Gulbrandsen gjekk av banen i tårer i serieopninga

1 month ago 20



Molde FK vann stort over Strømsgodset i sesongens første kamp i eliteserien. Resultatet blei til slutt 4–0 til MFK på heimebane.

Men det var likevel ikkje berre positivt for MFK i dagens kamp. Før det hadde gått ein halvtime av årets første seriekamp måtte Fredrik Gulbrandsen gå av bana med ein skade.

Det er uklart kva som skjedde, men han tok seg til låret/lysken og signaliserte at han hadde smerter. Spissen blei bytta ut og heldt drakta over ansiktet på vegen ut.

– Det er sjølvsagt veldig synd for Fredrik sin del. No skal vi hjelpe han tilbake fortast mogleg, seier Molde-trener Erling Moe til NRK etter kampen.

Uklart kor alvorleg skaden er

Moe seier det er for tidleg å seie noko om kor alvorleg skaden til Fredrik Gulbrandsen er.

– Det må bilde til og slike ting for å sjå kor liten eller stor strekken er, seier Moe.

Fleire ute med skade

Frå før av er Molde-spelarane Veton Berisha og Kristoffer Haugen ute med skade. Klubben har nyleg henta Aaron Samuel på spissplass, men no når Gulbrandsen også er ute kan det bli behov for forsterkingar.

– Vi har henta inn Aaron, som har hatt tre treningar med oss til no. I tillegg har vi Gustav Nyheim, så vi skal klare oss med dei vi har, seier Moe.

 Moldes trener Erling Moe under eliteseriekampen i fotball mellom Molde og Strømsgodset på Aker Stadion

Molde-trenar Erling Moe.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Tenker du ikkje på å skaffe ein ny spiss no som både Berisha og Gulbrandsen kan bli ute over lengre tid?

– Ikkje per no, nei.

– Kva skal til for at du endrar meining?

– Nei, då må det vere at det dukkar opp nokon som er midt i blinken, men eg gjer ikkje det utan ein plan, seier Moe.

Men Moe har ikkje mykje tid på seg om han skal skaffe ein ny spiss. Overgangsvindauget stenger seinare denne veka.

Det har vore spekulasjonar om at Molde har planar om å hente tilbake Leke James, som spelte for MFK frå 2018 til 2020. På spørsmål om James blir å sjå i Molde-trøya svarer Moe:

– Det veit eg ikkje. Han er ikkje vår no, så det veit ikkje eg.

Publisert 01.04.2024, kl. 19.47 Oppdatert 01.04.2024, kl. 19.57

Read Entire Article