Handlar på nett kvar månad: – Vanskeleg å vite kva som er ekte

2 months ago 12



Sminke, proteinpulver og trendy klede. Feeden er full av tilbod. Det er lett å bli rive med av det som dukkar opp i sosiale medium.

Men sjølv om annonsa er skrive på norsk, kan det hende vara kjem langvegs frå.

Åtvarar mot «dropshipping»

Forbrukarrådet har fleire gonger åtvara mot utanlandske nettbutikkar i «norsk drakt» og såkalla dropshipping.

– Viss du er i tvil om du bør handle i ein nettbutikk du ikkje har høyrt om før, kan du søke den opp på Trustpilot eller liknande for å lese erfaringar frå andre forbrukarar. Driv nettbutikken useriøst, finst det som regel åtvaringar, seier Nora Wennberg Gløersen, forbrukarjurist hjå Forbrukarrådet.

 Caroline Utti/NRK)

– Vanskeleg å vite kva som er ekte

Martine Angelique Cristo Lilleby handlar klede på nett minst éin gong i månaden.

– TikTok er ei viktig kjelde til inspirasjon. Eg trur veldig mange, særleg unge, bestiller klede og produkt etter å ha sett dei der, seier ho.

Ordet "rabatt" skrevet på lilla bakgrunn. I forgrunnen er en grønn gaveeske med bånd, en lilla stjerneform med teksten "spar opptil 66%" og en grønn boks med teksten "-70%".

Forbrukarrådet har fleire gonger åtvara mot utanlandske nettbutikkar i «norsk drakt» og såkalla dropshipping.

Grafikk: Caroline Utti / NRK

15-åringen fortel at ho ofte blir påverka av influensarar og reklame på sosiale medium.

Ho har sjølv opplevd å få klede som ikkje var slik ho såg for seg.

– Det kan vere vanskeleg å vite kva som er ekte og kva nettbutikkar du kan stole på, forklarer ho.

Sjekkar du om nettbutikken er truverdig før du handlar?

– Lurt å styre unna

Forbrukarrådet undersøker ofte nettsider etter å ha blitt kontakta av forbrukarar.

– At nettbutikkar ikkje opplyser om organisasjonsnummer og adresse på nettsidene sine er i strid med regelverket, seier ho.

Forbrukerjurist Nora Wenneberg Gløersen. Hun står og smiler på operataket i Oslo. Har blondt hår og beige jakke.

Nora Wennberg Gløersen er forbrukarjurist i Forbrukarrådet.

Foto: Forbrukarrådet

Forbrukarar skal kunne komme i direkte kontakt med nettbutikkar, men meldingar på Trustpilot viser at mange har problem med å få svar frå denne butikken.

Du kan ha rett på pengar tilbake

Om du opplever å bli lurt, bør du starte med å klage skriftleg til nettbutikken. Det fungerer ikkje alltid.

– Har du betalt med kort, bør du kontakte banken din så snart som mogleg. Du kan ha rett til å få pengane tilbake gjennom ein kortreklamasjon, seier Gløersen.

Oscars triks for å unngå baksmell 02:29

Publisert 16.01.2025, kl. 05.45

Read Entire Article