Gratis bollar på stasjonen hjelper ikkje mot dårleg togdrift

3 hours ago 1



Gratis bollar på stasjonen hjelper ikkje mot dårleg togdrift, skriv dei to SV-politikarane. Foto: Magnus Kolstad
  • Ingrid Fiskaa

    Togreisande og stortingsrepresentant for SV

  • Beate Aasen Bøe

    Togreisande og kommunestyrerepresentant, Time SV

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: «Erfaringane viser tvert imot at konkurranse i togdrifta har løfta kvaliteten», skriv Venstre-politikar Kjartan Alexander Lunde i lesarbrevet sitt til Aftenbladet. Då er det freistande å spørja om Lunde i det heile har tatt tog den siste tida?

For om det er noko som ikkje har blitt betre med konkurranse, så er det kvaliteten. Lunde viser til at kundane er meir tilfredse etter at Go-Ahead tok over kontrakten på Jærbanen i 2019.

Me opplever verkeleg ikkje det same. Me som reiser med tog, møter stadig forseinkingar, innstilte avgangar og dårleg informasjon. Det er dyrt, uføreseieleg – og langt frå den kvalitetshevinga som blei lova.

La oss vera tydelege: Problema på jernbanen skuldast ikkje at Vy mista kontrakten, men at systemet er stykka opp i for mange selskap. Vedlikehaldsetterslepet er stort, og oppsplittinga har ført til at ingen tar reelt ansvar.

Når noko går gale, peikar selskapa på kvarandre. Resultatet er frustrerte og oppgitte reisande. Gratis bollar på stasjonen hjelper ikkje på dette. Konkurranse handlar i praksis om å levera tenester så billeg som mogleg. Resultatet er då ofte at kvaliteten blir skadelidande.

I staden for å bruka energi på å forsvara eit mislykka konkurranse-eksperiment, burde Venstre og dei andre partia satsa på betre vedlikehald, fleire tog og eit system der ansvar er tydeleg plassert. SV vil rydda opp i togkaoset. Me vil få slutt på den meiningslause oppsplittinga i ulike selskap som skuldar på kvarandre, og heller satsa på samarbeid og kvalitet. Det fortener både dei reisande og dei som arbeider i jernbanen.

Publisert:

Publisert: 20. august 2025 17:42

Read Entire Article