Tenk deg at du skal inn til legen, men at du må sitje tre å på venterommet før behandlinga kan starte.
Det er utenkjeleg for dei fleste av oss, men for ein del asylsøkjarar er dette ein realitet.
Berre at legen er bytta ut med Utlendingsdirektoratet.
– Ikkje gløym oss, seier Kafaa Alkhalaf.
Ho sit på ein benk utanfor asylmottaket i Vang i Valdres i lag med den vesle familien sin.
Sonen Fahad sit på fanget til far Said Mohamed. I magen til mor veks det eit nytt liv.
Det er to år og åtte månader sidan Said kom til Noreg.
Reisa hit orkar han ikkje å snakke så mykje om. Men seier at den var lang og strabasiøs, og gjekk med båt over Middelhavet til Europa.
Kona Kafaa og sonen kom etter for snart eitt år sidan. Dei fortel at Fahad ikkje var fødd då faren reiste.
Heile tida i Noreg har Said venta på ulike asylmottak på å bli innkalla til asylintervju med UDI, slik at asylprosessen kan byrje.
Fram til no har det vore heilt stille frå norske styresmakter. Heller ikkje kona har høyrt noko frå UDI.
– Vi berre ventar, men ingen svarer oss, seier Said.
Protesterer mot lang sakshandsaming
Familien i Vang er ikkje aleine.
Fleire stader i landet har det vore protestaksjonar dei siste vekene.
Ved mottaket i Vang møter ei gruppe syrarar opp med plakatar når NRK kjem på besøk.
Fleire av dei har vore i Noreg i over tre år, utan å ha fått tilbod om asylintervju.
Det betyr at dei har venta i tre år å komme i gang med søknadsprosessen. Eller tre år på venterommet om du vil.
Ein av dei er Ali Kasem.
Ali Kasem og Ahmad Al Hamad er to av asylsøkjarane som ventar i Vang
Ali fortel at ventinga gjer han sjuk og deprimert.
– Det verste er å berre gå og vente og vente, det er som om eg ikkje kjem nokon veg, seier han på ein blanding av engelsk og arabisk.
– Men alt er i limbo, seier Ahmad Al Hamad. Han snakkar godt engelsk og fungerer som tolk for dei andre.
Eit titals andre fortel sine historier. Dei aller fleste har vore i Noreg i over to år. Dei fortel om barn og koner i heimlandet eller i flyktningleirar i naboland.
– Vi kan ikkje jobbe eller ta utdanning mens vi lever på vent, seier Ahmad.
– Tre år er lang tid, legg Ali Kasem til.
– Vi treng å få ei avklaring, men då må UDI først svare oss og intervjue oss, seier han.
«Ikke la oss være i limbo». Syrerarane i Vang kjenner seg gløymd av UDI.
Foto: Arne Sørenes / NRK
«Ikke la oss være i limbo». Syrerarane i Vang kjenner seg gløymd av UDI.
Foto: Arne Sørenes / NRK
«Snarast mogleg»
Det finst inga fastsett grense for nøyaktig kor mange dagar eller veker det skal ta før ein asylsøkjar kjem til intervju. Men det finst rettslege prinsipp og forskrifter som styrer framdrifta.
I utlendingsforskrifta § 17-2 står det spesifisert at asylintervjuet skal gjennomførast «snarast mogleg».
Også forvaltingslova § 11 a slår fast at saker i forvaltinga skal førebuast og avgjerast "utan ugrunnet opphald".
Mads Henrik Almaas er generalsekretær i Norsk Organisasjon for asylsøkjarar (NOAS). Han meiner tre års ventetid på asylintervju er uforsvarleg:
– Dette er langt utover det vi må sjå på som forsvarleg saksbehandling, men også behandling av desse menneska som har søkt ei trygg hamn hos oss, det er heva over kvar ei tvil, seier han.
Mads Henrik Almaas er generalsekretær i NOAS:
Foto: NOASSivilombodet har tidlegare kritisert UDI når asylsøkjarar har blitt sitjande lenge utan å bli intervjua, og slått fast at lang "liggetid" på grunn av kapasitetsproblem hos UDI ikkje alltid er ein lovleg grunn til utsetjing.
