Fryktar mann er omkomen etter brann i Hyllestad

1 hour ago 3



Ein mann er sannsynleg omkomen i ein husbrann i Sørbøvåg i Hyllestad laurdag kveld.

Bustaden vart overtent og spreidde seg til ein bubil.

– Det var i ferd med å bli overtent i det dei første brannmannskapa kom fram, og dei fekk ikkje søkt gjennom heile huset før det vart overtent, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen

Mannen melde sjølv frå om brannen litt før klokka 21, i ettertid har ikkje politiet klart å kome i kontakt med han.

Pårørande er varsla.

Politiet opplyser at mannen, som var aleine i huset då brannen oppstod, vart beden om å gå ut av bustaden. Så vart telefonlinja broten, og nye forsøk på å få kontakt lukkast ikkje.

Då første patrulje kom fram vart det gjort forsøk på å finne han rundt huset. Samstundes vart det gjort nye forsøk på å nå han på telefon.

Mannen som bur i Sørbøvågen i Hyllestad varsla sjølv naudetatane laurdag kveld.

Brannen utvikla seg fort

Like før midnatt hadde brannmannskap kontroll på brannen, men huset er å rekne som totalskadd.

Gjennom natta har det gått føre seg ettersløkking. Brannmannskap var ferdig på branntida rundt klokka 05 natt til søndag.

Utover dagen søndag er det venta at politiet vil gjere vidare undersøkingar på branntomta, det er no starta etterforsking.

– No er det vakthald der oppe, og så vil det – så snart det er praktisk mogleg – gjort vidare søk der. Men når det blir, og på kva måte, det er ikkje heilt avgjort enno, seier Dahl-Michelsen.

Årsaka til brannen er ikkje kjend.

Publisert 15.03.2026, kl. 08.38

Read Entire Article