Jonas Gahr Støre og andre statsleiarar er på veg til Johannesburg. Dei skal delta på G20 – ein møteplass for verdas 19 største økonomiar – pluss EU og AU.
Vertskapsnasjonen Sør-Afrika har sett «afrikanske» tema øvst på dagsorden:
- Investeringar i utviklingsland
- Jobbskaping
- Mindre økonomiske forskjellar
- Gjeldslette
For Noreg er det neppe noko alternativ å takke nei til spesialinvitasjonen som vertskapet har sendt nordover.
For Noreg er vanlegvis sterk tilhengjar av internasjonalt samarbeid. Det er fordi Noreg er eit lite land uti den store verda, og dermed ein altfor liten fisk i det store havet som verdsøkonomien er. Saman med andre småfisk kan me derimot få til meir.
Seinast denne veka viste EU kor viktig det kan vere for norsk økonomi å få til avtaler og samarbeid internasjonalt då unionen innførte toll på norsk jernlegering.
Men internasjonalt samarbeid er ikkje akkurat i vinden, og det blir årets G20-toppmøte det ferskaste beviset på.
- Donald Trump og USA boikottar vertsnasjonen og sender berre byråkratar til Sør-Afrika.
- Vladimir Putin er etterlyst av domstolen Sør-Afrika er medlem av, og ingen veit heilt kva som har skjedd med utanriksminister Sergej Lavrov.
- Og Xi Jinping har venta heilt til det siste, og no ser det ut til at han ikkje set seg på noko fly mot Afrika.
- Presidentane i Argentina og Mexico kjem heller ikkje til Sør-Afrika.
Internasjonalt samarbeid i motbakke
Multilateralisme blir det kalla når fleire land jobbar saman mot eit felles mål. Men noko er i ferd med å endre seg på den internasjonale scenen.
I det FNs mektigaste rom, Tryggingsrådet, heng det eit kunstverk gitt i gåve frå Noreg. Det er laga av Per Krohg, og viser fuglen Føniks som veks fram frå oska.
Erna Solberg representerte Noreg på eit møte i Tryggingsrådet medan Noreg var medlem av verdas viktigaste råd i 2021 og 2022.
Foto: UtenriksdepartementetI skuggen av fuglen er det mørke teikn på krig, død og ei verd som har falt saman. Det symboliserer minna frå andre verdskrig.
Men det går ein stige opp til den øvste og lysare delen. Verdas folk skal klatre opp stigen og inn i ei lysare framtid. FN sitt mandat om å bidra til fred, samarbeid og dialog er nøkkelen for å klare å klatre opp stigen.
Og FN har vakse seg store i etterkrigstida, og den er framleis viktig for internasjonalt samarbeid, og spelar ei sentral rolle som møteplass.
Men FNs organisering er for lengst utdatert. Europeiske kolonimakter held fast på makta dei fekk i 1945. I det viktige Tryggingsrådet klarer stormaktene stadig sjeldnare å bli einige.
Og ein FN-reform har så langt blitt møtt med mykje snakk og lite handling. Dermed kan FN til tider bli oppfatta som utdatert når organisasjonens maktstrukturar speglar verda i 1945 – ikkje 2025.
Etter FN er kanskje G20 den nest viktigaste møteplassen for internasjonalt samarbeid. Her er det økonomi som står sentralt.
Verdas 20 største økonomiar diskuterer økonomiske spørsmål. Dette er ein arena statssjefar har pleid å prioritere. Slik er det ikkje lenger.
Trumps kamp for kvite sørafrikanarar
At Donald Trump ikkje kjem har vore venta. Men at USA nærast boikottar møtet var ikkje like opplagt.
Det såg ei stund ut som at USAs visepresident JD Vance skulle reise, men i starten av november la Trump ut ein lang post på sitt eige sosiale medium.
Han gjekk på ny hardt ut mot Sør-Afrika og kalla det «totalt skammeleg» at dei var vertskap. Han gjentok sine påstandar om forfølging og drap av kvite bønder i Sør-Afrika.
Kvite sørafrikanarar er ei menneskegruppe Trump har vist mykje interesse for. Også då han hadde besøk av sin sørafrikanske kollega, Cyril Ramaphosa i mai.
Påstandane til Trump gjekk verda rundt, og sjølv om dei er tilbakevist fleire gonger held Trump fast på si ganske ekstreme tolking av situasjonen i Sør-Afrika.
Som eit døme viste han fram eit bilete han påstod var døde kvite bønder i likposar i Sør-Afrika. Biletet var av likposar i Kongo.
Trumps forteljing om Sør-Afrika får lite støtte i landet det er snakk om. Både folk flest og regjeringa i Sør-Afrika har avvist at det skjer noko som liknar på etnisk forfølging og folkemord.
Det som derimot er eit tema i Sør-Afrika er ein omstridd landlov og ein partileiar på venstre fløy som blir skulda for hatretorikk mot kvite.
Også slit Sør-Afrika, akkurat som USA, med vald og drap. Dette rammer også kvite sørafrikanarar, men svarte sørafrikanarar er mest utsette ifølge landets drapsstatistikk.
