Full fyr i einebustad i Bergen – fare for spreiing til andre bustadar

1 month ago 19



Kl. 14.32 melder politiet om brann i ein einebustad Setervegen i Rådal i Bergen.

Brannen skal ha starta garasjen og vidare spreidd seg til einebustaden.

Alle bebuarar har kome seg ut, melder politiet.

– Det er fare for spreiing til andre bustader, seier Christer Skei i 110 Vest etter den første meldinga om brannen.

Brannvesenet starta sløkking på staden kl. 14.41. Kort tid seinare melder politiet at huset er totalskadd.

Tre nabohus er evakuert. Førebels skal det ikkje vere spreiingsfare til desse bustadane.

Setervegen er sperra inntil vidare.

Det brenner i ein einebustad i Rådal i Bergen.

Publisert 01.06.2024, kl. 14.42 Oppdatert 01.06.2024, kl. 14.57

Read Entire Article