Gikk i kjellaren etter EM-sensasjon: – Trudde det skulle vere meir positivt

1 month ago 17



– Dei første vekene etter medaljen ... Det var ganske tungt, altså. Eg trudde det skulle vere meir positivt.

Det seier Marie-Therese Obst etter å ha kvalifisert seg til OL-finalen i spyd i Paris.

28-åringen fekk det soleklare gjennombrotet sitt da ho tok ein sensasjonell bronse under EM i Roma tidlegare i år. Det var den første norske spydmedaljen på kvinnesida på 24 år, men ho erkjenner at tida etter EM-jubelen var blytung.

– Eg kjente ikkje igjen kroppen min i det heile, det var berre tungt. Hovudet òg, det ville ikkje jobbe saman, seier ho til NRK etter spydkvalifiseringa i Paris.

– Det var sinnssjukt tungt, legg ho til.

Forventar OL-smell

Obst fekk det betre etter nokre veker, men nå gruer ho seg til OL-baksmellen. Da forventar ho å vere heilt køyrt.

– Kvifor trur du det blir sånn?

– Det er jo den største meisterskapen i verda. Det er ikkje sånn at du berre jobbar eit par veker, det er år og månader. Du puttar så mykje energi i det, forklarer det norske spydhåpet.

Paris 2024 Olympics, Day 12, Athletics, Marie Therese Obst, OL PAris

NERVØS: Obst under OL-kvalifiseringa onsdag.

Foto: BILDBYRÅN

Ho forklarer at ho visualiserer kvar dag, ho trenar, tenker på teknikk, ladar opp fysisk og mentalt, og så skal plutseleg alt vere over.

– Etter OL er det ferdig, og all stress og energi ein har brukt på det blir sloppe laus.

– Har du lagt ein plan for etter OL?

– Eg har ikkje lagt ein plan ennå, men eg er veldig gira på å dra på ferie etter OL. Kjem meg langt bort frå trening og frå spyd for å nøytralisere.

Hjartet heldt på å bli rive ut av kroppen

Men først skal ho altså kjempe om enda ein medalje, etter å ha tatt seg vidare frå kvalifiseringa med eit kast på 61,82 onsdag.

– Det kjennest dritbra, seier ho med eit stort smil.

Obst var nemleg svært nervøs for ho skulle i elden.

– Eg trur eg aldri har vore så nervøs før eit stemne før. Eg sleit litt med å få i meg havregrauten, forklarer spydkastaren.

Det blei ikkje betre da ho entra den mektige OL-arenaen:

– Hjartet heldt på å bli rive ut av kroppen, skildrar ho.

Likevel klarte den norske kvinna å varte opp med ei lengde som heldt til finalebillett. Nå gleder ho seg berre til å kose seg på laurdag – og så får smellen berre komme.

– Eg er så glad.

Sjokk-avslutning på 1500 meter - ingen norsk medalje 01:10

Publisert 07.08.2024, kl. 14.03

Read Entire Article