KOMMENTAR: Nye SUS må senda heim mor og barn tidlegare enn tenkt. Dei tar opp for mykje plass.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 40 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Hos ei vanleg kvinne i barsel er alle kanalar opne. Tårekanalar, mjølkekanalar, fødselskanalar. Ei kvinne som nettopp har blitt mor, eller nettopp har blitt det igjen, er overvelda av følelsar og ansvar og naturkrefter og mangel på søvn. Etter at naturen på overveldande vis har sprengt ut kroppen hennar med minst ti centimeter, flytta på ledd og vev og knoklar og bana veg for ein fantastisk og heilt hjelpelaus baby.
Ho bruker omtrent sju timar i døgnet på å amma, viss ho ammar. Ho veit ikkje om babyen skrik fordi han får for lite mat, for lite søvn, har vondt eller berre er fødd hissig.
Ho veit ikkje av seg sjølv om det gjer vondt å amma fordi ho ikkje har lagt nurket godt nok til, eller om det er fordi nurket ikkje klarer suga, eller fordi mor ikkje har nok mjølk.
Vi kan ikkje rekna med at ho ser forskjellen på om barnet søv så mykje fordi det er mett og fornøgd, fordi det treng å ta seg inn etter fødselen, fordi det er medtatt av gulsotten ho veit det har, eller fordi det ikkje klarer ta til seg næring nok og står i fare for å bli dehydrert og underernært. Mor kan vera for medtatt til å ta inn alle små signal frå han som er så heilt ny i livet.
Om igjen
Alt det der har eg skrive før. Fleire gonger, trur eg. Sist i 2018. Eg tenker det står seg. For nå melder det nye sjukehuset at barselkvinnene igjen må heim tidlegare, ikkje fordi vi har så gode ordningar i kommunane at det er det beste for mor og barn, nei, fordi sjukehuset ikkje har nok plass. Vi har nytt sjukehus, med for lite plass til nyfødde babyar.
Pasienthotellet, der dei før kunne bestilla ekstra rom når det hopa seg opp, er ikkje der lenger. Det skulle ikkje bli eit problem, blei det sagt, og alle skulle få einerom, blei det sagt, der det uansett er plass til partnar.
Men sånn er det ikkje nå. Ein ting er at det i staden hender at to kvinner må dela eit rom som berre er meint for ei. Verre er det at standard-tida du får vera på sjukehuset blir kortare. Anten du føder for første gong, eller har født fleire gonger. Og jo, det går heilt fint for mange. Og jo, viss du treng det, viss babyen treng det, skal du få bli lenger.
Men standarden er flytta
Det er minst tre problematiske sider ved det.
Den første er, som det alltid har vore, at dette er så skjørt. Så sårbart. Kor mykje er det ok at mor blør, kor fritt er det vanleg at tårene fløymer, kor lenge er det vanleg at babyen strevar med å få i seg næring? Når livet er på sitt skjøraste, treng vi andres hjelp. Dei som har erfaring, overblikk, kunnskap. For eksempel dei som jobbar på barselavdelinga på sjukehuset. Eller jordmødrer og helsesjukepleiarar i kommunen. Eller nær familie.
Den andre? Det er ikkje sikkert alle kommunane klarer ta hys på dei heimsende. Dersom du blir send heim rundt 48 timar etter fødselen, eller før, bør du få besøk av jordmor ein av dei første dagane. Som kan sjekka at babyen har det bra og får nok næring, og at mor har det bra og kan gi nok næring. Helsesjukepleiar skal også koma på heimebesøk, nokre dagar seinare.
Det er ikkje sikkert at alle kommunane klarer dette. Det er heller ikkje sikkert at dei familiane som treng det mest, er dei første som ringer etter hjelp. Eller er dei som har familie nærmast.
Det kom nettopp ein rapport frå eit utval. Det gjer jo ofte det. I denne, gav utvalet klar beskjed om at kommunane ikkje kan overta fleire oppgåver. Dei kneler. Sjukehusa kan ikkje skyva fleire helse- og omsorgsoppgåver over på kommunane, utan at det bryt heilt saman rundt forbi. Dette er heilt sikkert ein strek i rekninga for eit anna utval, som skal koma med nye forslag på korleis vi skal organisera offentleg helsehjelp. Kor skal dei skyva ting då, viss det ikkje er over på kommunen?
Knuser tilliten snart?
Den tredje problematiske sida? At når ting ved eit nytt, offentleg sjukehus framstår dårlegare enn på det gamle, kjennest det som eit svik. Frå staten. Sjukehusa er ein berebjelke i det vi meiner vi har kontrakt på er felles. Det alle skal få. Det som skal vera like godt, uansett lommebok.
Staten er steinrik, men nye, statlege sjukehus blir ofte bygde for små, fordi staten krev både avdrag og renter av pengane dei låner ut til kvart sjukehus som treng å byggja. Tilliten vår brest av det.
Det er alvorleg.
Men mest alvorleg er det likevel at heilt nye familiar må klara seg med mindre støtte, akkurat når nye liv skal i gang. På grunn av plassmangel.
Publisert:
Publisert: 4. juni 2026 19:01

1 hour ago
1





English (US)