Har du denne i hagen bør du kontakte Mattilsynet

1 week ago 9



Johan Ribe og Jan Ole Benestveit fjernar hagebusken bulkemispel på Gvarv i Midt-Telemark på oppdrag for Mattilsynet.

– Vi tar for oss alle hagar og sjekkar om vi kan finne han, seier Ribe.

Hagebusken med dei bulkete blada var populær i hagar fram til 1986.

Da blei det påvist «pærebrann» på busken. Derfor blei den forbode å plante og selje.

Pærebrann kan spreie seg til eple- og pæretre, som døyr.

Tone Gislerud, Jan Ole Benestveit, Johan Ribe

Tone Gislerud i Mattilsynet står ved ein bulkemispel på Gvarv. Entreprenørane Jan Ole Benestveit og Johan Ribe skal fjerne bulkemispel i fleire veker i Midt-Telemark i haust.

Foto: Håkon Lie / NRK

Prøver å utrydde planten

Mattilsynet har i mange år fjerna bulkemisplar langs kysten frå Agder til Vestlandet for å prøve å utrydde han, fortel seniorinspektør Knut Espevig i Mattilsynet.

Formålet med å ta vekk busken, er å hindre at fruktproduksjonen skal bli ramma.

I dette området er det også funne pærebrann på bulkemispel, som det er mykje av, men også andre mispel-planter.

– Sjukdommen er i spreiing, spesielt langs kysten, seier Espevig.

Bulkemispel

Bulkemispel har ofte raude bær og bulkete blad.

Foto: Mattilsynet

Sjukdommen spreier seg fort

I år har 11 nye kommunar i Telemark, Vestfold og Buskerud komme med i ei førebyggande sone mot sjukdommen.

Midt-Telemark er først ut med å fjerne bulkemispel. Det var Bø Blad som omtalte ryddeaksjonen først.

– Det å førebygge pærebrann er eit viktig arbeid. Pærebrann, som heiter fireblight på engelsk, breier seg veldig fort i ein frukthage, viss det er infeksjon til stades, seier fagrådgivar Tone Gislerud i Mattilsynet i region aust.

pærebrann

– Vi finn bulkemispel og får tips frå publikum, seier Johan Ribe (til venstre) som fjernar denne vesle bulkemispelen i Midt-Telemark med Jan Ole Benestveit.

Foto: Håkon Lie / NRK

Vil vite kor han er

Gislerud ber folk seie frå til Mattilsynet om dei har bulkemispel i hagen i Midt-Telemark. Da går ryddeaksjonen raskare.

Men ho oppfordrar også andre hageeigarar i landet til å kontakte Mattilsynet om dei har ein slik busk. Også turgåarar som ser han i skog og mark, ber ho seie frå.

– Ta eit bilde av det ein meiner skal registrerast, seier ho.

Da kan Mattilsynet registrere førekomsten for å vite kor han er.

– Alle kan ta vekk bulkemispel frå hagen sin og hindre risikoen for spreiing av pærebrann.

Er du usikker på om du faktisk har ein bulkemispel på eigedommen din, anbefaler ho deg til å bruke mobilappen «Artsorakel».

Folk kan også ringe Mattilsynets plantevakt i sitt område.

Ho påpeikar at bulkemispelen ikkje er farleg for menneske eller dyr.

Epletre med pærebrann

Slik ser eit epletre med pærebrann ut. I 2020 i Rogaland blei for første gong pærebrann oppdaga i Noreg hos ein fruktprodusent, som måtte fjerne epletrea.

Foto: Mattilsynet

Fryktar pærebrann

Ifølge Gislerud er det ikkje pærebrann hos fruktprodusentar i Noreg nå.

Men for fire år sidan blei han for første gong her i landet oppdaga hos ein fruktprodusent. Da måtte alle epletrea fjernast. For ingen kjemiske middel hjelper mot sjukdommen.

Epledyrkar Even Skårberg Årnes på Gvarv i Midt-Telemark blei engsteleg da han høyrde om pærebrann for nokre år sidan.

Han håpar sjukdommen held seg unna hans område der det er millionar av epletre.

– Pærebrann ville ha vore dramatisk. Da måtte eg antakeleg rive heile eplehagen og fjerne alle trea.

Even Skårberg Aarnes

Eplebonde Even Skårberg Aarnes på Gvarv i Midt-Telemark er glad Mattilsynet sørger for å fjerne bulkemispel i kommunen hans.

Foto: Håkon Lie / NRK

Fann bulkemispel

Over 50 bulkemisplar har blitt fjerna på ei veke i Midt-Telemark, fortel Johan Ribe.

Det blir også tatt prøver av buskane for å sjekke om dei har pærebrann.

– Kva seier folk når de buser inn i hagen til folk og seier de må fjerne hekken eller planten som bestefar har planta?

– Dei kan nok sjå litt overraska ut med ein gong. Men det har gått utruleg greitt dei andre plassane vi har vore i alle fall.

Publisert 04.09.2024, kl. 16.20

Read Entire Article