Haaland-mål førte City til topps – Burnley rykker ned

2 days ago 12



Erling Braut Haaland og Manchester City inntar tabelltoppen i Premier League etter 0–1 seier borte mot Burnley onsdag kveld.

City har med det for alvor starta innspurten mot ein ny ligatittel, medan Burnley sitt håp om å overleve i Premier League er ute.

Søndag krympa City forspranget opp til Arsenal, som har toppa tabellen i 200 dagar, til tre poeng. Det etter at Haaland sørga for 2–1 seier mot London-laget.

Mot botnlaget Burnley onsdag låg alt til rette for at dei lyseblå kunne klatre heilt til topps med like mange poeng som Arsenal.

Og Erling Braut Haaland trengte berre fem minutt før han fann fram skotfoten og sett sitt mål nummer 24 for sesongen.

Jérémy Doku spelar gjennom Haaland, som får mykje bakrom. Nordmannen spring i kjent stil i full fart mot mål. På iskaldt vis chippar han ballen i lengste hjørnet forbi Martin Dubravka i Burnley-målet.

– Nå er scoringsracet i gang mellom Manchester City og Arsenal, sa Viaplay-kommentator Kasper Wikestad.

Målforskjellen kan nemleg bli heilt avgjerande i kampen om ligatittelen om begge lag vinn sine resterande kampar.

Målforskjellen til dei to laga er lik, men City har scora fleire mål enn Arsenal.

Ein frustrert Pep Guardiola måtte sjå sitt mannskap skape sjanse etter sjanse, men dei sleit med å få utteljing. Haaland var nær scoring også etter sidebyte, men ballen gjekk i stolpen og ut.

Det er to år sidan sist City vann ligagullet i Premier League.

Burnley sitt tap mot City onsdag gjere at laget ikkje kan sikre seg nok poeng til å behalde plassen i den øvste divisjonen i England.

Read Entire Article