– Her på kontoret går debatten høgt, seier dagleg leiar på Litteraturhuset i Bergen, Hjørdis Losnedahl.
Rundt bordet diskuterer kollegiet kva bøker som forsvarer ein plass på ei liste over dei viktigaste verka i Noreg.
Sjå kva bøker dei foreslår lengre ned.
Bakgrunnen for diskusjonen er eit forslag på Stortinget om å sette ned eit utval som skal «slå fast» kva som er dei største og beste kunstverka i norsk historie.
Fredag går høyringsfristen ut.
– Ein god diskusjon om litteratur er alltid bra. Om det skal ende opp med ein kanon, er eg ikkje like sikker på, seier dagleg leiar på Litteraturhuset i Bergen, Hjørdis Losnedahl.
Foto: Eivind Senneset– Kulturen er dynamisk. Lister er statiske
Målet med best of-lista er å gi nye og gamle landsmenn «nyttige referansar» og å «gjere tydeleg og tilgjengeleg» kva som bind nasjonen saman i ei fragmentert tid.
«I ein digital og globalisert tidsalder treng Noreg ein diskusjon om kva som er felles for heile det norske samfunnet», skriv forslagsstillarane frå Høgre.
Venstre-politikar Jacob Nødseth seier at dei folkevalde «heller bør bruke tida på å styrke kulturbudsjetta»:
– Kulturen er dynamisk og inkluderande; lister er statiske og ekskluderande, seier han.
Når han blir pressa, har han likevel desse forslaga:
«Vinternatt i Rondane» av Harald Sohlberg
«Prosjekt Gjerdeløa» Marianne Heske
«Høst» av Bendik Riis
«Maskene» av Knut Rumohr
«Komposisjon med citron» av Ludvig Eikaas
– Eit teikn på ein kultur i krise
Tidlegare forsøk på å skipe ein norsk kulturkanon (i 2006 og 2017) fekk aldri bein å gå på, og kulturminister Lubna Jaffery (Ap) går langt i å dømme initiativet nord og ned.
Ho viser til at rangeringar og pidestallar er «ekskluderande», og at lengten etter å vedta ein «fasit» på kulturfeltet er like naiv som han er umogleg:
– Kultur blir kontinuerleg utvikla i møte mellom menneske og lèt seg ikkje «slå fast» slik forslagsstillarane ser for seg.
Litteraturprofessor ved Universitetet i Bergen, Frode Helmich Pedersen, kallar det politiske initiativet «eit teikn på ein kultur i krise».
Sjølv om han reknar seg som kulturkonservativ («i den forstand at eg meiner at det bør undervisast i kanon i norsk skole og høgare utdanning») ser han fleire problem med å lage «ei slags nasjonal pensumliste».
– Same korleis lista ser ut, vil det bli protestar.
– Og dei omsyna som ein komité må ta vil fort føre ut av det estetiske og over i det politiske eller ideologiske.
Om han likevel skal peike ut eit knippe verk, vel han desse:
«25. septemberplassen» av Dag Solstad
«Peer Gynt» av Henrik Ibsen
«Jord og jern» av Rolf Jacobsen
«Mor godhjertas glade versjon» av Jan Erik Vold
«Landstrykere» av Knut Hamsun
«Amtmandens døtre» av Camilla Collett
«Alberte og Jakob» av Cora Sandel
«Bondestudentar» av Arne Garborg
«Av måneskinn gror det ingenting» av Torborg Nedraas
«Seint rodnar skog i djuvet» av Olav H. Hauge
«Garman og Worse» av Alexander Kielland
«Vår ære og vår makt» av Nordahl Grieg
«Ved vebande» av Olav Nygard
«Erasmus Montanus» og «Jeppe på Bjerget» av Ludvig Holberg
«Sjur Gabriel» av Amalie Skram
«Synnøve Solbakken» av Bjørnstjerne Bjørnson
Foto: Nasjonalbiblioteket«En fallitt» av Bjørnstjerne Bjørnson
Foto: Nasjonalbiblioteket
– Eit verdikonservativt og nasjonalistisk prosjekt
I eit skriftleg svar til Stortinget viser kulturministeren til at sjølve kanoniseringa gjerne utartar til det motsette av hensikta (ikkje samling, men kamp og splitting), og at kostnaden («160 millionar kroner») er for høg.
Jonas Fæste Laksekjøn / NTB
Lubna Jaffery, kulturminister
Eg meiner det ikkje er god bruk av fellesskapsmidlane å drive statleg autorisert verksforvaltning, med tilhøyrande byråkrati, til denne prisen.
