Glitter, gloss og global oppvarming

3 hours ago 2



Spegel, spegel på veggen der – kven er grønast i verda her?

Det kunne den vonde dronninga i eventyret om «Snøkvit og dei sju dvergane» spurt seg dersom ho hadde deltatt i årets Miss Earth.

Illustrasjon av blad og blomar på ei rekkje

Missekonkurransen presenterer seg som «skjønnheit for ein sak».

Formålet er å kåre ei vakker kvinne med eit brennande engasjement for klima og miljø.

Årets kåring fann stad like etter at EU-landa blei einige om eit nytt klimamål, og medan klimatoppmøtet går føre seg i Brasil.

Ein kvinne med krone på hovudet setter ein annan krone på ein kvinne som holder et trofeKvinne med krone som holder blomster i hendene

Natálie Puškinová blir krona til Miss Earth 2025.

Foto: Aaron Favila / AP / NTB

Berekraftig reiseliv

Julie Børresen (26) representerte Noreg i finalen.

Børresen blei valt ut til å representere landet etter å ha sikra tredjeplassen i Miss Norway to gongar.

Kvinne med ei tradisjonell filippinsk drakt på ein sceneKvinne med ei tradisjonell filippinsk drakt på ein scene

Julie Børresen på scenen i ein tradisjonell filippinsk folkedrakt.

Foto: Edmund Chua / Fabmanila Studio

Til vanleg jobbar Børresen som salsagent i Scandic Hotels.

Arbeidsoppgåvene består blant anna av å redusere matsvinn og gi rettleiing om ei berekraftig hotellnæring.

Dette har også vore ein sentral del av mi hjartesak i Miss Earth 2025. Målet mitt er å vere ei tydeleg stemme for berekraftig reiseliv.

– Kvar og ein av oss kan bidra til ei grønare framtid, legg ho til.

Illustrasjon av blad og blomar på ei rekkje

Eit felles mål

Børresen opplevde konkurransen og møtet med deltakarane som inspirerande.

Gjennom konkurransen har eg blitt kjent med talentfulle og kunnskapsrike kvinner frå heile verda. Det er utruleg lærerikt å samarbeide på tvers av både språk og kulturar mot eit felles mål.

– Klimadebatten går ofte føre seg på eit toppolitisk nivå, og det kan vere vanskeleg å nå ut til vanlege folk og skape engasjement, legg Børresen til.

Julie Børresen besøker ein filippinsk barneskule for å snakke om klima og miljø. Der blir Miss Earth-deltakarane tatt i mot som superstjerner.

Ein stor del av konkurransen inneber å spreie kunnskap og engasjement om sine hjartesaker innanfor klima og miljø.

Saman har deltakarane halde talar på skular, planta tre og besøkt kreftsjuke born.

– Sjølvsagt er det kjekt med flotte kjolar og høge hælar, men for min del er det aller viktigaste å møte og snakke med menneske og sjå at det betyr noko.

– Det er kvar og ein av oss sitt ansvar å ta tak i klimakrisa. Der trur eg Miss Earth kan bidra til inspirasjon.

Illustrasjon av blad og blomar på ei rekkje

– Største krisa i vår tid

Også Henriette Sjursen-Eriksen, innstilt leiar i Grøn Ungdom, trur missekonkurransen kan ha ein positiv effekt.

– Det er bra at fleire arenaar blir tatt i bruk for å nå ut til folk om klimakrisa, seier Sjursen-Eriksen til NRK.

– Jo fleire som snakkar om og tenker på klimakrisa, jo lettare er det å få til politiske tiltak som kan stoppe ho.

Portrett av kvinne som smiler til kamera. Ho står ute. Det er haust

Henriette Sjursen-Eriksen er positiv til at bodskapen om klima og miljø blir spreidd.

Foto: Privat

Ungdomspolitikaren meiner at det er bra at så mange som mogleg blir opplyst om klima og miljø.

– At folk som er førebilete for mange bruker plattforma si til å snakke om den største krisa i vår tid, er veldig bra.

– Om engasjementet er heilt genuint er vel ikkje det viktigaste, men heller at folk som elles ikkje ville høyrt så mykje om klimakrisa høyrer meir om ho, legg ungdomspolitikaren til.

Illustrasjon av blad og blomar på ei rekkje

Skjønnheit for klima

Missekonkurransen blir arrangert i Manila på Filippinane av Carousel Productions Inc – noko som har blitt gjort sidan 2001.

– Eg forstår at det kan vere vanskeleg å sjå verdien av ein slik konkurranse heime Noreg, seier Børresen.

– Miss Earth når eit publikum som kanskje ikkje følger den tradisjonelle klimadebatten. Missekonkurransar er noko av det største og mest populære som finst i utviklingsland.

Målet med konkurransen er å finne eit vakkert førebilete som kan vere ein ambassadør for miljøsaker verda over.

Børresen trur mange misforstår kva konkurransen inneber i det dei høyrer at det er ein missekonkurranse.

Illustrasjon av blad og blomar på ei rekkje

– Heime i Noreg er det mange som tenker at dette berre handlar om vakre jenter i flotte kjolar som snakkar om «krig og fred og sånt», utan at dei eigentleg bryr seg om det dei seier.

– I Miss Earth er deltakarane mykje meir enn berre eit pent ansikt. Her møter ein store stemmer med mykje kunnskap og ekte engasjement.

Ho understrekar at det viktigaste i kåringa er deltakarane sin kunnskap og engasjement i klimadebatten.

