Hadde oppvaskmøte fire dagar før ho blei drepen

10 hours ago 1



Berre fire dagar før ho blei funnen drepen var det eit oppvaskmøte på arbeidsplassen hennar.

Møtet var mellom ho, Jørn Andersen som er drapssikta og sjefen på arbeidsplassen, Tom Ketil Krogstad.

Det bekreftar Krogstad til NRK.

Adresseavisen omtalte oppvaskmøte først.

Ifølge avisa handla møtet om at avdøde ville ha slutt på trakassering frå Andersen.

– Utruleg trist

Krogstad driv Bjørnlihiet pub og gjesteheim på Løkken i Orkland i Trøndelag.

Her jobba kvinna i 30-åra, som Krogstad beskriv som ein god ven og medarbeidar.

– Dette er ei utruleg trist og tragisk hending. Eg har ikkje noko anna å seie til media enn at eg har mista ei svært god medarbeidar og ven i livet.

Bjørnli Gjestheim er opplyst med juledekorasjoner og en lysende "God jul"-neonskilt. Inngangspartiet er prydet med julestjerner og snø. Bygningen er dekket av snø, og vinduene har gardiner. Omgivelsene er mørke, noe som fremhever belysningen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kvinna blei funnen død like ved arbeidsplassen sin, Bjørnlihiet gjesteheim.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Krogstad seier han har fokus på familien og dei pårørande til kvinna.

– Ho var eit betre menneske enn dei aller fleste, og vil bli djupt sakna og hugsa med masse positive minner.

Krogstad var klar over at Andersen som er sikta for drapet, var dømd for drapet av ekskjærasten i 1999.

– Når det gjeld sikta si fortid og dom viser eg til at samfunnet, rettssystemet og helsepersonell har vurdert han sikker til å vere i samfunnet, seier Krogstad.

Tom Ketil Krogstad

Tom Ketil Krogstad eig og driv Bjørnlihiet gjesteheim.

Foto: Kari Anne Breivik Eldnes / NRK

Krogstad viser til Andersen sin tidlegare arbeidsgjevar når han svarer på kvifor sikta fekk bu og jobbe som ein slags vaktmeister hos han.

– Der jobba han i mange år, legg han til.

Likevel valde han å ikkje informere dei andre arbeidstakarane om historikken til Andersen, på grunn av personvern.

– Viser vidare til personvernlova og arbeidsgjevar sine reglar å forhalde seg til.

Krogstad seier han har forklart seg fleire gonger til politiet og ønsker ikkje å kommentere saka ytterlegare.

En politimann står utenfor et hus om natten, iført uniform og med et skjold i hånden. Det er snø på bakken, og en grønn tarp henger fra et tre. Omgivelsene ser private ut, med trær i bakgrunnen. Belysningen bidrar til å skape en dramatisk stemning. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kvinna blei funnen drepen utandørs.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Bekymra for at sikta skal øydelegge bevis

Jørn Andersen blei pågripen av politiet like etter at kvinna i 30-åra blei funnen død laurdag kveld.

– Det er ingen ting som tilseier at det var andre involverte, seier politiadvokat Ole Andreas Aftret til NRK.

Måndag blei Andersen varetektsfengsla i fire veker med brev- og besøksforbod.

– Me ønsker ikkje at sikta skal ha anledning til å øydelegge bevis i saka og fordi me meiner det er fare for at han vil gjere ny kriminalitet, seier Aftret.

Dette vektla også tingretten i si avgjersle om varetektsfengsling.

Tingretten meiner det er overvegande sannsynleg at sikta vil påverke andre vitne si forklaring i tillegg til å øydelegge bevis dersom han ikkje blir halden i varetekt.

Andersen samtykka til varetektsfengslinga.

Andersen sin forsvarar, Fredrik Schøne Brodwall, har førebels ikkje ønska å kommentere saka.

Ole Andreas Aftret, politiadvokat i Trøndelag politidistrikt

Politiadvokat Ole Andreas Aftret i Trøndelag politidistrikt.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Dømd for drap og fleire valdsepisodar

6. november 1999 blei 16 år gamle Linn Charlott Nesblom, drepen av Jørn Andersen.

Andersen som då var 28 år, blei i 2000 dømd til 15 år i fengsel for overlagt drap.

Sjølv sa han seg ikkje straffskuldig for drapet.

Medan han sona dommen for drapet utøvde han grov vald mot ei anna tidlegare kjærast, under prøvelauslatingar.

Difor blei han i 2011 dømd til 4 år og seks månader forvaring for grov vald og trugslar mot ekskjærasten.

En porselensengel dekorert med blomster står i snøen sammen med to elektriske lys. Omgivelsene er vinterlige med snødekket bakke. Engelen har foldede hender som i bønn, mens lysene lyser varmt i den kalde settingen. Dette kan symbolisere et minne eller en refleksjon i en vintersetting. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Fleire har tent lys utanfor Bjørnlihiet gjesteheim.

Foto: Henning Levold / NRK

I 2015 blei han lauslaten på prøve, men påtalemakta ville forlenge forvaringsdommen.

Tingretten meinte han måtte haldast i forvaring fordi faren for nye straffbare handlingar var for høg, trass i positiv utvikling.

Men etter ei anke til lagmannsretten slapp Andersen ut frå fengsel eit år seinare, i 2016.

I løpet av tida i fengsel skal Andersen ha jobba og planlegginga av lauslating på prøve hadde starta.

Det blei også gjort ei risikovurdering av ein psykologspesialist og lagmannsretten la vekt på at faren for ny vald frå Andersen var låg eller moderat.

Andersen skal i praksis ha vore prøvelauslaten i ni månader før avgjersla med full deltaking i arbeidslivet og andre aktivitetar på fritida, ifølge dommen frå lagmannsretten.

Før han no er sikta for nok eit drap har Andersen blitt domfelt for å ha køyrd for fort i alkoholpåverka tilstand.

NRK skreiv først at oppvaskmøtet skjedde to dagar før kvinna i 30-åra blei drepen. Det riktige er fire dagar før. Dette blei retta 11.30.

Hei!

Takk for at du las heilt hit!
Har du innspel eller kommentarar til denne saka?
Eller har du tips til andre ting du synest eg burde skrive om?
Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 16.12.2025, kl. 11.11 Oppdatert 16.12.2025, kl. 11.36

Read Entire Article