Har rapporter for høge utslepp frå sau

2 hours ago 1



Dette er i beste fall litt spesielt, seier sauebonde Knut Tore Nes Hjelle om saka.

For nokre år sidan fekk Noreg eit spørsmål frå FN. Dei lurte på kvifor den norske sauen hadde så høge utslepp av klimagassen metan, samanlikna med sau i nabolanda våre.

Professor Egil Prestløkken ved NMBU fekk oppgåva med å undersøke saka. Han fann ein 20 år gamal berekning, og oppdaga raskt at noko skurra.

En person med grønn jakke og lue står i en stall med sauer. Personen holder en stokk og ser mot sauene. Stallveggen er av tre og maleriet er delvis rød. Det er flere sauer i bakgrunnen, som ser ut til å være rolig.

Sauebonde Knut Tore Nes Hjelle har aldri heit hatt tru på at sauene hans skulle utgjere eit stort miljøtrugsmål. No gir forskarane han delvis rett.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

No har SSB justert ned utsleppet av enterisk metan frå sau i Noreg med 28 prosent.

– Det er litt rart at vi ikkje har sett dette før, seier Prestløkken.

Nationen skreiv først om saka.

75.000 bensinbilar

Det gamle reknestykket la til grunn at sauar må ete mykje meir fôr enn det som faktisk er realistisk.

Det førte til at kalkylen over utslepp gjekk over alle støvelskaft.

Egil Prestløkken, professor på NMBU

Egil Prestløkken såg raskt at noko skurra med tala.

Foto: privat

– Det var godt å finne ut av. No får vi ein lågare berekning for sau, som eg trur er meir riktig, seier Prestløkken.

Ifølge Nationen er justeringa kvart år like stor som CO₂-utsleppet frå 75.000 bensinbilar i året.

Svekker ikkje tilliten

Det er oppunder 900.000 sauar i Noreg. Drygt 90 av dei bur hos Knut Tore Nes Hjelle ved Nordfjordeid i Sogn og Fjordane.

Eg har sett på sauane som grøne heile tida, seier han.

En person står foran tre biler på en grusvei med fjell og bakker i bakgrunnen. Det er en rød bil til venstre, og en annen rød bil til høyre ved en bygning. Omgivelsene viser et grønt landskap under en overskyet himmel. Veien i bakgrunnen er delvis synlig.

På garden til Knut Tore Nes Hjelle finn du raud Volvo og kvit sau (som no har blitt grønare).

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Den nye berekninga vil ikkje ha noko å seie direkte for bonden. Men også jordbruket skal redusere klimaavtrykket sitt, og da er det bra å ha så gode tal som mogleg.

– Eg er veldig opptatt av at bonden og matproduksjonen skal ta sin del av kutta. Det har vi forplikta oss til, seier Nes Hjelle.

Saka svekker ikkje tilliten han har til fagfolka. Tvert om er det eit godt teikn at tala blir justert når dei forstår at noko er i ulage, meiner Nes Hjelle.

To sauer står inne i en stall, der den ene tygger på høy. Omgivelsene er preget av halm og metallgjerder. Den nærmeste sauen har et grønt øremerke. Bildevisningen fokuserer på sauenes ansikter og interaksjon med fôret.

Ein nyklipt sau kosar seg med føremiddagsmaten.

Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRK

Klimarekneskapen blir stadig betre

Dei samla utsleppa i jordbruket vart 3 prosent lågare som følge av saue-endringa, ifølge SSB.

– Rekneskap for utslepp er eit kontinuerleg forbetringsarbeid. Vi gjer forbetringar kvart år, fordi det kjem stadig ny kunnskap, seier Berit Storbråten i SSB.

Drøvtyggar-professor Prestløkken er trygg på at tala for andre husdyr gode.

– Dei har vore gjennomgått mykje meir nyleg og meir grundig, seier han.

Publisert 14.11.2025, kl. 14.51

Read Entire Article