– Full forståing for ønsket om å rakke ned på Bergen

2 hours ago 1



Trass i vakre ord om Stavanger og Rogaland blir debutromanen til Mette Paust-Andersen for monoton og grå.

Mette Paust-Andersen frå Stavanger har skrive romanen «Eller havet». Foto: Linn Heidi Stokkedal/Bonnier forlag

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

 3 out of 6

Mette Paust-Andersen: «Eller havet». Roman. 160 sider. Bonnier forlag.

I februar 2024 var eg og mannen min på helgetur til Bergen. Ikkje berre var det kaldt og regntungt, men det viste seg at bergensarar kun besøker museum på sommaren og at fleire turistattraksjonar var stengde. Me enda dermed opp med å oppleva pingvinmating i Akvariet mens det hagla sidelengs. I ettertid har me sagt til kvarandre opptil fleire gonger: “Det er godt me ikkje bur i Bergen”.

Akkurat den setninga trur eg hovudpersonen i «Eller havet» er einig i. Den namnlause hovudpersonen har flytta mykje rundt og budd både i Stavanger, Danmark og nå i Bergen. Ho har barn og ektemann og har kjøpt seg eit oppussingprosjekt, men likevel klarer ho ikkje å føla seg heime i Bergen. Ho vil heim til Stavanger, heim til foreldra og mormora og “de lave steingjerdene, trehusene, de nakne trærne, sjøen og himmelen, i horisontale bånd”.

Hovudpersonen lengtar så mykje heim at ho blir deprimert. Det går utover forholdet til barna og mannen. Han har familie og eit sosialt liv i Bergen og ikkje vil til Stavanger. Romanen er sterkt prega av at hovudpersonen føler seg rotlaus og heimlaus. Det er stadig refleksjonar om kva som eigentleg er ein heim og korfor ho ikkje klarer å gjera det beste ut av der ho er.

Dessverre er òg dette alt denne romanen er. Det er ikkje så mykje meir. I den grad det er ei handling, blir den driven fram av montasjar frå kvardagslivet, små augneblink skildra i korte setningar. Romanen har ein slags rytme som blir gjentatt og gjentatt, men dessverre blir denne rytmen etterkvart monton når hovudpersonen igjen og igjen vender tilbake til eigne depressive og mørke tankar.

«Eller havet» er skriven i både første og andre person. Mens “eg”-personen er hovudpersonen frå Stavanger, er “du” mannen hennar. Dermed blir ikkje romanen berre ei fortelling om hovudpersonen si heimlengt, men òg eit slags klagebrev til ektemannen hennar. Å skriva ein roman ikkje berre om ein person, men til ein person kan tilføra nærleik og intimitet, men eg sit òg igjen med ein tanke om at det ikkje nødvendigvis tilfører noko. Eg veit ikkje om dette grepet gjer boka betre eller om det av og til kan verka meir forstyrrande for lesaren.

Paust-Andersen har ein god penn, og det skin gjennom teksten. Då eg las dei første sidene kjente eg med ein gong på ein slags fellesskap med hovudpersonen. Eg har òg budd på fleire ulike adresser i fleire ulike land på få år, og eg har òg møtt så mange personar at eg får ei kjensle av at «barndomsvenner bytter ansikt med nye naboer i nye gater, bytter ansikt med studievenner, med folk i et kollektiv, med kollegaer, noen fra en bar, venner av venner».

Når eg går tilbake og les dei første sidene, blir eg minna på korfor eg fekk store forhåpningar i starten. Dessverre forsvinn desse gjenkjennelege og levande skildringane og blir erstatta av det meir monotone og grå.

For all del, eg har full forståing for ønsket om å rakke ned på Bergen, men til og med for meg kan det bli i meste laget. Sjølv om handlingstomme og stilleståande bøker ofte kan oppfattast som poetiske, kan fleire av dei òg tippa over til å bli, ja, litt kjedelege. Det er utvilsamt både talent og skriveferdigheiter å bygga vidare på i Paust-Andersen sitt forfattarskap, men “Eller havet” er ikkje den debuten eg håpte på.

Publisert:

Publisert: 10. november 2025 20:34

Read Entire Article