Kameratane gjekk ut av bilen for å ta seg ein røyk. Plutseleg høyrde dei bilen køyre av garde bak dei.
Ein sommarkveld i juli 2022 festa ein mann i slutten av tenåra saman med broren og to kompisar. Den unge mannen drakk brennevin.
Dagen etter vakna han på sjukehus og hugsa ingenting.
I mellomtida hadde det skjedd ein god del, kjem det fram i ein fersk dom frå Sør-Rogaland tingrett.
McDonalds og røyk
Dei legg følgande til grunn:
Då sommarkvelden var i ferd med å gå over i natta, kom ein edru kompis på besøk på festen.
Saman bestemte dei seg for å køyre ned til Kvadrat kjøpesenter i Sandnes for å handle mat på McDonalds der.
Mannen, som altså ikkje hugsa dette, sat i baksetet. Den edru kompisen køyrde bilen og ein annan kompis sat i passasjersetet.
Vel framme køyrde dei gjennom drive-thru og bestilte nattmaten. På parkeringsplassen åt dei opp.
Så skulle dei to kompisane i framseta gå ut av bilen for å ta seg ein røyk.
Rett i lyktestolpe
Medan dei røykte, kunne dei plutseleg høyre bilen køyre av garde.
Dei snudde seg og såg bilen kollidere inn i ein lyktestolpe på parkeringsplassen.
– Tiltalte, som då var åleine i bilen, kom ut. Det er ikkje tvil om at tiltalte var åleine og var den som køyrde og kolliderte med lyktestolpen, konkluderer dommarane.
Den tiltalte var altså den unge mannen som same kveld hadde drukke brennevin.
– Ikkje bevist at han køyrde
Kollisjonen med lyktestolpen skjedde klokka 01.51 om natta. Klokka 03.20 vart det teke blodprøve av mannen.
Den viste ein alkoholkonsentrasjon på 2,46 promille. Mannen var med andre ord svært rusa.
– Slik vi ser det er det ikkje bevis for at han køyrde bilen, seier forsvarar Aleksander Pollestad til TV 2.
Dømd
I retten nekta tiltalte straffskuld.
Og spekulerte i om han kan ha bøygd seg fram frå baksetet for å styre musikken i bilen. Og at han i same operasjon kom borti girspaken og difor sette bilen i bevegelse.
Det utelukkar retten heilt. Og dømmer mannen til fengsel på vilkår i 30 dagar. Han slepp å sona i fengsel, fordi saka har tatt så lang tid å få ferdig.
– Vi vurderer om dommen skal ankast. Og meiner at saksbehandlingstida gjer at det ved domfelling er rom for ytterlegare reduksjon i straffa. Dette har vore ein belastning for den tiltalte, seier forsvarar Pollestad.
Kritiserer tidsbruk
Saka kom først for retten 20. januar 2025. Dom vart avsagt 24. januar.
Det har altså gått 2,5 år sidan bilen brasa inn i lyktestolpen.
Også tingretten kritiserer tidsbruken i saka.
– Etter retten si oppfatting burde saka i dette tilfelle vore ferdig etterforska og ført for retten i løpet av vinteren eller seinast våren 2023, skriv dommarane.
– Politiet og påtalemakta har over tid stått i ein ekstraordinær krevjande situasjon når det gjeld etterforskingskapasitet og ressursar, svarar politiinspektør Terese Braut Våge til TV 2.
Difor må dei prioritere saker som det er bestemt skal ha høgare prioritering, som mishandlings- og valdtektssaker.
– Vi har heller ikkje moglegheita til å legge vekk ruspåverka køyring grunna manglande saksbehandlingskapasitet, legg Våge til.
Det var politiadvokat Pål Medland Fjeld som førte saka for påtalemakta i retten.
Han seier dei ser svært alvorleg på ruskøyring med så høg promille.
– Lovforarbeida seier at ulukkesrisikoen er 65 gangar høgare ved promille på 1,5 enn for ein edru person. Og her er vi på over 2,4, påpeiker han.