Seinast i denne saka frå 2024 der ein asylsøkjar hadde venta i to år.
To år seinare har mange altså venta endå lengre.
Almaas meiner at det er politikarane som har hovudansvaret:
– Det er UDI som er den dagleg ansvarlege for dette. Men her ligg det også eit ansvar på politikarane i å sørgje for tilstrekkelege ressursar til forvaltninga. For det vi ser, er at når flyktningtilstrauminga søkk, så strupar ein inn ressursane.
Han meiner dette fører til at ting tar tid i systemet:
– Dette er ein påført situasjon, som heng saman med statsbudsjettet og det styresmaktene løyver til ei robust forvaltning, seier han.
Regjeringa vil ikkje love meir pengar
Justisminister Astri Aas-Hansen (Ap) har det politiske ansvaret for UDI. Ho har ikkje svart på NRK sine spørsmål i denne saka.
Men statssekretær Joakim Øren (Ap) i Justisdepartementet skriv til oss i ein e-post at utlendingsforvaltninga er sett under eit stort press dei siste åra.
Han peikar på at grunnen fyrst og fremst er det høge talet på flyktningar frå Ukraina.
– Arbeidarpartiregjeringa er klar på at innvandringa til Noreg skal vere kontrollert, rettferdig og berekraftig, heiter det i e-posten.
Regjeringa kan likevel ikkje love auka løyvingar til UDI for å få unna køane.
– Arbeidet med statsbudsjettet er ein pågåande prosess, og eg kan ikkje gå inn på enkelte saker og tiltak som blir vurderte i denne samanhengen. Auka bevillingar til UDI er òg noko vi må vurdere opp mot andre behov og prioriteringar, skriv Øren.
Statssekretær Joakim Øren (Ap).
Fleire vil måtte vente
– På grunn av høge tal på asylsøkjarar dei siste åra har UDI diverre lang saksbehandlingstid på individuelle søknader om vern. Det er mange frå fleire ulike nasjonalitetar som har venta lenge på svar.
Det skriv Monica Egeberg i ein e-post til NRK. Ho er einingsleiar i beskyttelse hos UDI.
Egeberg peikar på at køen vaks då alle Syria-sakene vart lagt på vent i eitt år då Assad-regimet fall i desember 2024.
– Saksbehandlinga tek no lengre tid fordi vi må vurdere sakene ut frå ein ny situasjon, skriv ho.
Ho legg til at UDI skulle ønskje at ventetida var kortare, men at dei behandlar sakene så raskt dei kan innanfor dei ressursrammene dei har. Samstundes vil fleire framleis måtte vente lenger på svar også etter å ha vore på intervju.
– Vi prioriterer så godt vi kan for at ventetida skal bli kortast mogleg, samstundes som vi må sikre at saksbehandlinga blir korrekt, avsluttar ho.
Ekeberg svarer ikkje på spørsmålet om tre års ventetid er innanfor definisjonen av «snarast mogleg», slik utlendingsforskrifta seier at asylintervjuet skal gjennomførast.
Framtida er uviss for Kafaa Alkhalaf og familien hennar.
Foto: Arne Sørenes / NRK
Framtida er uviss for Kafaa Alkhalaf og familien hennar.
Foto: Arne Sørenes / NRK
Draumen lever
Said Mohamed håpar framleis på eit liv i Noreg for seg og familien sin.
– Draumen er å få opphaldsløyve og moglegheita til å jobbe. Men då må UDI snakke med oss.
Said, og dei fleste andre vi snakkar med, seier at kva som helst svar er betre enn å berre gå og vente på ubestemt tid.
– Uvissa gjer meg deprimert. Det å ikkje vite kva som skal skje i årevis er øydeleggjande, seier han.
– Alt er uvisst. Det å ikkje vite er det verste, seier Kafaa Alkhalaf .
Om mindre enn tre månader kjem eit nytt barn til verda.
– Eg håper vi får opphald slik at barna kan få utdanning og eit godt liv her, seier ho.
Publisert 04.05.2026, kl. 16.22













English (US)