Kvinne med brunt hår står på ein scene framfor mange folk

Julie Børresen har halde talar på filippinske barneskular om sine hjartesaker innan klima og miljø.

Foto: Privat

– Mitt mål er å hjelpe barn

Det var marknadsføringsstudenten Natálie Puškinová (21) frå Tsjekkia som nådde heilt til topps, og blei krona til Miss Earth 2025.

Ho skal framover jobbe med miljøengasjement blant ungdom og tiltak for å redusere matsvinn.

– Mitt mål er å hjelpe barn, fordi dei er framtida vår. Eg ønsker også å bidra til prosjekt som fokuserer på kampen mot matsvinn og halde fram med å spreie bodskapen om berekraft, seier 21-åringen i eit innlegg på Instagram.

Kvinne med krone smiler bredt og er omringet av smilende kvinner i vakre kjoler

Natálie Puškinová blei krona til Miss Earth 2025.

Foto: Aaron Favila / AP / NTB

I tillegg til Miss Earth 2025 får toppkandidatane i konkurransen tildelt titlar som symboliserer kva tema personen skal jobbe med framover.

  • Islandske Sóldís Vala Ívarsdóttir fekk tittelen Miss Earth – Air. Ho representerer luft og skal støtte Puškinová sitt arbeid med kampanjar og prosjekt.
  • Trịnh Mỹ Anh frå Vietnam blei kåra til Miss Earth – Water. Ho skal fokusere på miljøsaker knytt til vatn.
  • Thailandske Waree Ngamkham skal fremme kunnskap om energi og klima som Miss Earth – Fire.

Vann gode venskap

For Julie Børresen har missekonkurransen inspirert til å halde fram med arbeidet for ei meir berekraftig verd.

– Eg kjem til å gjere det eg kan for å fortsette å jobbe med matsvinn, berekraftige arrangement og opplysing til hotellgjestar. Samtidig kjem eg til å halde fram med å ta dei små gode vala for meg sjølv.

Børresen kom til finalen, men nådde ikkje topp 25.

Kvinne i heilfigur i ein sølvfarga kjole

Julie Børresen blei finalist i Miss Earth.

Foto: European Crowns

Men for ho er erfaringane og vennskapa ho sit igjen med, det viktigaste med deltakinga.

– Ho eg delte rom med var frå Mongolia. Trass to svært ulike kvardagar fann vi mykje til felles og blei kjempegode venar.

– No har vi avtalt at ho kanskje skal komme på besøk til Noreg i vinter for å sjå nordlyset, opplyser Børresen.

Illustrasjon av blad og blomar på ei rekkje

  • Hans Cosson-Eide, redaksjonsleder for klima og teknologi.

    Det store bildet: Hva hvis vi ikke klarer 1,5-gradersmålet?

    De siste årene har temperaturen i verden nærmet seg grensen på 1,5 graders oppvarming farlig raskt.

    Selv om få nå tror at vi kan klare det ambisiøse målet fra Parisavtalen for å unngå de verste konsekvensene av klimaendringene, er ikke alt håp ute.

    Sveip videre for å forstå hva temperaturøkningen betyr, og hva vi kan gjøre med det.

  • En bil kjører gjennom regnvann i Oslo

    Javier Ernesto Auris Chavez / NRK

    1,5 grader

    At temperaturene i verden stiger med 1,5 grader fra førindustriell tid, høres kanskje lite ut.

    Men allerede ser verden konsekvenser som hyppigere og kraftigere ekstremvær, og isbreer som smelter og vil bidra til økt havnivåstigning. Her i Norge merker Norsk klimaservicesenter en økning i styrtregn.

    I 2023 var temperaturen 1,45 varmere enn førindustriell tid.

  • To grader

    For hver grad temperaturen stiger, blir konsekvensene verre.

    Dersom temperaturen stiger med to grader fra førindustriell tid, sier forskningen blant annet at nesten alle tropiske korallrev på grunt vann vil forsvinne. Ekstrem varme som tidligere bare skjedde én gang i tiåret, kan vi vente oss omtrent annenhvert år.

    To graders oppvarming truer også matsikkerheten i deler av verden. FNs klimapanel sier Arktis kan oppleve én isfri sommer hvert tiår med denne oppvarmingen

  • Tre grader

    Hvis verden klarer å gjennomføre klimakuttene de har lovet, slipper vi å oppleve en global oppvarming på tre grader. Ifølge UNEP er tiltakene nok til å stanse oppvarmingen ved 2,6 grader.

    Tre graders oppvarming er et dramatisk scenario der mange opplever dødelige hetebølger årlig. Det anslås 96.000 heterelaterte dødsfall bare i Europa. Sjansen for at vi når såkalte vippepunkter med store, irreversible endringer i klimasystemet, er også betydelig større.

  • En isbre sett fra fugleperspektiv

    Truls Alnes Antonsen / ©

    Er det bare å gi opp, da?

    Stadig færre tror vi kan klare å begrense oppvarmingen til 1,5 grader.

    Det betyr ikke at det ikke nytter å gjøre noe. For hver desimalgrads oppvarming verden klarer å unngå, vil gjøre konsekvensene ett hakk mindre alvorlige.

    Verdens ledere har lovet å innføre store klimakutt. Selv med dagens politikk, vil verden fortsette å varmes opp. Men jo mer vi klarer å gjøre, jo mindre blir konsekvensene.

Interessert i utanriks? Høyr redaksjonen sin podkast:

Publisert 15.11.2025, kl. 07.34

Read Entire Article