Gullsjefen vil ha ny kontrakt – kan vere ferdig etter OL

4 weeks ago 18



OL i Paris seinare i sommar kan bli den siste store internasjonale meisterskapen med 62-åringen som sjef.

Den inneverande kontrakten hans strekker seg ut året.

Slokvik er overfor NRK tydeleg på at han ønsker å fortsette i jobben, men samtidig open om at han ikkje har blitt tilbode ny kontrakt.

Nå kjenner han at det begynner å haste med ei avklaring.

Ja, det gjer det jo sjølvsagt. Det gjer jo det. Viss eg ikkje skal fortsette, så må eg begynne å sjå meg om etter noko anna, seier Slokvik til NRK.

generalsekretær Kjetil Hildeskor i friidrettsforbundet

ORDKNAPP: Generalsekretær Kjetil Hildeskor ville ikkje seie mykje om ei eventuell kontraktsforlenging for Erlend Slokvik.

Foto: Lise Åserud / NTB

Ordknapp generalsekretær

Generalsekretær Kjetil Hildeskor i det norske friidrettsforbundet ønsker ikkje å stille til intervju om Slokviks framtid, men gir NRK ein skriftleg kommentar:

Vi har så vidt starta samtalar om dette og framdrift. Avgjerd vil bli tatt i god tid før avtalen hans går ut, skriv han.

Slokvik er nå på plass i Roma for å gjere dei siste førebuingane før europameisterskapen startar fredag.

Kvifor ønsker du å fortsette, og kvifor er du motivert?

Seks år i jobben er relativt lenge, som det blir til hausten, men samtidig synest eg dette er spennande. Eg synest vi er på ei veldig fin bølge, seier han.

wSX-NAN0SFk

NYE STJERNER: Fleire unge utøvarar har hatt det internasjonale gjennombrotet sitt dei siste sesongane. Før EM i Roma er det Henriette Jæger som har tatt steget.

Foto: Emilie Holtet / NTB

Gullalder

Sidan 62-åringen overtok i 2018 har det blitt gull i fem strake meisterskapar:

  • To gull og eitt sølv under OL i Tokyo
  • Fire gull, to sølv og to bronse på tre verdsmeisterskapar
  • Tre EM-gull, eitt EM-sølv og to EM-bronsar i München

Samtidig har Noreg hatt stor suksess i aldersbestemte meisterskapar og ikkje minst EM i terrengløp.

Erlend Slokvik i ROma

KLAR FOR EM: Erlend Slokvik er på plass i Roma og i gang med dei siste førebuingane.

Foto: Anders Engeland / NRK

Nå er målet sett til seks EM-medaljar i Roma, sjølv om Slokvik trur det kan bli enda fleire.

Friidretten har aldri stått sterkare som idrett enn nå – med internasjonale stjerner som Karsten Warholm og Jakob Ingebrigtsen i spissen.

Utviklinga er veldig bra, og eg får gode tilbakemeldingar frå mange av teama med tanke på den jobben som blir gjord, og eg synest vi har eit veldig godt team. Det er kjekt å jobbe saman, og eg føler at vi kan utvikle det vidare.

Konfliktar

Samtidig har Slokvik stått i kompliserte saker som har skapt utfordringar. Mykje av det har vore knytt til dei interne konflikten i Ingebrigtsen-familien, etter at Jakob, Filip og Henrik braut med sin trenarfar Gjert.

I kjølvatnet av det, kom det også fram at Narve Gilje Nordås har kjent seg mobba av Henrik Ingebrigtsen.

Så seint som førre veke fekk han kritikk etter uttaket av EM-laget på 5000-meter.

Erlend Slokvik kjenner likevel at han har støtte, og seier til NRK at han ikkje har møtt motstand.

Nå har eg ikkje snakka med alle, men dei som har gitt nokre signal, har sagt at dei synest eg skal fortsette, seier Slokvik.

Saltvedt: – Ei sjølvfølge

NRKs sportskommentator Jan Petter Saltvedt er overraska over at Slokvik ikkje allereie er førespegla ei kontraktsforlenging.

Det verkar i beste fall merkeleg viss ikkje ein sportssjef først og fremst skal vurderast på resultat. Og da gir eigentleg konklusjonen seg sjølv her, seier Saltvedt.

Kombinasjonen av ein rekordstor EM-tropp og ei større mengde medaljekandidatar enn kanskje nokon gong til både denne meisterskapen og det som kjem i Paris burde i seg sjølv gjere ei kontraktsforlenging til ei sjølvfølge, seier han.

Frå 7. til 12. juni skal Noreg jakte nye medaljar under friidretts-EM i Roma. Meisterskapen blir send på NRK og her er full oversikt over programmet:

Forbereder seg til OL: – Holdt meg unna ham 00:51

Publisert 06.06.2024, kl. 11.33

Read Entire Article