Jacob Nødseth (V), hovudutvalsleiar for kultur, idrett og inkludering i Vestland
Kulturen er dynamisk og inkluderande; lister er statiske og ekskluderande. Kulturpolitikarane på Stortinget bør heller bruke tida på å styrke kulturbudsjetta.
Solrun Toft Iversen, teatersjef på DNS
Diskusjonen om ein norsk kulturkanon er i seg sjølv verdifull, fordi han synleggjer korleis kunst og kultur formar både fellesskap og identitet. Det viktigaste er kanskje ikkje å lande ein fasit, men å løfte fram samtalen om kva som rammar inn liva våre, og kva verk som har følgt oss gjennom generasjonar.
Musea i Sogn og Fjordane
Jan Heggheim, direktør for Musea i Sogn og Fjordane
Vi er redde for at ein nasjonal kulturkanon snevrar inn kulturarven vår, i staden for å framheve det dynamiske og levande. I dei landa som har innført ein slik kanon er der slett ikkje noko eintydig god oppslutning om tiltaket. I dansk offentlegheit vert det snakka om statleg smakspolitikk med partipolitiske overtonar.
Sebastian Kvamsdal Kaasa, dagleg leiar i Memoar
Dette forslaget er uinspirert, uinteressant og unødvendig. Ei slik liste over dei «viktigaste verka i Noregs kunst- og kulturarv» kan berre vekke ein reaksjon: «å ja, det ja». Derfor støttar eg ikkje dette byråkratiske forslaget som ytterlegare politiserer kunst og kultursektoren.
Frode Helmich Pedersen, litteraturprofessor ved Universitetet i Bergen
Tidlegare var det liten diskusjon om kva som var kanon. Alle var, i alle fall omtrent, einige om kva verk som høyrde heime der, med visse mindre variasjonar. Når ein vil sette ned ein komité for å lage lista – kanon er alltid ei liste – er det eit teikn på ein kultur i krise.
Olav Øyehaug Opsvik, direktør i Nynorsk kultursentrum
Norske kulturkanonar bør vere ein kontinuerleg samtale i media og kulturlivet – ikkje ei statleg oppgåve.
Fleirtalet rundt bordet på Litteraturhuset i Bergen konkluderer på same vis:
Noreg har allereie eit levande ordskifte om klassikarane, og treng ikkje eit «verdikonservativt og nasjonalistisk» forsøk på å koke dette ned til ei statsautorisert liste.
– Men ein open og god diskusjon om litteratur er alltid bra, presiserer Losnedahl.
Sjå kva bøker ho vil kanonisere under:
«Septologien» av Jon Fosse
«Dropar i austavind» av Olav H. Hauge
«Hellemyrsfolket» av Amalie Skram
«Av måneskinn gror det ingenting» av Torborg Nedreaas
«Niels Klim» av Ludvig Holberg
«Jeppe på Bjerget» av Ludvig Holberg
– Arbeidarpartiet ser ikkje alvoret
Stortingsrepresentant Haagen Poppe (H), som står bak forslaget, svarer at han har støtte frå nok kulturkonservative kollegaer på Stortinget til at eit fleirtal er innanfor rekkevidde.
Han legg til:
– At Arbeidarpartiet stiller seg imot dette initiativet, viser etter vårt syn at dei ikkje ser alvoret i tida vi står i.
– Vi treng fleire felles referansepunkt og anker i samfunnet. Ein kulturkanon vil bidra til dette, og eg trur stortingsfleirtalet er einige.
– Korleis Arbeidarpartiet har komme fram til at dette skal koste 160 millionar kroner, er uforståeleg. Om Arbeidarpartiet ønsker å gjere dette dyrt, får det stå for deira eiga rekning, seier stortingsrepresentant Haagen Poppe (H).
Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRKStortinget tar endeleg stilling til forslaget i februar neste år.
I mellomtida har Minerva og Klassekampen kåra høgre- og venstresida sin kanon.
Direktør for Nynorsk kultursentrum, Olav Øyehaug Opsvik, støttar impulsen bak forslaget. Iallfall eit stykke på veg.
– Det er behov for ein god offentleg samtale om kva som rører seg i norsk kultur i ei tid der små, sjølvstendige nasjonalstatar som Noreg blir pressa frå fleire hald, seier han.
– Men det bør ikkje vere ei liste som ein statleg autoritet skal stemple som «dei viktigaste» verka.
Dette er forslaga hans:
«Fuglane» av Tarjei Vesaas
«Ord over grind» av Halldis Moren Vesaas
«Ferdaminne» av Aasmund Olavsson Vinje
«Nordmannen» av Ivar Aasen
«Å eiga» av Aslaug Vaa
Publisert 11.12.2025, kl. 19.27















English (US)