Narve Gilje Nordås sprang inn til 11. -plass på den engelske mila under Bislett Games.
– Ein håpar jo på meir. Det er sjølvsagt eit stykke bak toppnivå, men det er langt betre enn det har vore, seier Gilje Nordås til NRK etter løpet.
Gilje Nordås la seg som vanleg langt bak i feltet frå start, men farten var så høg at han ikkje klarte å komme seg opp i utfordrarposisjon og klokka inn på 3,49,91. Treningskameraten Per Svela er litt skeptisk til taktikken til Gilje Nordås.
– Han plasserer seg litt for langt bak frå starten av. Når det går så fort, er du avgrensa på kor mykje du greier å springe inn. Så det er eigentleg der han øydelegg det litt, seier Svela til NRK.
– Vurderinga var å springe det som følast naturleg i starten. Eg hamna eit stykke bak, seier Gilje Nordås om taktikken.
Isaac Nader vann løpet på tida 3,48.25. 10 av 13 løparar sette anten personleg eller nasjonal rekord.
– Me kan få eit skred av nasjonale rekordar om denne farten held inn, sa NRKs friidrettskommentator Jann Post undervegs i løpet.
– Sjølvsagt skuffande
Gilje Nordås personlege rekord på ein engelsk mil er 3,48.24. Ein engelsk mil er 1609 meter. Rekorden sette han i Diamond League-avslutninga i Eugene i 2023. Til NRK fortel han at han har behov for å trene meir for å komme opp på ønska nivå.
– Eg manglar liksom det siste giret. Eg blir stiv på oppløpssida. Får eg eit par til 1500-metere til i beina så håpar eg det skal svare endå betre. Da håpar eg å vere til heilt oppe i toppen i eit internasjonalt løp, seier Gilje Nordås.
Framfor eit fullsett Bislett hadde han håpa på å levere betre.
– Det er sjølvsagt skuffande, men så må ein vere realistisk og sjå kor ein kjem frå. Det er ikkje til å stikke under ein stol at sesongnivået har vore nokså skuffande så langt, seier Gilje Nordås.
Tøff start
Starten på utandørssesongen har ikkje vore ideell for Gilje Nordås. Tidlegare i juni kom han på annanplass under Trond Mohn Games i Bergen på 3000 meter.
– Han er ikkje nærleiken av toppform her. Han burde ha leika med dei andre her. Han har ein lang veg igjen til formtoppen, sa NRK-ekspert Vebjørn Rodal.
For ei knapp veke sidan tok han riktig nok sin første utandørssiger for sesongen, da han vann 1500-meteren på Jessheim. Men vinnartida var på ganske beskjedne 3,38.03. Det er eit langt stykke frå hans personlege rekord 3,29.47, som han sette under Bislett Games for to år sidan.
Ingen Ingebrigtsen
Gilje Nordås sin trenar Gjert Ingebrigtsen var ikkje på Bislett. Det var derimot lagkamerat José Carlos Pinto, som også blir trent av Ingebrigtsen. Han sprang inn til personleg rekord på 1500 meter, med tida 3,35.10.
– Eg utviklar meg mykje. Eg har allereie tatt to personlege rekordar. Eg sleit mentalt. No er eg veldig trygg på at eg ikkje har noko problem med å gå opp i front, seier Pinto til NRK om samarbeidet med Gilje Nordås og Ingebrigtsen.
For første gong på meir enn 15 år deltar ingen av Ingebrigtsen-brørne under Bislett Games. Jakob Ingebrigtsen slit med ein akillesskade som held han ute på ubestemt tid.
Filip Ingebrigtsen fekk ein absurd skade der han krasja med ein cricketspelar. Det gjer at han også står over Diamond League-stemnet i Stockholm på sundag.
Henrik Ingebrigtsen har også slite mykje med skader dei seinaste åra. Han fekk likevel testa forma på ein 5000 meter i italienske Rovereto i førre veke. Der kom han på 12. plass på tida 13,30.52.
Publisert 12.06.2025, kl. 21.01 Oppdatert 12.06.2025, kl. 21.27