Har millionar av følgjarar – jublar for norsk mat

2 weeks ago 15



Mark Wiens er ein av dei største mat-influensarane i verda, blant anna med over 11 millionar følgjarar på Youtube.

Han har også blitt kjend gjennom ei rekke TV-program og seriar.

Nyleg var han i Noreg og meska seg med norsk tradisjonskost – noko han sette stor pris på.

Blant anna i Kirkenes der kongekrabbe gjekk ned på høgkant.

– Det var ei livsendrande krabbeoppleving. Om du elskar krabbe må du komme hit, seier Wiens i videoen frå Finnmark.

Tre videoar frå Noreg

Hittil har over 1,1 millionar sett videoen der Wiens framhevar både mat og hotell i Kirkenes.

– Influensarar som Mark Wiens er viktig for oss.

Det seier næringskonsulent i Sør-Varanger kommune, Eskild Bergersen, til NRK.

– Vi har sett større interesse for Finnmark og særleg Aust-Finnmark internasjonalt. Bloggarar kan hjelpe mykje med dette, meiner han.

Dei siste åra har mange kjende påverkarar funne vegen til Noreg.

Mark Wiens har i alt publisert tre videoar på Youtube frå sin tur til Noreg. I tillegg til Kirkenes, er både Svalbard og Oslo med.

Det har førebels ikkje lukkast NRK å få direkte kontakt med Wiens sjølv.

Visit Oslo opplyser at dei ikkje kjende til besøket og heller ikkje har vore med å finansiere det.

Mark Wiens spiser på Engebret

Engebret Café i Oslo var ein av restaurantane som fekk besøk av den kjende matbloggaren.

Foto: Mark Wiens / Youtube

– Veldig moro

Kay Johnsen, som driv tradisjonsrike Engebret Café i Oslo, merkar effekten direkte når ein stor matbloggar som Mark Wiens har vore innom.

– Det kom førespurnader frå Asia og USA med éin gong, men vi er fullbooka heilt fram til jul, fortel han.

Johnsen meiner det er stor forskjell på influensarar.

– Nokre kan ingenting, dei skal berre ta fine bilete og prate om seg sjølve. Men nokre kan faktisk mat, og han her var ein av dei. Det er veldig moro, seier han.

Tidlegare var det diskusjon om at kvaliteten på norsk «turistmat» var for dårleg og prega av slitne vegkroer og pølser på bensinstasjonar.

Men mytane om norsk mat er i ferd med å forsvinne, meiner reiselivsnæringa.

Mark Wiens spiser flesk og duppe

Mark Wiens gjekk i Harry Hole sin fotspor i Oslo. Han sette veldig pris på matretten flesk og duppe på Nesbø-restauranten Schrøder.

Foto: Mark Wiens / Youtube

– Vil smake norsk mat

Tord Baklund i Visit Oslo ser at utanlandske turistar ofte har låge forventningar til norsk mat, men at dei blir positivt overraska.

– Undersøkingar viser at dei gir maten låg score før dei kjem, men mykje høgare etter besøket. Det er hyggeleg, for vi har ikkje ein sterk mat-merkevare som Italia eller Frankrike, seier Baklund.

Kay Johnsen på Engebret opplever meir og meir at gjestane ønskjer autentiske smakar.

– Dei vil smake norsk mat. Vi har fokusert på gamle klassikarar gjort på ein ny måte, men du skal kjenne att det norske kjøkkenet. Det er ein del av kulturarven vår, seier han.

Han meiner Noreg har løfta seg som matland.

– Vi har mange gode restaurantar på nivå med resten av verda. Men dei som kjem hit, vil ha den kulturen og maten til landet dei besøker, seier Johnsen.

Flesk og duppe

Flesk og duppe er ein tradisjonsrik norsk matrett. No også favoritten til influensaren Mark Wiens.

Foto: Mark Wiens / Youtube

Styrkar reiselivet

Eskild Bergersen i Sør-Varanger kommune opplever at influensarane også bidrar til å styrke heile verdikjeda i reiselivsnæringa.

Han peikar på at dei også syner fram overnatting og aktivitetar.

Besøka handlar ikkje berre om matopplevingar.

– All publisitet som kan vise kva vi har å tilby i Sør-Varanger og Finnmark generelt, og framheve styrkane våre, er heilt klart ein fordel, seier han.

Per Holan Johansen på Snøhotellet i Kirkenes trur influensarane kan hjelpe med å få besøkande i dei mindre populære sesongane.

– Når vi har lågsesong om sommaren, er vi meir aktive med å nå ut til influensarar. Så må vi finne ut korleis vi kan utnytte dei best mogleg.

Publisert 11.11.2025, kl. 14.12 Oppdatert 11.11.2025, kl. 14.21

Read Entire Article