KOMMENTAR: Eg kjem nok til å spora av nå. Forlanga for mykje av dei nye listene i norsk, musikk og samfunnsfag. Men det får gå.
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
«Ja, vi elsker» er der. «Farao på ferie» også. Og diktet om mauren som langt frå er liten, men akkurat passe stor, for den fyller seg sjølv heilt, både på langs og på tvers.
Kor dei er? Dei er med på dei nye listene i norskfaget for første- og andreklassingane våre. Alle barnetrinna, frå 1. til 7. klasse har fått forslag til innhaldslister, i norsk, samisk, samfunnsfag og musikk. Nå kan alle meina noko om dei.
Vi har ikkje hatt sånne lister i grunnskulen på lenge, verken med Bjørnson og 22. juli eller med Karpe og Pippi. Dei nyaste læreplanane våre, frå 2020, har blitt kritiserte for akkurat det. For å vera for lite konkrete. Men ha mange, mange kompetansemål. For eksempel skal ein andreklassing kunna «utforske og samtale om oppbygningen av og betydningen til ord og uttrykk.»
Det store poenget til Kari
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) har vore opptatt av at vi må halda på eit fellesskap i dette landet. Då må vi ha felles referansar. Det må finnast tekstar vi alle kan, eller i det minste kjenner til. Historie vi alle veit kva var.
Det er fint, det. Vi treng fellesskap. Når nokon døyr, treng vi at vi kan syngja same songen. Vi treng at alle kjenner til kva 22. juli 2011 var i Norge. Det kan vera fint om alle har høyrt at den som er veldig sterk, også må vera veldig snill. Ein kan ha svære diskusjonar om akkurat det. Om kven den veldig sterke er, for eksempel. For det er vel fleire enn Pippi, men er det Gud, er det USA, er det jenta som får flest likes, er det han som får alle til å le?
Andre poeng
«Vi bruker meir tid på å finna ut kva vi skal læra elevane enn på å planlegga korleis vi skal læra dei det,» skal ein lærar ha sagt til Kari Nessa Nordtun.
Det aleine er jo ein god grunn til å laga slike lister. For visst det finst ei liste du kan plukka tekstar frå, kan det til og med vera at skulen har klassesett av dei tekstane. At det finst lærebøker der tekstane er samla. Så ikkje læraren alltid må leita seg fram sjølv, finna ein tekst eller ei historisk hending som passar til kompetansemåla på akkurat det trinnet. Og at det går an for ein vikar å finna enkelt fram til kva klassa held på med. Kva dei har lært alt. Kva dei ikkje har lært.
Det er vanskelegare, vil eg tru, å skaffa seg oversikten over kor godt dei kan det der med å «uttrykka og samtala om betydning og oppbygging av ord og uttrykk». Kva skal du gripa til, viss dei ikkje er så veldig gode til det? Men litt gode?
Meir?
Kompetansemåla skal jo ikkje bytast ut. Innhaldslistene kjem ikkje i staden for dei. Dessutan blir desse listene rettleiande. Lærarane må ikkje bruka dei.
Og dei kjem til å bli diskuterte. Liste opp og liste ned. Det er bra, det. Når nokon set opp ei liste, ei liste over kva som helst, så blir ein jo meir klar over kva ein sjølv ville hatt på den lista. Og kvifor.
Men eg ønsker meg meir enn det av dei listene. At dei flyttar ennå opne barneblikk utover. Bort frå seg sjølv. Bort frå kompetansemåla som alle begynner med «Jeg skal kunne». Bort til Pippi Langstrømpe, bort til FNs barnekonvensjon. Over til følelsen av å få vita om noko.
Følelsen av at det er viktigare å få vita om ting, ta del i første verset av «Ja, vi elsker,» kjenna alvoret i 22. juli i magen. Viktigare enn å prøva å forstå om du heile tida er god nok. Om du klarte å innfri krava til dei indre greiene kompetansemåla ramsar opp. Dei med «Jeg skal kunne»
Avsporing
Nei, det er jo ikkje sånn at ikkje lærarar alt er opptatte av dette. Av å få fram sjølve opplevinga, følelsen av at alle syng, og du er med, du kan få sitja der midt inni noko saman med alle andre. Kjenna i magen kor fortvila han er, han som leitar etter Blåmann, han som var så glad i det dyret, og ikkje klarer finna han igjen. Følelsen av å få vita, få ta del, få oppdaga og dela.
Men det er for stritt, som det er nå, synest eg. At ein heile tida må sjekka innover hos seg sjølv, om ein er god nok. At læraren heile tida må vurdera det.
Det er tungt å få plassert alt hos seg sjølv. Og det er tungt å bygga fellesskap på den måten.
Eg veit det kanskje er ei avsporing. Men eg håpar dei listene kan bidra til å letta på trykket.
Publisert:
Publisert: 12. mars 2026 19:09

1 day ago
11








English (US)