«Split the g»-trenden har gjeve storsal av Guinness, og no er pubeigarane splitta i synet på om dette er ei døgnfluge eller ikkje.

Publisert 07.05.2025 18:59
Det bles ein kraftig Guinness-vind over landet.
No skal alle drikka den mørke ølen, og det merkar ein på tappetårna.
Men ein kombinasjon av leveringsvanskar og låg kapasitet gjer at fleire uteplassar og butikkar går tom for den ikoniske tørre stouten.
Enorm auke
Salet av Guinness har eksplodert i Noreg.
I fjor hadde ølet ei auke på 50 prosent i utelivet, og 40 prosent i butikkar, ifølge Ringnes.
Det er ulikt noko anna øl i same periode.

– Det er ikkje ofte me opplever at eit merke veks på denne måten, seier Eivind Sundt, som er salsdirektør for uteliv i Ringnes.
Det same gjeld for heile Europa. Guinness gjer det dei kan for å møta den kraftige veksten i etterspurnaden, men det er problem på bryggeriet.
På lang sikt skal dei auka leveringsevna når dei utvidar kapasiteten og det nye bryggeriet står klart. Men det kan ta ei stund.
– I det korte biletet klarer dei ikkje å møta etterspurnaden. I periodar kan det føra til at kundane får mindre eller forseinkingar i leveransane, seier Sundt.
Maks fem fat per bar
Den irske ølen har opplevd ein enorm auke i popularitet etter at det blei ein trend å «splitta g-en».
Det går ut på at ein på første slurk skal gjera at skummet splittar G-en på logoen til glasa.

På baren Splitt i Bergen har dei vore tomme i vekevis, men har akkurat fått inn eit nytt parti når TV 2 ringer.
– Det er med litt avgrensingar. Det er maks fem fat per uteplass for at folk ikkje skal hamstra, seier Glenn Ellingsen, som er driftsleiar på Splitt.
Han har lagt merke til at det er eit litt anna klientell som bestiller den irske stouten no enn før.
– Før såg du aldri fire-fem damer som kom innom og bestilte ein Guinness. Det var som regel dei over 40, seier Ellingsen.

Han peiker på split the g-trenden som årsak, men trur ikkje det blir permanent.
– Det er vanskeleg å fatta at noko kan auka så mykje på eit år. Men eg trur nok det blæs over.
Kome for å bli
Akkurat det tviler Joachim Langebrekke på.
Han er driftsansvarleg i Resthon, som driv 15 serveringsstader i Oslo og Bergen - deriblant dei irske pubane O'Connor's.
– Eg trur Guinness-trenden er kome for å bli! Folk er gira på denne drikken, og vi ser stadig vekk vennegjengar som kjem innom utestadane for å køyre split the g. Dette bles ikkje over, seier Langebrekke.

Også deira utestadar har lidd av Guinness-mangel, men han seier tilgangen byrjar å stabilisere seg no, etter over eitt år med høg etterspurnad.
Langebrekke trur folk sin tørst etter Guinness skuldast fleire ting enn berre some-trenden.
– Dei har klart å bryte ned barriera mellom ung og gamal. Dette ølet var tidlegare sett på som tungt og mørkt, men det er berre ei myte. Dette er spennande.