Det var i slutten av mars at politiet gjennomførte nye, omfattande ransakingar av heimen til Arne Bye.
– Politiet meiner å ha funne alle dei gjenstandane som er nemnt i tiltalen under disse ransakningene i tiltales bustad, seier Anette Strøm Røsholdt, politiadvokat i Trøndelag politidistrikt.
Ransakingane fann stad over ein månad etter at rettssaka mot den tidlegare kommuneoverlegen blei avslutta.
– Politiet har i tillegg tatt ein ny gjennomgang av ein harddisk som politiet har hatt i beslag frå før. Denne inneheld blant anna funn av video som politiet meiner kan stamme frå 2007.
24 nye fornærma
Politiet skriv i pressemeldinga at dei har gjort beslag av fleire databerarar heime hos Bye. Dei har begynt å gjennomgå disse, fortel politiet.
– Det vi kan seie på noverande tidspunkt er at det i beslaget er gjort funn av videoar frå legekontoret, men det er for tidleg å seie noko om karakter og omfang, seier Anette Strøm Røsholdt, politiadvokat i Trøndelag politidistrikt.
Sidan rettssaka mot Bye har fleire kvinner som ikkje var ein del av den opphavlege rettssaka mot legen meldt han til politiet.
– Antalet nye som har status som fornærma er per i dag 24 personar. Disse er ikkje fornærma i den pågåande straffesaka, skriv politiet i pressemeldinga.
Ville «nullstille» huset
Over 15 politietterforskarar var i sving over fleire dagar da politiet gjekk til aksjon mot heimen.
Også brannvesenet blei tilkalla for å undersøke pipa på huset.
Brannvesenet blei tilkalla for å hjelpe til under ransakinga av heimen.
Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK– Vi ønsker å «nullstille huset». Altså å vere sikker på at det ikkje er noko vi går glipp av, sa politiadvokat Ole Andreas Aftret da ransakinga gjekk føre seg.
I løpet av fleire dagar ransaka politiet heimen innvendig og undersøkte buer og garasjar utvendig.
Utandørs leitte dei også i takrenner, i utemøblar og under steinhellene i hagen.
På eit tidspunkt bar politiet spadar og det som såg ut som ein metalldetektor inn i huset.
Også ei leilegheit Bye disponerte blei ransaka.
På begge adressene gjorde politiet beslag, og ein kunne sjå etterforskarar bere ut datamaskinar, papirposar og esker.
Politiet tok mellom anna med seg ein mac frå huset til Bye.
No fortel politiet kva dei tok beslag i heime hos Bye.
Også ei leilegheit Bye har disponert blei ransaka. Der tok politiet mellom anna med seg ein datamaskin.
Minst 21 «nye» kvinner har meldt Bye til politiet
Bye stod tiltalt for å ha valdtatt 94 av sine tidlegare pasientar og for å ha misbrukt stillinga si som lege for å oppnå seksuelle omgang med dei.
Dei fleste av kvinnene blei også filma under gynekologiske undersøkingar.
Den nesten fire månader lange rettssaka mot Arne Bye gjekk i Trøndelag tingrett frå 4. november til 19. februar.
I ettertid har minst 21 kvinner som ikkje var ein del av tiltalen mot Bye meldt han til politiet.
Før rettssaka mot Bye starta beslagla politiet over 5500 timar med videomateriale heime hos Bye.
Foto: PolitietPolitiadvokat Ole Andreas Aftret fortalde da politiet ransaka eigedommane i mars at beslaga kunne belyse sakene som var ein del av rettssaka og nye saker.
– Det er eit sakskompleks med mange saker, dels under aktiv etterforsking, nokre er lagt bort og nokre har gått for retten, sa Aftret.
Også i februar ransaka politiet heimen til Bye på nytt.
Arne Bye har sete i varetekt sidan rettssaka mot han blei avslutta i februar.
Foto: Tariq Alisubh / NRKBad om å bli lauslaten
Bye sjølv sit varetektsfengsla etter at han blei pågripen same dag som rettssaka mot han tok slutt i Trøndelag tingrett.
11. april blei han framstilt for forlenging av fengslinga. Forsvararen hans bad da om at Bye skulle bli lauslaten og viste til at helsetilstanden hans har blitt dårlegare.
Tingretten forlenga likevel fengslinga og bestemde at Bye kan bli heldt i varetekt i fire nye veker.
Den tidlegare kommuneoverlegen sat ikkje i varetekt under rettssaka.
Bye har erkjent å ha valdtatt 21 av sine tidlegare pasientar. Han har også erkjent å ha misbruk stillinga si for å oppnå seksuell omgang med 44 av dei.
Det er venta at dom i saka kjem i starten av juni.
Publisert 29.04.2025, kl. 11.22 Oppdatert 29.04.2025, kl. 11.27