Gele verna mus mot alkoholskadar – vil teste på menneske

1 month ago 16



Du har kanskje opplevd å vere på fest der stemninga er god og vinen du har med deg glir lett ned. Du blir raskt rusa, og mistar oversikta over kor mange glas du har drukke.

Du skal berre drikke litt meir, og så blir det altfor mykje. Den fine kvelden er plutseleg ikkje så bra meir.

Da prøver du kanskje gode råd for å bli edru fort, som å drikke mykje vatn, ta ein hamburgar på veg heim eller stikke fingeren i halsen.

For når promillen blir høgare enn kroppen toler, kan ein få ei alkoholforgifting.

Og ein overdose med alkohol er meir vanleg enn du kanskje trur.

Men korleis unngå dette? Ei gruppe forskarar frå fleire land er på sporet av ei løysing.

En gjeng skåler med champagneglass

For finst det noko som kan gjere deg mindre fyllesjuk? Eller må du berre lide deg gjennom søndagen i fosterstilling? 

Foto: Skylake Studio

Dei testa ein gele som inneheld mellom anna myseprotein, glukose, jern og gull, for å få fulle mus raskare edru. Resultata frå dyreforsøket er lovande.

Mus på fylla

Nokre av dyra fekk éin enkelt dose alkohol, mens andre fekk alkohol regelmessig i ti dagar.

Ei kontrollgruppe av mus fekk berre alkohol og ingen gele.

Geleen gjorde at musene som fekk alkohol éin gong, reduserte alkoholnivået med 40 prosent etter ein halvtime. Talet auka til 56 prosent etter fem timar.

Musene som fekk alkohol og gele i ti dagar gjekk mindre ned i vekt. Dei fekk færre leverskadar og betre blodverdiar samanlikna med musene som berre fekk alkohol.

Etter festen

Salet av alkohol i Noreg auka veldig frå 1990 til 2008. I 2021 kjøpte nordmenn i snitt 7,44 liter rein alkohol, ifølge SSB og FHI.

Foto: Getty Images

Nedbryting og bakrus

Når vi drikk alkohol blir 95 prosent av han brote ned i levra. 2 prosent pustar vi ut, 2 prosent skiljast ut i urinen og 1 prosent skiljast ut gjennom sveitte.

I levra blir det giftige stoffet acetaldehyd danna, og det er dette stoffet som gir symptoma på bakrus. Det kan vere kvalme, hovudverk, anger og tørste.

Acetaldehyd er eit kreftframkallande stoff. Det kan skade celler, genmaterialet vårt og kan føre til mange helseproblem. Omtrent 4 prosent av alle nye tilfelle av kreft er alkoholrelaterte.

Mykje alkohol kan også auke risikoen for hjarte- og karsjukdommar, skade på levra, nervesystemet og gi ei rekke andre sjukdommar.

Alkoholforgifting kan gå over av seg sjølv, men kan også i verste fall vere dødeleg.

Mann kaster opp i do

Kvalme og oppkast er blant dei vanlege symptoma.

Foto: Getty Images

– Geleen flyttar nedbrytinga av alkohol frå levra til fordøyingskanalen. I motsetning til når alkohol blir brote ned i levra, blir det ikkje produsert noko skadeleg acetaldehyd som mellomprodukt, seier Raffaele Mezzenga til NRK.

Han er ein av dei som står bak forskinga frå Laboratory of Food & Soft Materials ved ETH Zürich. Studien er publisert i Nature Nanotechnology.

Likevel er geleen berre effektiv så lenge det framleis er alkohol i mage-tarmkanalen. Om alkoholen er tatt opp i blodet, har ikkje geleen lenger nokon effekt.

Raffaele Mezzenga portrett

«Vi må forske meir. Mus og menneske er veldig ulike og førebuing for studiar på menneske er eit stort arbeid.»

Raffaele Mezzenga

Forsker ved ETH Zürich

– Imponerande resultat

– Viss resultata er direkte overførbare, betyr det at vi da kan slurpe litt gele når vi er for fulle og bli mykje meir edrue igjen – på relativt kort tid.

Det seier Alexander Sandtorv, som er kjemikar og forfattar.

Sandtorv forklarer at systemet forskarane bruker er ganske komplisert, men litt enkelt forklart så har dei festa jern på ein type protein.

– Dette blir eit slags verktøy som bryt ned alkohol, ikkje altfor ulikt slik det som skjer i kroppen.

Alexander Harald Sandtorv

«Veldig spennande! Noko av det meir interessante eg har sett i alkoholforsking på ei stund»

Alexander Sandtorv

Kjemikar og forfattar av «Fylla har skylda - med vitenskapen inn i bakrusen»

Kjemikaren ser for seg at geleen har eit potensial i behandling av alkoholforgifting, som er eit alvorleg problem i dagens samfunn.

Håpar å teste på folk

Foreløpig er geleen berre testa på mus. Men Mezzenga og dei andre forskarane håpar å gjere kliniske studiar og teste geleen på menneske så snart som mogleg.

– Det nøyaktige tidspunktet vil avhenge av ei rekke faktorar, inkludert etisk godkjenning og økonomisk støtte, seier han.

Forskarane har allereie søkt patent på geleen.

Publisert 02.06.2024, kl. 07.48

Read Entire Article