Har sikra finansiering – no blir det privatistskule i Lom

2 days ago 2



– Det er heilt fantastisk, seier Hanna Flækøy Skjåkødegård.

Ho er styreleiar for Jotunheimen privatistskule, og har i lengre tid kjempa for eit vidaregåande skuletilbod nord i Gudbrandsdalen.

I oktober i fjor vedtok fylkestinget i Innlandet å legge ned to vidaregåande skular, Dokka og Skarnes, og fire skulestader, Lom, Dombås, Flisa og Sønsterud.

Sidan vedtaket har lokale eldsjeler jobba med å finne alternative løysingar.

No har dei lukkast i Lom. Frå hausten opnar Jotunheimen privatistskule.

en stor folkemengde som holder et banner

Foto: Even Lusæter / NRK

– Kjempeviktig milepæl

Til no har dei samla saman 55 millionar kroner til privatistskulen i Lom.

Målet om 60 millionar er innanfor rekkevidde.

Ifølgje Skjåkødegård held 55 millionar kroner til drift av skulen i nesten tre skuleår framover.

Då er det medrekna skulelokale, lønsutgifter, materiell, gratis læremiddel og husleige.

Etter tre år er håpet at skulen har fått offentleg godkjenning som privatskule eller friskule.

– Endemålet er ei permanent privatskule, så sjølv om vi har sikra finansiering er det på ingen måte ein sluttstrek for arbeidet vårt, seier Skjåkødegård.

– Men det er ein kjempeviktig milepæl.

Reaksjoner skoleavgjørelse Hamar.

Fleire reagerte med gråt då Innlandet fylkesting vedtok å legge ned fleire vidaregåande skular i fjor.

Foto: Reidar Gregersen

Skulen skal ha to studietilbod: Studiespesialisering og bygg- og anleggsteknikk.

  • 13 elevar meinte skulenedlegginga i Innlandet braut med menneskerettane. Førre veke kom konklusjonen frå Sivilombudet:

– Kjempestort

– Det er viktig at ungdom har eit skuletilbod nær der dei bur.

Det seier Eivind Maurstad Husom (18) er ungdomsrepresentant for Jotunheimen privatistskule og fylkesleiar i Elevorganisasjonen Innlandet.

– Ungdom skal få lov til å vere ungdom, ha hobbyar, besøke venner og ha fri. Ingen ungdom skal bli tvunge ut av heimane sine i ein alder av 15 og 16 år, seier han.

en mann og en kvinne som ser på en mobiltelefon

Eivind Maurstad Husom, ungdomsrepresentant for Jotunheimen privatistskule og fylkesleiar i Elevorganisasjonen Innlandet.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Han jublar over at dei har klart å samle inn nok pengar til å starte ei skule til hausten.

– Det er årets gladnyheit. Eg er veldig glad på vegner av meg, alle elevane eg kjenner og på vegner av lokalsamfunnet. Dette er kjempestort, seier Husom.

  • Les også om Thilde (14) som må pendle fire timar om skulen blir lagt ned:

Mange støttar opp

Pengane som er samla inn kjem frå lokalt næringsliv, lag og foreiningar og private.

I tillegg har tre kommunar i Ottadalen, Lom, Skjåk og Vågå investert i privatistskulen.

Elever viser protest-plakater inn vinduene på fylkestinghuset til Innlandet fylke.

Skulenedleggingane i Innlandet har skapt mykje engasjement. Her frå fylkeshuset på Hamar då politikarane vedtok å legge ned skulane.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

– 35 av millionane kjem frå lokalt næringsliv, lag, organisasjonar og privatpersonar, seier Skjåkødegård.

– Det å miste noko av hjartet i bygda, nemleg ungdommen og ein vidaregåande skule, har skapt ein gnist og glød, seier ho.

Publisert 14.04.2025, kl. 13.25 Oppdatert 14.04.2025, kl. 14.21

Read Entire Article