Hamsun og Goebbels, Machado og Trump

1 day ago 2



Hamsun og Machado ga begge bort medaljane dei fekk for nobelpris.

Knut Hamsun sende medalja han fekk til Goebbels, fortel innsendaren. Foto: NTB / NTB

Oppdatert: Akkurat nå

Du leser nå et debattinnlegg. Det uttrykker innsenderens mening.

Truleg var det for å få noko attende, noko som var/er viktig for dei og landet deira. Knut Hamsun sende medalja han fekk til Goebbels 17. juni 1943. Goebbels takka for gåva 23. juni.

Den dagen reiste Hamsun til Wien. Han skulle ta del i og tale til ein forfattarkongress som var frå 23. til 25. juni. Laurdag 26. juni var Hamsun invitert til å møte Hitler på Berghof. Hamsun sa til svensken Leon Ljunglund at målet for reisa hans var å møte Hitler for å få avsett Terboven.

Møtet mellom Hitler og Hamsun tok til i ein høfleg atmosfære. Men det endra seg snøgt. Hamsun avbraut Hitler sin talestraum og tok opp problem Noreg hadde nå. Møte enda då Hamsun sa at «Krigskommissæren sine metoder passer ikkje hos oss, hans prøyseri er ikkje til å halde ut. Og så henrettelsene. Vi gidder ikkje meir!»

Folk rundt Hitler sa etterpå at aldri hadde dei høyrt ein gjest frå utlandet gjentatte gonger avbrote Hitler i hans monologar. Aldri hadde dei opplevd at nokon hatt talt rett imot Føraren.

Hamsun greidde ikkje å få Hitler til å endre syn på Terboven. Han hadde gitt bort medelja til inga nytte.

Machado har nå gitt medalja si til Trump. Ho vonar nok at han skal hjelpe henne i kampen for å få eit demokratisk Venezuela. Den som lever får sjå, men Trump solar seg nå i glansen frå ein medalje for Nobel sin fredspris.

Truleg har Machado like lite nytte av å gi bort medalja si som Hamsun hadde. Men det er utruleg kor like Goebbels og Trump er i ord og gjerningar.

Publisert: fredag 16. januar 2026 kl. 14:48 Oppdatert: Akkurat nå

Read Entire Article