Hardt ut mot legendas «superliga»: – Da er det ikkje lengre friidrett

2 days ago 8



Trist! Da er det ikkje lengre friidrett i mine auge.

Det seier sleggekastar Eivind Henriksen til NRK. Han er ein av Noregs beste utøvarar i dei tekniske øvingane og tok sølvmedalje i slegge i OL for tre år sidan.

For i det nye friidrettskonseptet skal det berre satsast på løpsøvingar. Det er den pensjonerte sprintaren Michael Johnsen, med fire OL-gull på merittlista, som står bak initiativet.

– Ring alle rivalane, vi er i gang med å endre dette spelet, seier Johnsen i lanseringsvideoen.

Sprinter Johnson of the U.S. speaks during the Doha GOALS forum in Doha

STARTAR NY LIGA: Michael Johnsen har fleire gonger uttalt seg kritisk om korleis friidretten er organisert. Nå har han tatt initiativ til ein ny serie kalla Grand Slam Track.

Foto: FADI AL-ASSAAD / Reuters

Sleggekastar Henriksen synest det er synd at ikkje pengane som skal spyttast inn i friidretten når breiare.

Ein snakkar om å påskjønne utøvarar, men det er berre eit fåtal utøvarar, og gjerne dei som allereie tener mest, seier han.

Den nye ligaen vil komme som eit tillegg til Diamond League.

Karsten Warholm har til VG uttrykt at han er skeptisk til ligaen. Han grunngir det med at han må legge til fleire konkurransedagar og dermed endre løpsopplegget sitt.

Om konseptet passar for europeiske utøvarar, er NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal usikker på.

– Det ser ut som om dei prøver å leite etter ein måte å løfte amerikansk friidrett på og interessa rundt amerikanske friidrettsutøvarar. Så er eg litt usikker på om dei europeiske treng det i same grad, seier Rodal.

Mykje pengar

Vinnaren av kvart stemne får over ein million kroner i premiepengar. I løpet av dei fire stemna i sesongen skal det i den nye cupen delast ut 134 millionar kroner i premiepengar.

Det skal i tillegg vere fleire utøvarar på betalt kontrakt. To stjerner har allereie signert.

Sydney McLaughlin-Levrone er den første utøvaren som har skrive under for Grand Slam Track. Ho har både OL- og VM-gull på 400 meter hekk, og har verdsrekorden på 50,68.

– Michaels visjon er målretta, og han er akkurat den leiaren som sporten treng for å nå ut, seier McLaughlin til nettsida.

Som andremann har den britiske 1500-meterløparen Josh Kerr signert. Han er mest kjent for å ha tatt VM-gullet på distansen framfor Jakob Ingebrigtsen og Narve Gilje Nordås i fjor.

– Grand Slam Track er framtida for sporten, seier Kerr sjølv om signeringa.

Josh Kerr løper i mål foran Jakob Ingebrigtsen og Narve Gilje Nordås.

TOK GULL: Under VM i Budapest i 2023 løp Josh Kerr forbi Jakob Ingebrigtsen på oppløpet og tok sigeren framfor nordmennene.

Foto: Ashley Landis / AP

NRK har snakka med fleire norske utøvarar for å få reaksjonane deira på utelatinga av dei tekniske øvingane.

Da eg såg det berre skulle vere løpsøvingar, tenkte eg: «jaja som alltid».

Det var spydkastar Marie-Therese Obsts første reaksjon. Ho tok nyleg bronse i EM og har bestemt seg for å ikkje bruke meir energi på at greina hennar er utelaten.

– Men det er litt synd, seier ho.

Marie-Therese Obst

EM-JUBEL: Marie-Therese Obst overraska stort med bronse i spyd under EM i Roma. Ho synest det er synd at dei tekniske øvingane er utelatne.

Foto: Heiko Junge / NTB

Heller ikkje i USA jublar alle for nyvinninga. «Respektlaust», seier lengdehoppar Marquis Dendy om at ikkje alle disiplinar er inviterte.

– Eg elskar friidrett. Når du lagar slike ligaer, fortel det at sprint er det einaste som betyr noko, seier han til Citius Mag.

Vil ha duellar

Michael Johnsen ønsker å revolusjonere friidretten. Det skal han klare ved å fokusere på duellane mellom utøvarane i staden for at dei skal jakte gode tider.

Det synest eg er teit. Friidrett for meg er jo å jakte best mogleg resultat, seier lengdehoppar Ingar Bratseth-Kiplesund.

For i det nye konseptet blir det fokusert på sprint og mellomdistanse i løpsøvingar og hekk.

Alle utøvarane skal delta i minst to øvingar under kvart stemne.

Stavhoppar Sondre Guttormsen liker at folk i friidrettsmiljøet tenker nytt, men synest heller ikkje dette var eit spesielt godt forslag.

Eg veit ikkje kor interessant det er å sjå på ein hekkeløpar springe på ein sånn halvdårleg 100-metertid, seier han som eit eksempel.

Se høydepunktene fra kampen 03:38

Publisert 28.06.2024, kl. 12.28

Read Entire Article