Gassbehandling kan gje norsk frukt i butikkane året rundt

2 hours ago 1



– Dei ser heilt like ute no, men det blir spanande å sjå korleis dei ser ut som ti dagar i romtemperatur, seier forskar Jorunn Børve ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio).

Inne hos forskingsinstituttet på Lofthus i Ullensvang er det kassar med eple og pærer overalt.

Børve går gjennom kassene der nokre er blitt behandla med noko som blir kalla «SmartFresh», medan nokon er ubehandla.

– SmartFresh er ein gass som hermar etter modningshormonet etylen. Det er ein gass som frukt dannar heilt naturleg og er med på å stoppa modninga, seier Børve.

Etylen gjer at frukta utviklar seg, men gjer og at frukta blir gamal.

– Når frukta blir hausta, ønskjer ein at den skal halda seg så lenge som mogleg. Då må vi stoppa effekten av etylen, og det er det gassen gjer. Den tar plassen som etylen kunne hatt i frukta, og så stoppar modninga opp, forklarar Børve.

NIBIO Ullensvang, SmartFresh-prosjekt for å få norsk frukt i butikkane året rundt

Forskar Jorunn Børve ved Nibio meiner SmartFresh er ein fruktrevolusjon.

Foto: Tale Hauso / NRK

Grøne etter ti dagar i romtemperatur

Noko av frukta har stått i eit rom med gassen i eit døger, anten rett etter hausting eller seinare.

Etter lagring ved låg temperatur har frukta stått i eit rom med «butikktemperatur» på rundt 20 grader i ti dagar.

På den måten kan ein sjå korleis frukta modnar seg, og for å sjå forskjellane mellom dei behandla og dei ubehandla.

Resultata viser at dei pærene som har blitt behandla med SmartFresh er framleis grøne, medan dei som er ubehandla har blitt gule og godt modne.

– Sjå her. Eg er så nøgd. No har desse stått ti dagar i varme og det er skikkeleg store forskjellar her, seier Børve.

  • Ina Nordgreen Dahl

    Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

    Ina Nordgreen Dahl

    -Eg synest dei norske epla er veldig gode, så det kjøper eg meir enn gjerne. Men eg skulle gjerne blitt informert litt meir om denne behandlinga, men eg føretrekkjer norsk.

  • Erik Wagner-Larsen

    Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

    Erik Wagner-Larsen

    -For meg er pris viktig. Om prisen er for stor, så vel eg det som er billigast, men normalt så tek eg norsk frukt.  Men eg er litt skeptisk til denne behandlinga.

  • Ingeborg Aasgaard

    Gerd Johanne Vatne Braadland / NRK

    Ingeborg Aasgaard

    -Eg har lagt merke til at frukta held seg lengre. For eg har kjøpt mykje norsk eple, og dei held seg veldig godt. Eg kjøper gjerne norsk frukt også i januar om det er i butikkane.

Allereie i butikkane

Gassen har blitt brukt i USA i meir enn 25 år, og i Europa har det vore i bruk i meir enn 20 år.

I fjor godkjende Mattilsynet bruken i Noreg.

Dette gjer at du som forbrukar vil sjå norsk frukt i butikkane også etter jul og i lengre tid framover enn tidlegare.

Alle dei åtte fruktlagera i Noreg har nemleg tatt i bruk behandlinga i år.

– Så dei epla som ein finn i butikkane no i haust og i vinter, er behandla med SmartFresh, seier Børve.

– Kan ein smaka at ein har brukt SmartFresh?

– Ja. Dei smakar friskare. Det er sprøare eple og høgare syreinnhald. Difor smakar dei meir som nye.

NIBIO Ullensvang, SmartFresh-prosjekt for å få norsk frukt i butikkane året rundt

Hos Nibio Ullensvang sjekkar dei både størrelse, farge, sukkerinnhald og syre på epla.

Foto: Tale Hauso / NRK

Må skje på riktig tidspunkt

Nibio har allereie gjort undersøkingar på stoffet både på eple, plommer og pærer dei tre siste åra. Dei prøver å finne ut korleis dei ulike fruktsortane reagerer, og når ein må hausta frukta og gje behandling for å få best effekt.

– Kan dette vera farleg for oss på nokon måte?

– Nei. Gassen blir broten ned til CO₂ og vatn, som er heilt naturleg rundt oss heile tida. Det er ikkje noko nedbrytingsprodukt her.

SmartFresh blir ikkje brukt på økologisk frukt, då det ikkje er ein økologisk metode.

– Skikkeleg revolusjon

– Dette er ein skikkeleg revolusjon. Det gir oss moglegheiter til å ha frukt veldig mykje lenger enn det vi har no, seier Børve.

I dag er eplesesongen typisk frå august til oktober. Men eplesorten Rubinstep har forlenga sesongen til ut i desember, medan pæresesongen er frå september til oktober.

Fruktforskaren trur at i kombinasjon med andre teknologiar kan ein sjå for seg at vi kan gje forlenga hylleliv og vera sjølvforsynte med norske eple heile året.

– Om vi har gode sortar og lagrar dei godt og kombinerer dei med SmartFresh, så er det sannsynleg, seier Børve.

2025 var eit rekordår for norsk epleproduksjon. Salet har også vore skikkeleg høgt. Bama har auka salet med 35 prosent, frå 3860 til 5300 tonn norske eple.

Publisert 07.12.2025, kl. 22.01

Read Entire Article