Vålerenga klarte berre å score på éin av fire straffer mot Gamle Oslo-målvakt Synstelien i cupsjokket søndag, der Gamle Oslo frå nivå slo ut eliteserieklubben i første runde.
23-åringen er samtidig ei stor stjerne på sosiale medium, med over 400.000 følgarar på TikTok og over 500.000 følgarar på Instagram, der han lagar innhald for målvaktinteresserte. Utan at influensarkarrieren har ført til dei store inntektstoppane.
– Det er ei lita misoppfatning for mange, trur eg, at ein lever direkte av plattformene. Du tener ingenting direkte frå plattformene. Eg har over 400.000 følgarar på TikTok, men eg har tent null kroner på TikTok. Dei betaler ikkje, seier Synstelien til NRK.
Vil vere ein inspirasjon, ikkje salskanal
Det er gjennom partnarskap og samarbeid Synstelien har høve til å tene pengar på influensarlivet, og han fortel at han også har fått nokre partnarskap som gjer at han får inntekt av influensarkarrieren.
– Eg vil ikkje vere ein salskanal, eg vil vere ein inspirasjon, seier Synstelien.
VIL INSPIRERE: Synstelien har ein klar visjon for innhaldet sitt på sosiale medium.
Foto: Andreas Lekang / NRK– Det tok meg eitt år og åtte månader før eg tente ei einaste krone på sosiale medium. Og då publiserte eg innhald kvar einaste dag i dei eitt åra og åtte månadene før eg tente noko som helst på det, seier han.
Med 517.000 følgarar på Instagram har Synstelien fleire følgarar enn idrettsprofilar som Petter Northug (515.000 følgarar), Johannes Høsflot Klæbo (472.000 følgarar), Therese Johaug (486.000 følgarar) og kjente influensarar som Isabel Raad (407.000 følgarar) og Anniken Jørgensen (312.000 følgarar).
Ekspert på sosiale medium, Astrid Valen-Utvik, har ein klar beskjed til Synstelien om han skulle ønske å tene meir pengar på influensarkarrieren.
EKSPERT: Astrid Valen-Utvik driv kommunikasjonsbyrået Valen-Utvik og er ekspert på sosiale medium.
Foto: Eide Foto / Eide Foto– Han må byte plattform til Snapchat for å få høve til å få betalt frå ei plattform, slik det er no, fordi vi held til i Noreg, seier ho.
– Det finst tilsvarande program som Snapchat har på TikTok, og Instagram har prøvd på det, men dei har per i dag ikkje det i Noreg, fortel ho vidare.
Valen-Utvik trekker fram at Snapchat har ein spesiell posisjon i Noreg, der det er god dekning i alle aldersgrupper og det er eige kontor i Noreg. Det gjer at ho trur det er mindre interessant å sjå til Noreg for å få i gang samarbeida for dei andre plattformene.
NRK har tidlegare skrive om norske influensarar som håvar inn på Snapchat:
Greip moglegheita da han blei benka
Det var då Synstelien gjekk på college i USA at han begynte å satse på sosiale medium. Ein 27 år gammal argentinar kom inn som førstemålvakt på collegelaget, og gjorde at Synstelien blei tilvist til benken.
– Eg tok den moglegheita til å seie: OK, eg kan gjere noko anna så lenge. Eg kan gjere noko. For eg veit at eg skal bli fotballspelar. Eg veit at eg skal bli ein toppspelar. Men kanskje ikkje her. Kanskje ikkje no. Men la meg i alle fall inspirere andre på vegen.
Han fortset:
– Prosessen er at frå eg står opp til eg legg meg, så tenker eg på å vere målvakt. Eg tenker på korleis eg kan lage inspirerande, kult innhald kor eg delar av meg sjølv og erfaringane mine for andre målvakter.
David Synstelien har nesten ein halv million følgarar på Instagram. Nå har han eit mål om å bli ei av dei mest verknadsfulle målvaktene i verda.
Sparra med Arsenal-trenar
Synstelien hoppa av collegeutdanninga med eitt år igjen av bachelorgrada for å satse fullt ut på fotball og sosiale medium.
Det har også gitt han mange moglegheiter, som det å trene med Bodø/Glimt og at han sparra med målvakttrenaren til Arsenal om utviklinga innanfor målvakttrendar få dagar før cupsjokket søndag.
– Då gir han meg tilbakemelding om kor han meiner eg kanskje tenker feil, og korleis han eventuelt kan få meg til å tenke litt annleis. For så at eg, som har stor påverking og når ut til mange, kan lære folk ein betre måte å utføre ting på, fortel han.
– Alt eg gjer på sosiale medium, er basert på at eg speler fotball. Eg vil ikkje vere han som er ein TikTok-er og ein Instagram-er som også er fotballspelar. Eg vil jo vere han fotballspelaren som også har ein sosiale medium-profil, samanfattar han.
Måndag blei det kjent at det blir eit nytt møte med ein klubb frå Eliteserien i andre runde i cupen. Da skal Gamle Oslo spele heime mot Sarpsborg 08.
Her feirer de cuptriumfen 01:03
Publisert 15.04.2025, kl. 13.09