Godstogulukke på Bergensbanen: – Framstår som alvorleg ulukke

1 month ago 16



Politiet fekk melding klokka 19.15 om at eit godstog hadde spora av på Bergensbanen ved Arna stasjon retning austover.

– Vi veit ikkje fullt ut omfanget av dette, men det framstår som ei alvorleg ulukke, seier operasjonsleiar Helge Blindheim til NRK i 19.45-tida.

Han fortel om store materielle skadar.

– Dette toget skal ha 15 vogner. Vi er akkurat komme til staden og jobber no med å få oversikt på staden. Tunnelmunningen skal vere stengd som følge av vogner som har spora av og velta, seier Blindheim.

NRKs reportar på staden fortel at politiet har stengd av deler av trafikken oppe ved E16. Fleire ambulansar står klare ved Øyrane torg like ved. To brannbilar står tett innpå togsporet, like ved tunnelmunningen.

Togulukke Arna

Godstoget har spora av ved Arna stasjon.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Stenger Bergensbanen

Bane Nor melder på si nettside at Bergensbanen no er stengd mellom Bergen og Dale grunna ei avsporing.

Avsporinga påverkar både regiontog og lokale tog.

Togulukke Arna

Naudetatane er på plass.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Anne Sofie Kirkhusmo, pressevakt i Bane Nor, seier dei fekk beskjed om at eit godstog spora av på veg inn til Arna stasjon.

– Toget mista ein konteinar, som igjen reiv med seg kontaktleidningen som gir køyrestraum til toga, seier Kirkhusmo.

Dermed er all trafikk nede, noko som betyr at det ikkje går tog ut og inn til Bergen.

– Veit du om det er personskade?

– Eg har ikkje fått informasjon om det, seier pressevakta.

Det er uvisst kor lang tid det vil ta å rette opp i hendinga, men Bane Nor er på veg til staden no.

– ​​​​ Vi må finne ut kva som har skjedd og korleis det ser ut der, seier ho.

Ho oppmodar reisande om å sjekke appar og nettstader hos selskapa.

Publisert 22.03.2024, kl. 19.32 Oppdatert 22.03.2024, kl. 19.57

Read Entire Article