BOK: Frå nå av skal eg berre lesa amerikansk 60-tals sørstatslitteratur resten av livet.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Shirley Jackson: Vi har alltid budd på slottet. Roman. 181 sider. Omsett av Laura Djupvik. Samlaget.
Eg kan ikkje skryta på meg ein vond barndom. Men me som har vakse opp i ei drabantbygd i Rogalandet på 80- og 90-talet ber i det minste på ei historisk særeigen røynsle av keisemd frå ungdomstida, som er vanskeleg for folk av i dag å fullt ut forstå. Den gongen var det viktig for samfunnet at me unge heldt på denne kjensla av keisemd (Ap styrte då som nå). Éin statleg tv-kanal og forbod mot nærradio og rullebrett var ikkje nok. Keisemda måtte inn i skulen. I dei fleste faga gjekk denne strukturelle implementeringa av keisemd heilt av seg sjølv. Men i norskfaget kunne ein risikera små glimt av lystprega opplevingar, noko som måtte førebyggast på overordna plan. Fagplanen for norsk sette rammene for at nivået av keisemd heldt eit jamt, nasjonalt nivå gjennom heile utdanningsløpet:
«Faget norsk skal gjennom et utvalg av norsk prosa gi elevene litterære opplevelser som er av en slik art at de fortrinnsvis aldri mer i sitt liv frivillig åpner en bok.»
Men så glapp det av og til for norsklæraren. Kanskje hadde han eller ho gløymt å førebu seg, eller kanskje vedkomande til og med var litt ulydig? Og då kunne det slumpa til at dei heller las noko spennande for oss ein halvtimes tid. Blott til lyst. Kan du tenka deg. Det kunne vera ein stubb av Roald Dahl, som punchline-gysande «Dypfryst» eller svarthumoristiske «Veien til himmels». Eventuelt W.W. Jacobs’ grøssande klassikar «Apehånden».
Eller – viss læraren hadde spesielt lyst til å bli kalla inn på teppet til rektor og mista jobben akkurat den dagen – ja, då kunne det vera Shirley Jacksons utspekulert grufulle novelle «Lotteriet». Somme i klasserommet fekk då ei høgst utilsikta (og forboden) lystkjensle: Litteratur kunne jo stundom beint ut vera kjekt.
Denne kilande kjensla i mellomgolvet, som kunne ta ein vekk frå blygrå, sosialdemokratiske tysdagar med fluorskyll og fiskepinnar, kjem attende når eg les nettopp Shirley Jacksons (1916–1965) roman «Vi har alltid budd på slottet» (1962), nå omsett til norsk.
Men førsteinntrykket var ikkje slik. Omslaget såg ikkje bra ut, men kva veit vel eg? Så eg oppsøkte nokon med kompetanse innan visuell formgjeving. Vedkomande svarte: «Dette ser ikkje ut som ein roman. Dette ser ut som ei fagbok om kvalitativ metode eller noko anna keisamt samfunnsfag, skriven av forelesaren i faget.»
Men skinnet bedrar. Eller kanskje ikkje. For eg er jammen ikkje sikker på om ein skal kalla denne boka ein «roman». Er det ein slags fabel? Ein grim allegori? Eventyr for vaksne? Ein kafkaesk feberfantasi? Ein grotesk true crime-satire? Kva slags karakteristikk yter eigentleg rettferd til Shirley Jacksons verk? Eg landa til slutt på «pervers barnebok».
Det ligg noko barnsleg og kynisk, noko naivt rørande og intuitivt avskyvekkande, noko grufullt morosamt og uuthaldeleg trist over forteljinga om søstrene Connie og Merricat, som bur i eit hus som kanskje er eit slott. Det er blomar og blod. Eg har aldri lese noko liknande.
Meisterskapen til Jackson er at ho klarer å gni desse ulike sjangrane og kjenslene mot kvarandre på så rutinert lurendreier-vis at det skaper eit heilt spesielt og finstemt kunstnarisk uttrykk, som ein variant av sørstatsgotikken. Det er så langt borte frå norsk samtidsprosa 2026 som det er mogleg å komma. Heldigvis.
Så er boka er på nynorsk. Tilfører det noko? Tja, nynorsk er ufarleg; ein subsidiert og utdøyande minoritet. Utan brodd. Lever på nåde. Det tannlaust pusete ved nynorsken gir romanen ein fin kamuflasje, på same måte som at arsenikk er smak- og luktfri.
Men eg synest omsetjaren burde nøgd seg med omsettinga, ikkje kome med det i overkant spesialpedagogiske etterordet. Eg ser ikkje poenget med å forklara kva som var morosamt med ein vits som nett er fortalt. Men stor takk skal ho ha for å ha brakt romanen til Noreg. Ein skjønnar straks meir av slagordet «Make America Great Again» når ein ser kva dette landet har fostra. Eg for min del vurderer å utelukkande lesa amerikansk sørstatslitteratur frå 60-talet resten av livet.
Publisert:
Publisert: 14. april 2026 09:37

4 hours ago
2




English (US)