Gledesrop og tårer - elevane fekk vite kva fag dei kjem opp i fleire veker før eksamen

5 days ago 25



Ved Akademiet vidaregåande skule i Drammen var spenninga til å ta og føle på.

Nokre var fornøgd med det dei kom opp i til eksamen, andre fekk det dei frykta mest.

Marius Grundstrøm kom opp i engelsk som éin av fem i klassa sin. Det gjekk eit djupt sukk i Marius då han fekk beskjed.

– Det var ein ting eg håpa å ikkje få, og så er det nettopp det eg får, sa Marius og tok seg til hovudet.

Elev ved Akademiet i Drammen

Marius Grundstrøm kom opp i det faget han ikkje ville kome opp i

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Sommarfuglar i magen

Førsteklassingen Gurisha Aujla hadde sommarfuglar i magen. Det har mykje å seie kva fag ein kjem opp.

– Det er bra så lenge eg ikkje kjem opp i matte. Nei, eg tør ikkje sjå. Oi, eg trur ikkje eg kom opp.

Elever ved Akademiet videregående skole i Drammen

Elevane ved Akademiet vidaregåande skule i Drammen fekk vite kva fag dei kom opp

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

I Drammen oppmuntra og trøysta elevane kvarandre. Lærer Gabrielle Burud Hansen meiner det er bra at dei får beskjed samstundes.

Ho oppfordra elevane til å sjå positivt på situasjonen.

– Det er ingen straff å kome opp i eksamen. Sjå på det som ein moglegheit. Då har dykk meir erfaring enn dei andre til neste år.

Sånn passe fornøgd

Tidlegare har elevane fått vite kva fag dei kjem opp i 48 timar før eksamen. No får dei fleire veker på å førebu seg til eksamen.

Dette heng saman med at eksamen skjøve fram i tid, slik at russefeiringa først skjer etter at eksamen er ferdig. Det har vore ei viktig sak for kunnskapsminister Kari Nordtun Nessa.

Klokka 9 fekk dei svaret. Sondre Pettersen på Spjelkavik vidaregåande skule kom opp i fire fag: Toppidrett, treningslære, norsk sidemål og norsk hovudmål-

Han var sånn passe fornøgd med faga.

– Norsk er eitt av mine svakare fag. Men eg er veldg fornøgd med å ha kome opp i toppidrett.

Elever ved Spjelkavik videregående skole

Elevar ved Spjelkavik vidaregåande skole fekk vite kva fag dei kjem opp i til eksamen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Delte meiningar

Ifølge høyringsforslaget frå Utdanningsdirektoratet vil ein felles dato for offentleggjering av eksamen gjere det lettare å administrere eksamen og planleggje undervisninga.

Klokka 9 tysdag blei det offentleggjort. Elevane fekk vite resultatet på ein app via mobiltetelefonen eller PC. Dei fekk vite faga, men ikkje kva tema dei kjem opp i.

Dei skriftlege eksamenane skal bli avvikla i perioden 4.–21. mai.

Det har vore delte meiningar blant lærarane, ifølgje Utdanningsnytt. Nokre lærarar fryktar at elevane berre vil konsentrere seg om eksamensfaget i mai månad. Andre peikar på at elevane får betre tid til å øve.

Ulemper

Avdelingsleiar ved Spjelkavik vidaregåande skule, Linn Lervik Haugsmoen, seier dette er noko heilt nytt. Og Haugsmoen meiner dette har sine ulemper.

– Eg fryktar jo litt at elevane ikkje har fokus på dei faga dei ikkje kjem opp i til eksamen.

 Linn Lervik Haugsmoen

Avdelingsleiar ved Spjelkavik vidaregåande skule, Linn Lervik Haugsmoen.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Publisert 28.04.2026, kl. 09.53 Oppdatert 28.04.2026, kl. 10.58

Read Entire Article