Men det er få i Sør-Afrika som snakkar om systematisk forfølging av kvite, eller noko som liknar på folkemord. Trump held likevel fast på si forteljing, og viser til Sør-Afrikas handtering av kvite bønder som årsak til at USA boikottar G20-toppmøtet.
– Ingen representant for USAs regjering vil delta så lenge desse menneskerettsbrota held fram, skreiv Trump.
Tidlegare i år gjekk også utanriksminister Marco Rubio ut mot Sør-Afrikas val av motto for G20: «Solidaritet. Likskap. Berekraft».
I eit innlegg på X antyda Rubio at dette er antiamerikanske verdiar.
USA kjem til å vere representerte på G20 av byråkratar. Boikotten er kanskje ekstra oppsiktsvekkande når ein legg til at USA skal ta over stafettpinnen og vere vertskap for G20 i 2026.
Trump har tidlegare sagt at toppmøtet neste år skjer på hans eigen resort i Florida.
Både Putin og Lavrov blir heime
Det er heller ikkje overraskande at Vladimir Putin droppar å reise til Sør-Afrika.
Det var mykje styr før BRICS-toppmøtet i Sør-Afrika i 2023. Ville Vladimir Putin komme, eller ikkje? Han var, og er framleis, etterlyst av Den internasjonale straffedomstolen (ICC) på grunn av krigen i Ukraina.
Sør-Afrika er medlem av ICC, og difor er dei eigentleg forplikta til å arrestere Putin om han kjem til landet.
Men Putin har altså meldt avbod. Det som derimot er langt meir overraskande er at heller ikkje utanriksminister Sergej Lavrov reiser til Johannesburg.
Årsaka til dette handlar nok lite om Sør-Afrika, og meir om intern russisk politikk.
Det svirrar ein del rykte rundt Lavrov for tida. Han har vore borte frå fleire møte han vanlegvis ville delteke på. Det russiske tryggingsrådet og statsbesøk til Kasakhstan. No kjem han altså heller ikkje til G20.
Det heile blir tolka som at Lavrov kan ha kome på kant med Putin. Endringane vart først synlege etter at Lavrov var i møte med sin amerikanske kollega, Marco Rubio. Dei skulle snakke om eit planlagd toppmøte mellom Putin og Trump.
Men etter møtet mellom Lavrov og Rubio avlyste Trump-administrasjonen møtet mellom statssjefane.
Spekulasjonane handlar om at Lavrov kan ha stilt for strenge krav til amerikanarane, og at Putin er misnøgd med at det ikkje blei noko møte med Trump.
Uansett, så har Lavrov vore på jobb i det siste, men ein tur til Sør-Afrika blir det ikkje på Russlands utanriksminister – og klart mest erfarne diplomat.
Kinas fråvære er sørafrikansk nedtur
Akkurat som i Russland, så er heller ikkje Kina veldig opne opp presidentens prioriteringar, og det har lenge vore uklart om Xi Jinping, president i Kina, skal til Sør-Afrika. Denne veka kom avklaringa: Også Xi melder avbod.
Men i motsetnad til USA og Russland sender kinesarane sin nestkommanderande, statsminister Li Qiang, til G20-møtet.
For Sør-Afrika er dette kanskje den største nedturen. Det var venta at Trump og Putin droppa møtet. Men Xi sitt besøk var nok ønska i eit land der Kina spelar ei viktig økonomisk rolle. Ja, for heile Afrika er Kina ein viktig stormakt.
Argentinas president, Javier Milei, følger i sin allierte Trump sine fotspor og uteblir frå møtet. Heller ikkje Mexicos president, Claudia Sheinbaum, reiser til Sør-Afrika.
Ramaphosa: – Deira tap
I Sør-Afrika gjer dei seg klare for innspurten av eit langt år som vertskap for ein rekke G20-møte. Det er sjølve toppnivåmøtet denne helga
– Me kjem til å ta djuptgåande avgjersler, og det er deira tap at dei uteblir frå møtet, svarte Sør-Afrikas president, Cyril Ramaphosa, då nyheitsbyrået AFP spurte kva han tenker om den amerikanske boikotten.
Cyril Ramaphosa meiner det er USA som taper på at dei boikottar G20 i Sør-Afrika.
Foto: Reuters– På mange vis gir USA frå seg den veldig viktige rolla som dei burde spele sidan dei er verdas største økonomi, meiner Ramaphosa.
– Dei har vald å boikotte møtet, og boikott fører aldri til at ein kan påverke, for avgjersler vert berre fatta av dei som bidrar til å bevege politikk framover, seier den sørafrikanske presidenten.
Sør-Afrika, i likskap med Noreg, treng å få på plass gode rammer for internasjonalt samarbeid. Og difor er ein arena som G20 så viktig for dei mellomstore landa. Her kan avgjersler takast, møter kan gjennomførast, planar kan leggast.
Toppmøtet i Johannesburg blir ein sjanse for Noreg å påverke, men det kjem også til å bli ei påminning om at internasjonal politikk er inne i ei tid der stadig fleire land vel sololøp framfor lagarbeid.
For Noreg er det neppe godt nytt.
Publisert 21.11.2025, kl. 06.11














English (US)