Fryktar reiselivet vert mjølkeku for fattige kommunar

1 day ago 4



– Det vert opplevd som ekstremt urettferdig. Berre for dette hotellet vil skattebyrda bli på 2 millionar kroner. Marginane i bransjen er allereie små.

Maud Haldorsen er irritert. Hotelldirektøren for fire hotell i Bergen fryktar at ein turistskatt skal gjere at dei taper konkurransen om dei reisande.

Lovforslaget som er på høyring no vil gje kvar kommune mogelegheit til å krevje inn ein avgift på inntil 5 prosent for kvar overnatting.

Haldorsen seier deira gjester ikkje treng toalett og annan infrastruktur som turistskatten er tenkt å skulle finansiere.

– Dessutan står det jo fram som om dei pengane vil kunne bli brukt til kva som helst, meiner Haldorsen.

Thon hotel Stavanger midt i sentrum blir mottak for flyktninger fra Ukraina.

NHO Reiseliv fryktar hotellnæringa vil tape på turistskatt. Her eit hotell som ligg i Stavanger.

Foto: Øystein Otterdal / Øystein Otterdal

Advokatar kritiske

Det fryktar resten av bransjen også. NHO Reiseliv har fått advokatfirmaet Selmer til å gå gjennom regjeringa sitt forslag til turistskatt.

Dei er kritiske, særleg til at det ser ut til at det ikkje er sterke føringar på at turistskatt skal brukast til turismen.

«Regjeringa har valt å forme lovforslaget slik at kommunane i realiteten vert gjeve moglegheita til å bruke inntektene frå overnattingsavgift på kva dei måtte ønske», skriv advokatane.

Advokat Stian Berger Røsland seier det er stor skilnad på intensjonen i høyringsnotatet, og lovteksten som no vert presentert.

NHO turistskatt

Den tidlegare Høgre-politikaren Stian Berger Røsland er no partnar og advokat i Advokatfirmaet Selmer.

Foto: Tom Balgaard / NRK

I utgangspunktet skal inntektene vere øyremerka infrastruktur som kjem turistane til gode. Men no meiner advokatane at teksten er så vag at midla eigentleg kan bli brukt til kva kommunane sjølv vil bruke dei på.

Røsland samanliknar den nye skatten med eigedomsskatt. Altså noko kommunane sjølve kan bestemme om dei vil krevje inn, og deretter bruke som dei vil.

Dei er og kritiske til at det ikkje går å kontrollere kva pengane eigentleg går til.

På bakgrunn av dette meiner reiselivsorganisasjonen at skatten rett og slett må leggast vekk.

– Forslaget til turistskatt er eit gedigent løftebrot frå regjeringa. No må statsråden erkjenne at ho har bomma, og trekke heile forslaget, seier administrerande direktør i NHO Reiseliv, Kristin Krohn Devold.

– Det ser ut som om skatten har eit føremål; å la ei næring betale for at store deler av Kommune-Noreg er på veg inn på ROBEK-lista, meiner Devold.

NHO turistskatt

Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Lover at pengane berre skal brukast til reiseliv

Regjeringa kallar den nye mogelege avgifta for besøksbidrag.

Statssekretær Tomas Norvoll i Nærings- og fiskeridepartementet avviser at pengane kan bli brukt til skular eller eldreomsorg.

– Pengane kan berre brukast til reiselivsrelaterte fellesgode. Det kan vere å ta vare på natur, kulturinstitusjonar eller til tenester som er naudsynte fordi det kjem mange reisande.

Thomas Norvoll (Ap), statssekretær i Arbeids- og inkluderingsdepartementet.

Thomas Norvoll representerer Arbeidarpartiet og er statssekretær i Nærings- og fiskeridepartementet.

Foto: regjeringen.no

– Korleis skal de kunne kontrollere at pengane vert brukt til det dei skal?

– På same måte som all annan pengebruk. Det må gjennom ein revisjon, og rekneskapen må godkjennast.

Norvoll utelukkar ikkje at regjeringa vil spisse krava til kva besøksbidraget kan brukast på når saka skal vedtakast i Stortinget.

Magic-sjef Haldorsen meiner uansett ei ekstraavgift vil kunne bli ein katastrofe for hennar næring.

– Reisande vel kanskje å reise stader der det er billigare å overnatte. Eller så kjem dei heller med cruiseskip.

Fristen til å kome med innspel på lovforslaget er 3. januar.

Maud Haldrosen, hotelldirektør i Magic hotels.

Maud Haldorsen meiner den nye avgifta kan få alvorlege følger for dei fire hotella i hennar kjede.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Publisert 23.12.2024, kl. 15.58

Read Entire Article