å spekulere i årsak få timar etter hendinga, men han har likevel to hovudteoriar om kva som kan ha skjedd:

  1. At flyet kan ha landa litt for langt inne på rullebana, og at det kan ha vore glattare enn det som blei rapportert. Fly skal sikte seg inn på landing rundt 300 meter inn på rullebana.
  2. Men så viser det seg at dei fleste slike uhell gjerne skjer når flyet har fått ned farta. Då er det meir ømfintleg for vindkast. Dermed kan det vere eit kraftig vindkast som har kome heilt på slutten av landinga. Då kan flyet ha fått ei dreiing og ikkje klart å bremse dei siste 100 meterane.

Norwegian-flyet på Molde lufthavn Årø

Norwegian-flyet på Molde lufthamn Årø fredag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Fleire av passasjerane har også fortalt om at dei syntest landinga var spesielt hard. Det meiner Helweg i tilfelle var heilt rett av piloten å gjere.

– Når det er glatt, så skal ein lande hardt. Landar ein for pent på glatta kan ein i nokre sekund oppleve at hjula ikkje begynner å spinne, seier han.

Publisert 20.12.2024, kl. 12.45 Oppdatert 20.12.2024, kl. 13.12

Read Entire Article