«Plan for tonight make dinner and watch Leeds. Schönen Abend, everyone».
Denne muntre meldinga la Haaland nyleg ut på den ferske Snapchat-kontoen sin, der han dei siste månadene har gitt følgarane sine ein relativt humoristisk og ufiltrert tilgang til livet hans bak kulissane.
Eksempla er mange på at Haaland byr på seg sjølv.
– Kanskje eg blir skalla, skreiv han og la med eit redigert bilde av seg sjølv utan hår.
Etter siste seriekamp med City la han ut ein selfie frå garderoben der spissmakker Omar Marmoush sat i bakgrunnen og snakka i telefonen.
«Har aldri møtt ein fyr som er meir på telefonen», skreiv Haaland.
BYR PÅ: Erling Braut Haaland la ut dette bildet med Omar Marmoush i bakgrunnen.
Foto: SnapchatDa ein Snapchat-brukar med namnet Callum hadde sendt inn ein kommentar på ein Haaland-selfie og skreiv «crazy nose», eller «sjuk nase» på godt norsk, svarte superspissen med glimt i auget:
«Takk, Callum, for det komplimentet».
Vekker oppsikt
Lokalavisa Manchester Evening News er blant dei som har lagt merke til Haalands nye grep på sosiale medium.
Dei har publisert ei sak med tittelen «Haaland har gitt City eit løft dei ikkje hadde venta» der dei meiner inntoget til nordmannen på Snapchat har vore ein stimulans.
«I staden for dei meir tradisjonelle sosiale medieplattformene som Instagram, X eller til og med TikTok, der offentlege bilde kan bli redigert av selskap i staden for spelarane sjølv, har Haaland gått rett til kjelda til der dei fleste av dei personlege tilhengarane hans er» skriv avisa.
Sjå fleire eksempel frå Haalands Snapchat-konto her:
Dei meiner Haalands nye bruk av Snapchat har vore ein stor suksess fordi det kjennest ekte og er med på å menneskeleggjere han.
– Han står fram som ein vanleg gut i midten av tjueåra, skriv dei.
– Berre ved å vere seg sjølv
Avisa meiner nordmannen har auka marknadsverdien og populariteten sin ved å gi følgarane sine ein ufiltrert tilgang til både kvardagsliv og mykje anna.
– Akkurat som Haaland får fotball til å sjå så enkelt ut, får han engasjement på sosiale medium til å sjå avslappa ut når så mange får det til å sjå umogleg vanskeleg ut. Berre ved å vere seg sjølv, skriv dei.
LIKER HAALAND-GREPET: Astrid Valen-Utvik, some-ekspert.
Foto: Eide FotoAstrid Valen-Utvik er rekna som ein av dei fremste ekspertane i landet på sosiale medium og gav nyleg ut boka «Korleis oppnå suksess i sosiale medium».
Ho meiner det er verd å merke seg at den norske superstjerna no har begynt å bli aktiv også på ei ny plattform.
På Snapchat har Haaland over éin million følgarar, mens på Instagram er følgartalet over 38 millionar.
– Eg opplever likevel Snapchat-kontoen hans som meir ufiltrert og upolert enn det som blir lagt ut på Instagram-profilen hans, seier Valen-Utvik til NRK.
– Treng nok ikkje å spe på inntektene
Ho legg merke til at Haaland har opna for annonsering på Snapchat når han legg ut såkalla historier der, noko som kan gi han høve til å tene godt på den store interessa fra følgerar.
Influensar Isabel Raad har eksempelvis tidlegare uttalt til Nettavisen at ho tente rundt to millionar i månaden på Snapchat.
Snapchat er opne på sidene sine om korleis brukarane kan tene pengar på å legge ut innhald der, men krava er ikkje for kven som helst. Ein må for eksempel ha minst 50.000 abonnentar.
– No treng nok ikkje Haaland å spe på inntektene sine, og han har ein lang veg å gå før han når opp til mengda av innhald som blir delt frå dei største influensarane på Snapchat, men det er antakeleg ikkje derfor han har tatt i bruk denne kanalen no. Eg vil heller tru han gjer dette for å bygge ein tettare og nærare relasjon til fansen sin, seier Astrid Valen-Utvik.
Haalands landslagskollega Torbjørn Heggem seier han ikkje følger spissen på Snapchat sjølv. Men at han har ein litt annan stil der enn mange andre fotballprofilar, det meiner han høyrest logisk ut.
– Han er litt typen som person og karakter, så eg blir ikkje overraska over det. Eg synest det er veldig kult når dei største stjernene byr på seg sjølv, seier Heggem til NRK.
– Gjer han enda meir spennande
Astrid Valen-Utvik meiner stilen Haaland har lagt seg på er rett både for Snapchat som kanal og for Haaland sjølv.
– Dette gjer han nok berre enda meir spennande å følge med på. Dette gir tilhengarane hans eit betre innblikk i kva slags liv han lev, kva han er opptatt av og engasjert i, og det gjer nok at dei likar han enda betre og blir enda tettare på han, meiner ho.
Ho meiner den kvardagslege framtoningen gjer han meir relaterbar for massane der ute som ikkje lever heilt det same livet som ein av dei best betalte fotballspelarane i verda.
– Det gir Haaland ei plattform der han kan seie og meine kva han måtte ønske, direkte med fansen sin. Det kan han jo gjere i andre kanalar òg, naturlegvis, men Snapchat blir ofte opplevde mindre strigla og meir ekte, seier ho.
Solbakken: – Han var «horny» 01:30
Publisert 03.06.2025, kl. 06.51