Ullensvang kommune kjøpte rasutsett hus

12 hours ago 12



– Det er veldig snilt og kjekt at dei faktisk har lyst til å hjelpe oss, når me stod i ein veldig vanskeleg situasjon, og ingen andre ville eller kunne, seier Inger Marie Tjordal.

I april 2023 blei ho, sambuaren Frode Høyland og dei to sønene Noah og Oliver vekte av steinar som hagla mot huset deira i Tyssedal.

Steinras

Steinraset la frå seg ei støvsky då det gjekk nedover frå Tveitanuten.

Foto: Dagfinn Lutro

Bileta Inger Marie Tjordal tok, vitna om store skadar etter raset frå Tveitanuten.

Faren for nye ras, med såkalla flogestein, var så stor at familien måtte flytte. Sidan har dei ikkje kunne bu der. Dei har fortalt om ein fortvila kvardag der ingen forsikringar dekka deira tilfelle.

– No har me halde på sidan april i fjor. Med kommune og alle instansar, NVE, NGI, ja alle som skulle ha hjelpt oss. Forsikring, naturskade og alt saman. Og ingen av dei tar ansvar, seier Høyland.

Inger Marie Tjordal ved det tomme huset på Tveitahaugen, Tyssedal

Familien Tjordal Høyland fekk ikkje bu i trehuset frå 1905. Det var ikkje trygt.

Foto: Tale Hauso / NRK

Familien kjøpte seg eit hus i september i Tyssedal i fjor, då dei trudde alt skulle gå i orden med hjelp frå Naturskadefondet, men plutseleg stod dei att med to huslån.

– Systemet er så feil, at når me blir kasta ut, så slår ikkje forsikringa inn, eller Naturskadefondet inn, seier Tjordal.

No har Ullensvang kommune kjøpt huset for 2,5 millionar, skriv Hardanger Folkeblad.

Ville hjelpe

Ordførar Roald Aga Haug i Ullensvang kommune stadfestar at kommunen har kjøpt huset.

– Familien sto i eit uføre der dei ramla mellom alle stolar. Dei fekk ikkje forsikringspengar frå Naturskadefondet eller noko som helst. Då gjorde kommunen noko som ein normalt sett ikkje gjer, og ein løyste ut huset.

Kommunen kjøpte huset og har påtatt seg ansvaret for å sanere det og ta vare på tomta. Huset skal altså rivast.

Ordførar Roald Aga Haug i Ullensvang kommune.

Roald Aga Haug er ordførar i Ullensvang kommune.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det har ein kostnad på ein million kroner å rive det, viser taksten, og den kostnaden tar kommunen på seg, seier Aga Haug.

– Er dette noko nytt kommunen har begynt med, at de kjøper opp hus som ikkje er mogleg å bu i grunna vêrskifte ein har med klimaendringar?

– Nei, dette var ein veldig spesiell situasjon. Geologane har konkludert med dei ikkje kan bu der, men sidan huset ikkje har blitt skadd, så fekk dei heller ikkje ut erstatningspengar for huset, seier ordføraren.

– Kan bli skummelt

Aga Haug fortel at administrasjonen valde å innstille på at familien skulle få hjelp, og deretter vedtok kommunestyret planen.

Han seier familien kjøpte seg eit anna hus i ei god tid i forkant av kommunestyret si behandling.

– Dei sto eigentleg med to store huslån, og har nok kome dårleg ut av det uansett. Men, kommunen har iallfall i ei viss grad lindra uføret dei har kome i.

Huset og Tveitanuten

Huset var ikkje mogleg å bu i lenger.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kommunen han er ordførar i, har den siste tida vore utsett for vêr og vind som har råka hardt både hotell, hus, og vegar. Han fryktar korleis det kan gå framover for dei som kan hamne i liknande situasjon som familien i Tyssedal.

– Me kan få utfordringar framover, men meiner nok at staten må ta eit større ansvar, og at kanskje reglane må endrast sånn at forsikringsselskap må betale ut erstatning i eit slikt tilfelle som dette, der familien absolutt ikkje kan bruke huset sitt, men blir sittande med det og alle forpliktingar på det.

Vil få endra loven

Først i byrjinga av november i år kjøpte kommunen huset familien hadde flytt ifrå.

Dei fekk ikkje den fulle summen som huset var verdt, og det gamle huset kan dei sjå frå det nye. Sjølv om dei har fått god hjelp, meiner dei det framleis er ein systemfeil.

Inger Marie Tjordal og Frode Høyland i det nye huset sitt.

Inger Marie Tjordal og Frode Høyland har kjøpt nytt hus, men ønsker å få forandra lova.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Me trudde jo at når du blir kasta ut av hus og heim, skulle alt bli servert på et sølvfat. Og plutseleg så seier forsikringa: Nei, det er ikkje oss, det er naturskade. Og så sender vi den til Naturskadefondet, og alle regner med at det skal ordne seg. Og så er ikkje det godt nok heller.

Dei har prøvd å få påverka og forandra loven, slik at denne skal gjelde slike som dei, som blei ramma av flogestein. Det vil ha lita nytte for dei. Lover har ikkje tilbakeverkande kraft, blir dei fortalt.

– Sånn sett er det jo veldig kjekt at kommunen kom på banen. Bismaken er det at me har jo ikkje fått det huset verdt, og det er ikkje kommunen sitt ansvar. Me har fått halv takst, og det er «OK, take it and leave it». Me kunne sagt nei, men då hadde vi stått tilbake til null.

Publisert 24.12.2024, kl. 17.50

Read Entire Article