Julemusikk, julemat, julelys, julebord, julekalender og julesnø. Det er mykje som skal klaffe for at julestemninga skal sitte.
Men det er slett ikkje sikkert at ein skal belage seg på at snøen skundar på julestemninga i år.
– Vi er inne i ein periode med ustabilt vêr og mykje veksling mellom mildvêr og snø. Denne vêrtypen vil halde fram framover, seier statsmeteorolog Eirin Walstad Ristesund
Avheng juleplanane av ein spesielt type vêr, rår meteorologen til følge med på vêrvarslinga når jula er endå nærare.
– Per no veit vi eigentleg ikkje så mykje meir å enn at vêret er ustabilt, og at det fort kan bli ei våt jul på Vestlandet og i Trøndelag. I alle fall på kysten.
Kor det blir regn og kor det blir snø på julaftan, avheng nemleg av kor lågtrykka treff.
Størst sjanse for snø i nord
I indre strøk og Aust-Finnmark blir det nesten garantert kvit jul, ifølge meteorologen.
Her vil temperaturane jamt over ligge på minussida fram til jul og gjennom juleveka.
Nedbøren som eventuelt kjem sigande inn, kjem som snø.
Sjølv om det er litt meir sannsynleg med temperaturar på plussida, og regn på kysten av Vest-Finnmark og nedover mot Troms, er det framleis er overhengande sannsyn for kvit jul.
– Samla sett for det nordlegaste fylket, er sannsyn for kvit jul god, seier Ristesund.
I Nordland derimot er varslinga meir usikker. Jo lengre sør i nordland du kjem, jo større sjanse for regn.
Men vêrvarslinga for fylket er framleis svært usikker.
Til dømes er temperaturane i Bodø venta å vere mellom -5 og 5 grader.
– Det er verkeleg 50/50 prosent sjanse for snø og regn.
Vått langs kysten
På kysten av Trøndelag og nedover mot Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland, bør ein nok heller førebu seg på regn og temperaturar på plussida, ifølge meteorologen.
– Eg ville kanskje ha halde forventningane mine på eit moderat nivå, og heller blitt positivt overraska om eg skulle få periodar med godt vêr i jula, seier meteorologen.
Til fjells derimot kan nedbøren komme som snø.
Tørrare på Austlandet
I Agder er det venta litt lågare temperaturar enn på vestlandet, men snøen må ein likevel sjå lenger etter. I alle fall om du bur langs kysten.
– Langs kysten trur eg ikkje eg ville rekna med noko kvit jul her, men med ein gong ein er oppe i hyttestrøka, er sannsynet mykje større for frost, seier Ristesund.
Det er likevel mindre sjanse for nedbør her enn på Vestlandet.
Også på Austlandet er det venta litt mildare vêr, og det som no ligg som snø vil fort smelte bort fram mot jul.
Inn mot julehelga er det likevel større sjanse for temperaturar på minussida, også i låglandet på Austlandet og i nærleiken av Oslofjorden.
– Sjansane for nedbør er ganske låge, så da ser eg heller at det er større sjansen for at det regnar og blir hålke.
Lenger nord på Austlandet og inn mot innlandet, er det større sjanse for at den snøen som ligg blir verande og at nedbøren vil komme som snø.
Mindre sjanse for kvit jul no enn før
Basert på normalen frå 1991 til 2020 har du størst sjanse for kvit jul i nord på, på fjellet og i indre strok. Langs kysten av Sør-Noreg er det under 25 % sjanse for kvit jul.
– Det positive er at ingen har null prosent sjanse, humrar statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane.
Men statistikk er statistikk, og ikkje noko fasit.
Klimaet er blitt varmare og mange stader har sjansane for kvit jul minska med mellom 20 og 30 prosentpoeng frå førre normalperiode – 1961 til 1990.
– For kystområda er det stor endring. I Vestland har sjansen for kvit jul gått ned med 20 prosentpoeng for ein stasjon i Etne, og 30 prosentpoeng for ein stasjon i Kvinnherad, seier Vågane.
Publisert 13.12.2024, kl. 18.51